Viser innlegg med etiketten info. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten info. Vis alle innlegg

lørdag 8. januar 2022

Våren 2022!

 Her er terminlista vår for våren 2022! Vi håper på mange kjekke møter med tema som er interessante for våre medlemmer. Lista ligg også i feltet til høgre på sida her.

4.1 Januarmøte

14.-16.1 Kurs v/Siv Smørdal "Kunstnerisk leik"

1.2 Februarmøte, Sy i lag-dag der dørene opnar kl 12. Vanleg klubbmøte kl 18.30.

1.3 Marsmøte Tema "Decoupage"

4.3-6.3 Årsmøtekurs v/Helle Løwenskiold

5.3 Årsmøte

2.4 Regionstreff på Nordfjordeid

5.4 Aprilmøte Tema "Fuglar", Sy i lag-dag der dørene opnar kl 12. Vanleg klubbmøte kl 18.30.

3.5 Maimøte Tema ikkje bestemt enno

7.6 Junimøte Tema ikkje bestemt enno


Når det vert letta på coronatiltaka, vert det sett opp matvertar på møta.

Vi ynskjer også nye velkomne til klubben vår, kom gjerne innom på eit møte for å sjå korleis vi har det. Ein treng ingen forkunnskap for å være med, kun interesse for å være kreativ med stoff!! Og vi er mange som vil dele erfaringar og tips!




søndag 22. mars 2020

Medlemsmøte i ny form!

I desse dagar når mange av oss har heimekontor og unngår andre når vi går ut, ja då må vi være kreative!

Vi som har denne kjekke hobbyen vår, kan sy i veg, men det er også kjekt å sjå kva andre gjer og bli inspirert. Ikkje får vi vist det vi held på med heller!!!

Så då har vi gjort ein vi så vi får ha møte likevel, på ei nyoppretta Facebookside for medlemmane våre! No veit vi at vi ikkje når 100% av medlemmane, men detter er det nest beste vi kan få til!

Dette bildet vert liggjande som heading, utsnitt av ein nydelig pose som Gitte har laga.


Alle har no fått med seg at aprilmøtet er avlyst, men ikkje heilt...…
 for no tek vi møte på denne nye sida tysdag 7.4 kl 20-21!  Det kjem ny info om dette når det nærmar seg, men du kan iallefall begynne å planlegge til denne dagen!

Då tek vi "Vis og fortel" der vi håpar at så mange som kan, vil vise eitt eller anna ein har laga eller held på med. Men dessverre så må du holde deg med kaffimaten sjølv!!




Sida er publisert, den er lukka og vi er snart i gang med å invitere medlemmane inn i gruppa vår. Men OBS! Sjekk om du har fått venneforespørsel frå Mariann, godkjenn den så du kan leggjast til!
Og det er berre å ta den i bruk!! Alle kan lage innlegg på sida, og om nokon er på Facebook men ikkje invitert inn, så må de ta kontakt!!

Vi gler oss til aktivitet på sida.

lørdag 18. februar 2017

Vestlandstreff 2018!

Siste nytt henta frå Facebooksida til Olaug Sleveland Johansen i Lappemakerne:

Vestlandstreffet for 2018 vil bli arrangert i Rogaland. Jæren Quiltelag og Egersund Quiltelag har besluttet å samarbeide om arrangementet. Vi håper at vi skal klare å lage et treff hvor vi kan møtes fra hele Vestlandet til hyggelig samvær og kose oss med hobbyen vår. Vi tar sikte på 2. helg i oktober, reserver helgen allerede nå !! :-) Vi skal forsøke å holde dere informert og kommer med mer informasjon etter hvert som vi har noe å melde.



Logoen til Egersund var ikkje tilgjengeleg sidan det er ei lukka Facebookside.

Vi gratulerer dei med ei flott avgjerd, dette er med på å holde liv i denne tradisjonen med å samlast til læring og inspirasjon.


onsdag 28. desember 2016

Romjulsinfo!

No i romjula har Torunn sendt ut info til alle medlemmer med registrert epostadresse. No viser det seg at det er fleire som ikkje har fått eposten sjølv om vi har oppdatert adresse.

Ber difor om at dei som ikkje har fått epost kontaktar Torunn på epost torunn@solihav.no eller på mobil 95924701.
(obs....dette er ikkje Torunn!!, men ho lurer på om du har fått epost!!)

Elles så er no vårprogrammet komt på plass på høgresida på bloggen her. Sjå kor mykje kjekt vi skal gjere og merk deg når du skal vere matvert. Om det viser seg at dagen du skal vere matvert, byter du med nokon ein annan dag, lurt å vere tidleg ute no!!

torsdag 28. januar 2016

Takk til Lappestua-Eid.

Laurdag 23.1 hadde Lappestua-Eid sin siste opningsdag. Då vart det laga eit kort innlegg på Facebooksida vår, men ikkje her på bloggen.

