søndag 3. november 2024

Velkommen til novembermøte!

Tysdag 5.11 møtest vi igjen, denne dagen har vi langdag og dørene opnar kl 12.  Vanleg klubbmøte er frå 18.30-21.30.

Som vanleg tek du med det du vil sy på eller kanskje noko du vil har hjelp til, kaffi/te får du, men ta med eigen mat.

Du kan til dømes sy båtblokker til fellesteppet.

I løpet av dagen/klubbmøtet vil du få utdelt eit juleinspirert motiv. Dette motivet er innafor eit A4 ark i størrelse, og det egnar seg både til stitchery og til applikasjon. Tips til bruk kan være eit motiv på ei julepute, men det er opp til kvar enkelt kva ein finn på å bruke det til. 

Om du skal ha det til ei pute, bør størrelsen på bakgrunnen være minst 30 x 30 cm. Anbefaler lys bakgrunn, og fargane raud, grøn, svart bør være veldig aktuelle både til stitchery og stoff til applikasjon.  Ta med utstyr til å overføre motiv og evt. vlisofix.

Bildet henta frå quiltinspiration.blogspot.com, tekst under her.

Amish quilts are typically created with solid, bold and saturated colors, with black used as background. This striking contrast of intense hues on black creates a vibrant, exceptional quilt. The simplicity and beauty of Amish quilts have helped to generate a new interest among contemporary quilters, who often combine Amish design with modern color combinations and quilting designs. Here is an homage to Amish quilts.

Arizona Amish by Ann Novak, quilted by Ann Novak

 

                                                    Bildet over er frå søk på internett.

Tema for klubbmøtet er:

  • Kva er Amish? Hilde E. vil fortelje om opplevingar frå sitt besøk i USA for nokre år sidan. Syr vi noko liknande no?? Ta med til Vis og fortel den som har noko i den stilen!!
  • Torunn vil vise sying av lukkekant, ta med deg symaskin om du vil praktisere!
  • Vis og fortel
  • Kaffipause, matvertar (om ikkje nokon har bytta):  Randi Rasmussen (leiar), Hilde Elvebakke, Inger Karin Starheim, Synnøve Torheim,
  • Velkommen til møte, og velkommen til nye som har lyst å sjå korleis vi har det i lag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar