Vi starta møtet med å lære korleis ein kan lage eit langt skråband av eit kvadratisk stoff. For om vi skal skråskjære på eit "vanleg" stoffstykke, så vert det mykje svinn. Haldis viste oss steg for steg, og vi høyrde mange "AHA" og "Dette var jammen lurt!".
Ein startar med å skråskjære kvadratet og sy det saman att som på bildet.
Deretter tegnar ein linjer som er breidda på skråbandet; 1,5 eller 1 1/4 inch. Deretter syr ein saman stoffet til ein ring, pass på at du treff ihop med linjene du har tegna på.
Anne Marie viste "Ålborgteppet" sitt, sydd av lappar ho vann på Nordisk Quiltetreff i Ålborg i 2012. Dette teppet kjem det ein artikkel om i medlemsbladet til Norsk Quilteforbund, enten i neste blad eller i første nr 2015. Og er du ikkje medlem der, så er det lurt å melde seg inn, medlemsbladet er innholdsrikt med artiklar og mønster og er i ny design no.
Mange flotte detaljar, sjå berre quiltinga, rundingar slik som i det blå/lilla stoffet.
Primula Design hadde med seg ein velfyllt og fristande butikk! Vi er svært glade for at vi har butikkutsalg på alle møta våre, ofte har vi to butikkar også (Lappestua Eid), dette er vi kanskje åleine om i landet??
Dette teppet med mønster frå MyQuilt har Anne Marie sydd, meir bilder kjem i eit eige innlegg.
Eit lite juletips,..måtte berre få bli med, for desse hekla skøytene på ein binders var no geniale!!!
Baksida er også dekorativ, så løparen kan være vendbar!!
Dette er Lemoyne Star blokker.
Ein lur detalj på bildet over, for om veska opnar seg for mykje, så sett inn ein lapp som stengjer!!
Nydelege tepper sydd av Randi R.
Under ; endå ei kreativ veske av Randi R.
Bildet over; frå kurs med Ati Ham Saas, Solfrid har sydd dette.
1 kommentar:
Så många vackra saker ni har gjort!
Legg inn en kommentar