Butikken har halde oss medlemmar med eit godt utval av stoff og utstyr i fleire år, trist for oss at Siv sluttar no, men sikkert eit godt val for henne.

Det er likevel godt å vite at ho vil fortsetje med sal og service av Janome symaskiner, sal av utstyr og av bunadsstoff. Siv vil også være ein stor ressurs å ha i klubben vår med all den erfaring og kunnskap som ho har, og vi håpar at ho vil være kursholdar for oss seinare også.

Medlemmane og styret i klubben vil takke Siv for alt ho har tilført oss hittil og vi ynskjer lykke til med den vidare drifta!


tirsdag 13. oktober 2015

Slik finn du fram til Vestlandstreff!

Vestlandstreff 2015 går føre seg i Eid Ungdomsskule på Nordfjordeid og har adresse Skulevegen 75.


Når du kjem til Nordfjordeid på E39, køyrer du til du kjem til rundkøyringa ved kyrkja, på kartet merka med Nordfjordeid kyrkje.

Ved rundkøyringa ved kyrkja er det merka avkøyring til Sykehus, ta av dit. Køyr 50 m frå rundkøyringa og ta av mot høgre til Skulevegen. Køyr 350 m og du er FRAMME!!

Ved krysset Skulevegen står det også skilt til Vestlandstreff! Sjå etter det!


Om du vil legge inn GPS-koordinatar som Gule Sider oppgjev til Eid Ungdomsskule, finn du dei under her:


WGS84
61°54'43.1"N 5°59'13.1"E
WGS84 desimal (lat, lon)
61.911978, 5.98698
UTM32N
6868046, 341772
UTM33N
6897249, 27653
UTM35N
7043548, -589636

søndag 14. juni 2015

Artikkel nr 2 i Norsk Quilteblad!

I siste utgåve av Norsk Quilteblad finn du to artiklar om klubben. Den andre som du finn under her, handlar om kva Vestlandstreff er og blir arrangert. Historikken som er skriven, kom ikkje av seg sjølv. Litt tilfeldig vart det ein liten diskusjon og informasjonsdeling på Facebook, og det vart kontakt med dei som vart med i starten. Håpar at infoen vart rett formidla i artikkelen, og stor takk til damene som i starten laga det så kjekt til at alt berre utvikla seg til det som det er no. Vi håpar at vårt treff til hausten skal føre den gode tradisjonen med kurs og inspirasjon vidare.


Her er artikkelen:


Vestlandstreff 2015!

16.-18 oktober arrangerer Nordfjord Lappe- og Quilteklubb Vestlandstreff på Nordfjordeid. For quiltarar på Vestlandet har dette i mange år vore årets høgdepunkt i quiltemiljøet. Ja så mange år har det blitt at ein i år har 20 års-jubileum!

Historikk
Opphavet til Vestlandstreffet starta i det små på Skogbu på Bømlo i 1995. Initiativtakarane var Solveig Ottesen Blåsternes og Ingunn Espeland.  Dei hadde 4 kurs der. Då hadde dei inga aning om at dette skulle vekse seg så stort som dette arrangementet er i dag. Dei som var der, var enige om at dei måtte gjenta suksessen. Så året etter blei det arrangert på Lakseslottet i Suldal. Deretter vart det i 1997 i Bergen, på Stord i 1998. Med andre ord så sirkla det årlege arrangementet litt rundt i Hordaland før det byrja med arrangement i dei 4 Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
I 2000 kom arrangementet til oss på Nordfjordeid, neste gong her var i 2006, for så å bli arrangert for tredje gong hos oss i oktober i år.

Om treffet
Måten treffet har blitt arrangert på, har etter kvart gått inn i eit fast mønster. Her skal det være både arbeid, opplevingar og inspirasjon å hente, og det er vel akkurat det vi ynskjer å møtast for.
·      Det er som regel rundt 10 kurs  som går samtidig på eit lite område; td i ein skule, eit hotell og liknande. Nokre kurs varer begge dagane, medan det kan være fleire kortkurs; frå 3 timar til dagskurs.
·      Arrangøren har stor utstilling av eigne quiltar i lokala rundt kursa.
·      Det er gjerne fleire quiltebutikkar til stades med sal av mange ”godsaker”.
·      Demonstrasjon av symaskiner og anna utstyr er eit anna innslag.
·      Foredrag med tema knytt til quilting.
·      Festmiddag laurdag kveld med program av ulik art.

Her er som oftast alt samla på ein plass på dagtid, kurs og matservering går føre seg der, og det blir som å være i ei eiga quilteverd desse timane ein er der.

