søndag 30. juni 2019

Invitasjon til syhelg i Vedvik!!

Vi ber om at medlemmane våre sjekker eposten sin!! 

Det er sendt ut invitasjon til syhelga i Vedvik som vi arrangerer helga 31.8 og 1.9.
Vi har berre kjekke erfaringar frå dei to tidlegare helgane vi har hatt der, så no gler vi oss til å samlast ute ved havet igjen!

Vedvik er markert med kvit tekst på bildet!


Vi kjem til å ha same opplegget som sist der vi leiger lokale i grendahuset, vi har med "korgamat" som blir eit flott spleiselag, sosialt samvær om kvelden der klubben spanderer mat. Drikke må medlemmane ta med sjølve.

Om nokon treng overnatting, så står det info om dette i eposten. Det går også fint an å køyre til og frå begge dagane, og er det nokon som har høve berre eine dagen, så går nok det også.

Det vert ikkje kurs denne helga, med vi legg opp til dette:

  • Du kan sy på akkurat det du vil, kanskje gjere ferdig noko eller starte eit nytt prosjekt??
  • Samsying laurdag: Klubben har kjøpt boka "100 modern quiltblocks" av Tula Pink, vi tenkjer oss at vi samarbeider om å sy nokre blokker. Blokkene er til eige bruk sjølvsagt, men det er alltid kjekt å sjå dei same blokkene i ulike stoff!
Søndag: Vi legg opp til å lære frå oss tips til restesying, vi viste noko av det på junimøtet.  Vi reknar med det er litt rester etter syinga laurdag, men elles så må de ta med restekorga dåkka!! Der er utruleg mange skatter gøymt, så no kan du få tips om kva det kan bli av dei!                                           Elna viser korleis vi kan sy fine toalettvesker av rester, så ta med deg glidelås i ulike fargar og lengder og vatt. Har du små ufoar eller blokker som kan passe til å montere i dette, så ta det med! Og så lærer vi av kvarandre litt tips om korleis vi syr i glidelås, så husk glidelåslabben!!




Desse 3 bilda over her er sydde av Elnas rester!!!

Synnøve og Mariann viser kor enkelt du syr eit midtfelt på ein løper, crazy og enkel sying, ingenting treng å være beint før vi skal montere!! Om du har veldig mykje restar i korga di, så kan det kanskje være lurt å sortere litt i fargane dine! Då ser du kanskje kva det kan bli, og kanskje supplere litt med nye stoff??



Primula Design vil stille med stoff, men om det er noko spesielt du treng, så må du ta kontakt med butikken i god tid før syhelga!!

Klubben har med to strykebord, to skjæreplater og to strykejern og skøyteledningar.

Då vil vi ynskje alle medlemmane våre GOD SOMMAR og velkomne til ei herlig syhelg ute ved havet!!



søndag 23. juni 2019

Bilder frå junimøtet!

Junimøte og sommaravslutning, det betyr alltid at mange kjem for å ha ein trivelig kveld i lag.


Og det vart det! Og det kom så mange at parkeringsplassen vart full, flaks då at husvert var der og dirigerte!!



Alle fekk utdelt stitcherymønster til ein enkle blomst, og med utfordring om å sy ei nålepute av motivet som skal være med på "Vis og fortel" på septembermøtet!
Det var mange ivrige rundt borda som begynte på blomsten! Det skal bli artig å sjå kor mange varianter som blir laga rundt denne blomsten!!














 SOLBRILLEETUI stod også på agendaen, og nokre prøvde seg på dette, alle fekk mønster og Mariann hadde laga modellar, sjå forige innlegg. Til å kante etuiet trengs det skråband, og Mariann viste korleis ein lagar egne skråband av eit kvadratisk stoff. Av eit kvadrat på  11x11 inch, så får ein ca 2 m  skråband med bredde 1,5 inch.







Ein video på Youtube forklarer dette enkelt!!
 




"Vis og fortel" denne gongen vart organisert ved å lage utstilling for oss sjølve. På snorer langs veggane vart det hengt opp mange flotte arbeid som vart beundra heile kvelden.














































 

 Primula Design hadde med godt utval av stoff og tilbehør, stor takk til butikken v/Ingun for at ho gjennom heile året tek med seg varer på møta våre! Av ein merkelig grunn, så vart desse bilda veldig dårlige, beklager det!





 Må berre nemne at alle desse lilla veskene er sydd av ei bukse!!! Så tingen er GJENBRUK, mange skattar ligg i skap og skuffer folkens!!

















God mat har vi på alle møta våre, men på sommaravslutninga har vi alltid litt ekstra. Matvertane hadde med kaffimat som vanlig, og klubben spanderte spekemat og salat med brød.








Takk til alle våre medlemmer for ein fin kveld i lag og god sommar til alle!

Minner også om at det snart kjem invitasjon på epost til syhelg i Vedvik, det kjem også eit lite innlegg med omtale her på bloggen seinare, så følg med!!