søndag 31. mars 2019

Velkommen til Aprilmøtet!!

Då er vi vel snart klare for å møtast igjen??

Tysdag 2.april  kl 18.30 møtest vi til ein triveleg kveld i lag, og denne gongen skal vi kose oss med å lage fin påskepynt!!


Synnøve har laga modeller, flotte "Påskeharekorger", ho har sett sammen ulike ideer til mønster som de får og ho har teikna eit fint ansikt til haren som er brodert! Dette skal bli veldig flott påskepynt i mange hus og hytter!!


Vi starter opp med stitchery på ansiktet, men ta med deg symaskin for å sy resten. De kan avtale litt med kvarandre om å "dele på maskin", det er ikkje så mange saumar, så det går nok fint.

Her er materialliste:

·      Matpapir, - Til å teikne av mønster.
·      Rissepapir /overføringspapir/ kalkèrpapir, - til å risse av/ kopiere broderimønster ( auge munn m.m)  til linstoffet.
·      Lin eller Halvlin 30 cm x heil stoffbredde.
·      Bomullstoff 30 cm x heil stoffbredde til fòr,- innside korg.
·      Strykeinnlegg, stablisator til bakside lin. Kan evt bruke tynn vatt med lim 
        2stk. ca. 25cm x 30 cm.
·      Ein liten bit vlisofix til nase/ snute, ca. 5cm x 3 cm.
·      Broderigarn
·      Broderinål
·      Saks og evt. skjere utstyr.
·      Blyant, pen el.
·      Symaskin med sytilbehør, om ein ikkje vil sy ferdig korga heime.

-->
Ein må først brodere og applikere på auge , munn, snute og følehår før ein syr ferdig korga på symaskin. 


Som vanleg vert det på møtet:


  • Sybutikken Primula Design med fine vårvarer!
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Kaffipause med noko attåt!

Vel møtt!


søndag 24. mars 2019

Bilder frå marsmøtet!

Høner og påsketema var i fokus på dette møtet, og vi lærte å lage små høner sydde over papp og trekanthøner. Dekorative til å henge opp i vindu/greiner.












Mange hadde også teke med seg høner og påskeharer til utstilling!










Mykje fint å sjå på "Vis og fortel"!



"Rebell-tepper!"

 Ett stort over og veggtepper under!



 Sunnmørsbunad under arbeid, nydelig brodert av Solfrid !!




 Stor og liten løper!



 Fargerike blokker med "Tula Pink" stoff, mønster frå boka 100 Modern  QuiltBlocks!

Nydelig teppe !

 Flott og fargerikt teppe, Elin`s "Moderne mormor"! Du kan lese meir om den på Allmomasquilt!





 Løper frå Myquilt 1-13, den er under arbeid!
 Modell frå Primula Design, her er det brukt ein sirkelkniv!



 Flott løper, mønster får du hos Primula Design!




 Frå kurs på Vestlandstreff 2015, "Raw edge" med Tamara Schultz.


 ...og jula varer heilt til påske!! Torunns mange smålapper vart eit nydelig tre!!

Mange fristande varer i butikkhjørnet til Sybutikken Primula Design!!







Takk til matverter for mykje godt til kaffipausen!!