torsdag 8. juli 2021

Slik quilter du store tepper!

På heimesida til Quiltebutikken finn vi tips om korleis vi kan quilte store tepper sjølve. Teknikken kan brukast dersom teppet kan setjast sammen i delar. 

Videoen viser eit stort teppe som er delt i 3 delar.


Anne Kari viser oss steg-for-steg korleis dette kan gjerast! HER kjem du rett til videoen!

På sida til Quiltebutikken.no finn du fleire videoar der ho viser ulike syteknikkar, sjå Youtubekurs øverst på sida.

Stor takk til Anne Kari for at ho deler slike nyttige tips!


mandag 5. juli 2021

Papirsaum som sommarsying??

 Med litt regn i sikte denne veka, så er her eit tips om korleis sy papirsaum. Gratis mønster og papirmaler til å laste ned.


Mønsteret heiter "Woven star" Og du kan bruke blokka til ei brikke, løpar eller eit stort teppe!



Mønsteret finn du HER til å skrive ut.

Full forklaring til framgangsmåte finn du HER, sida til Caliquilter.com.

Lykke til!


torsdag 1. juli 2021

Eit kortreist reisebrev!

Det er midtsommar, mange av oss er på tur eller skal ut og reise litt, og kanskje samle litt inspirasjon til hobbyen vår. Sommaren er kanskje ikkje den store sesongen for å sitje inne og sy, men då er det endå viktigare å farte litt rundt og samle idear som du kan plukke fram på mørkare kveldar.

Vi som bur i Nordfjord er så heldige å ha to gode quiltebutikkar med kort avstand i mellom. På Nordfjordeid har vi Sybutikken Primula Design og på Sandane (nabokommunen vår) har vi Fantasi som  også har nettbutikk.

I dag skulle eg forbi Sandane i eit ærend, og sjølvsagt må ein då finne ærend innom Fantasi!! Og som alltid når eg spør om å få ta bilder, så er det alltid positivt svar! Det er berre kjekt å få vise fram det dei har, og i dag så lurte eg på kva som er nytt i butikken, og kva som er populært akkurat no.

Det aller første som eg fekk sjå, var ein flott løpar med enkle trekantar. Fantasi har starta med "Månadsabonnement" som dei legg ut som pakkeløysing  den 1. i kvar månad. Her er det stoff og mønster, og treng du linjal så kjøper du den i tillegg.

JULI-abonnementet: Ein enkel men stilrein løpar!





Løparen er sydd av ulike stoff frå pakken, og linjalen Spider Web er brukt.

Ny stoffserie og mønster frå Sew kind of wonderful var komt til butikken nylig, her kan vi bruke Curves-linjalen som sikkert mange har frå før.


Butikkeigaren gjekk rundt og viste meg det som var nytt og litt spennande, mange flotte stoffseriar var komt inn.


Tim Holz


Ein stor serie med Tula Pink!



Kaffe Fasett


Mønsteret under her er inspirasjon til denne flotte løparen, 
linjalen Super Sidekick er brukt.



Mange fine panel var å sjå i butikken, dette under har motiv "Utedass"!  :)  Kanskje dette kan være noko som er aktuelt å sy i sommar til nokon som har hytte med utedass!!

Håpar no at  nokon no vart inspirert til enten å besøke butikken/nettbutikken eller å sy noko.
Desse lokale butikkane er gull verdt for oss quiltarar  fordi dei både gjev gode sytips, har modeller og kan hjelpe deg med fargeval. Støtt dei når du er ute på reise, og finn du ikkje ut kvar dei er, spør på ei av quiltesidene på Facebook, eller på vår side,  så får du hjelp!

God sysommar, fleire reisebrev kjem kanskje av underteikna eller frå dei mange medlemmane våre!

Helsing Mariann L. Hatlenes