I
A-magasinet som kom ut i går 10. mai var desse fantastiske bilda. Det var ikkje noko innlegg om patchwork vel å merke, tittelen på artikkelen var
"Brutal bekledning", med vidare tekst
"Få motetrender har en så blodig forhistorie som klærne til herero-folket"
Bilda er tekne av dette folket i Namibia av fotografen Jim Naughten, han gav også ut ei bok i vår som heiter
"Conflict and costume". Eg skal ikkje kome nærare inn på historia i dette konfliktfyllte landet, men det viser i alle høve at kreativiteten lever uansett levevilkår.
Her har dei brukt det dei har, og dei fargerike stoffa i afrikanske land sprer nok glede opp i all elendigheita!! Nyt synet av desse høgreiste og stolte damene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar