Det er kanskje litt seint å komme med ein slik stor idè som er i dette innlegget, men ein kan kanskje byrje i god tid no når ein er i førjulsstemning og få den ferdig neste år??
Denne kalendaren dukka opp på bloggen Ahhh...Quilting der det er eit langt innlegg og mange nærbilder. I farten ser dette ut som eit teppe med applikerte pakkar på, men ved nærare studie så er dette eit nøye planlagt arbeid.
- Alle pakkane har ei opning øverst, dvs. det er lommer.
- Oppi lommene er det små figurar med hempe på.
- Juletreet i midten har påsydde knappar i mange fargar, dei ser ut som lyspunkt eller julekuler, men etter kvart som dei små figurane kjem ut av lomma, så blir dei hengt på knappane på treet!
Det finst mønster å kjøpe på Craftsy, HER kjem du rett til sida, prisen er $6,95!
Om du heller vil lage din eigen variant, så er dette ein idè du kanskje kan bruke??
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar