På medlemsmøtet vårt 4.11 får du sjansen til å lære å sy ei enkel men dekorativ blokk. Sidan klubben vår er inne i eit "Stjerneår", så er det sjølvsagt ei stjerneblokk. Den heiter "Disappearing hour glass",...på godt vestlandsk vert det vel eit timeglas som forsvinn.....! Nesten då! Denne blokka kan brukast til både løparar og tepper, og vi ser på nettet at den er mykje brukt i quiltar.
Laila U P vil vise framgangsmåten, og om du vil sy denne kvelden, treng du å ta med dette:
- Symaskin
- Skjæreutstyr
- Lang linjal, helst med inchmål
- 2 kontraststoff str 10" x 10" til ei stjerne.
På bloggen til Laila, Tiril Sol, finn du også eit innlegg om denne blokka.
Her er bilder av same blokka henta frå søk på google:
Det vert også påmelding til kurset med AnnaKa som vi skal ha siste helga i november.
Følg med på innlegget her, for det kjem kanskje meir info før møtet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar