
Så er vi i mål med forsøket vårt
"Maratonlaurdag". Og vi som møtte fram var veldig fornøgde! 9 stk var innom og kosa seg med kvar sine prosjekt, litt niste, og det dukka opp god kaffimat som vanlig. Nokre sydde på UFO-ar, andre var midt i ein prosess og samla alle rundt arbeidet sitt for å få gode råd. Med andre ord ein herleg laurdag der alle kunne styre på i sitt eige tempo i lag med andre likesinna.

Vi kjem til å gjenta dette seinare ein gong, og då håpar vi at fleire vil delta. Bilda viser litt av det som gjekk føre seg under labben....
Dette frister til gjentakelse.Må berre ha litt meir arbeid å ty til når noko ikkje går heilt etter planen.
SvarSlett