For kven?
Vestlandstreffet er ope for alle! Tidlegare var det vanskeleg å ha oversikt over kven som dreiv med quilting, då vart invitasjonane sende til quiltelag som igjen informerte sine medlemmer. Dei som sydde ”for seg sjølv” nådde vi ikkje fram til utan at vi tilfeldigvis kjende dei. No er alt blitt mykje enklare når vi har fått Facebook, det ser vi i år på kor mykje besøk det er på sida vår kvar dag. Utviklinga har vore fantastisk teknisk, men også fantastisk for dei som no kan følgje med på nettet kva som skjer av arrangement.

Velkommen til Nordfjord
Då gjenstår det berre å ynskje quiltarar velkomne til treffet vårt i oktober, påmeldingsfristen er 15.6, men om det er ledige plassar etter den tid, så kan ein komme til seinare også!

Mariann L. Hatlenes
Nestleiar /bloggredaktør

fredag 23. januar 2015

Info om Vestlandstreffet!

Ta eit besøk på bloggen til Vestlandstreff 2015! For no er det lagt ut mykje info om nesten alle kursholdarar som vi har gjort avtaler med.

Og som de ser, så er det svært mange spennande kursholdarar, ....det kan kanskje bli vanskeleg å velje kva du har lyst til å gå på! Vi legg opp til både korte og lange kurs, så her blir det mogleg for medlemmar å delta på kurs også!


Til deg som planlegg å gå på kurs, tenk over korleis du kan bidra til felles dugnad før og under arrangementet. Det er mange ulike oppgåver som høyrer med, men det skal ikkje hindre deg i å gå på eit kurs! :) Planlegging og diskusjon om arrangementet vert nok tema på alle medlemsmøta no framover våren, så vi håpar at du finn tid til å komme på møta.

Alle bilda er henta frå bloggen til Vestlandstreff 2015, der står det også kven som er meister bak quiltane! Gjer merksam på at bilda under kvar kursholdar er meint til å vise kva den enkelte kursholdar står for. Kva som blir sjølve kurset, kjem vi tilbake til i eit eige innlegg om kursa.

Styret har møte onsdag 28.1, så har du saker vi bør ta opp, må du kontakte leiar eller ein annan i styret.
Info om neste medlemsmøte kjem rundt neste helg.

søndag 9. mars 2014

Endringar i styret.

Laurdag hadde vi årsmøte med heile 32 frammøtte! Dette gleda oss mykje, for det er kjekt når medlemmane viser interesse for drifta av klubben.
Årsmøtet gjekk glatt, med lite diskusjonar, og vi vel å tolke det til at vi lukkast med å drive med mest mogleg informasjon og medverknad frå medlemmane året rundt.

Valnemda har heller ikkje hatt problem med arbeidet sitt, for halve styret tok gjenvalg. Men det er også kjekt å merke seg at det er vilje blant medlemmane til å ta verv.

Det nye styret ser slik ut:

Leiar :                               Anne Marie Holsvik
Kasserer:                           Rigmor Kvalheim
Sekretær:                           Laila Utnes Piel
Nestleiar/blogg/bibliotek:  Mariann  Hatlenes
Infoansvarleg:                   Torun Føllesdal Utnes
Materialforvaltar:               Laila Strand Brekke
Kursansvarleg:                   Ingun Vaksdal
Kursmedhjelpar:                Grete Midthjell

Revisor: Ingebjørg Utnes
              Ingrid Myklebust

Valnemd: Kari Tellevik
                Hilde Strøm Os
                Ragnhild Sande

Vi takkar Berit Jakobsen for jobben ho har gjort som materialforvaltar. Ho gjekk ut av styret. Takk  også til Laila Strand Brekke som har gjort ein god jobb som kasserar, og no tek til i eit anna verv.
Aud Torheim og Wenche Svoren gjekk ut av valnemda. Takk for arbeidet dei har gjort.



onsdag 19. februar 2014

Påminning!

Litt tidleg ute før neste medlemsmøte i mars, men det er godt å ha litt tid på seg. For her kjem ei påminning til alle medlemmane om tepper mm. til utstillinga på Regionstreffet.

HER finn de infoen som er om Regionstreffet 6. april.

HUSK å ta med det som er klart til neste medlemsmøte 4. mars!! Det er påmeldingsfrist 15. mars, og det er fint for utstillingskomiteen å få tidleg inn det som medlemmane våre skal stille ut. Og er du ikkje ferdig med det du held på med, så har du enno litt tid. Husk at vi vil ha mest mogleg frå alle dei kjekke kursa vi har hatt siste året!

fredag 14. februar 2014

Nordisk Quiltetreff!

Det er nyleg kome melding om at Nordisk Quiltetreff i Sarpsborg er avlyst pga. lita påmelding. Du finn meir info på sida til Norsk Quilteforbund
.

søndag 14. april 2013

Linjalar!

Klubben har i vinter kjøpt 3 nye linjalar, "Storm at sea" og to stk "Twister", noko som har vist seg å være svært populært. Vi hadde kurs i bruken av desse før jul, og slike kurs er svært lærerike og inspirerande.
Det er mogleg at vi kjem til å kjøpe fleire linjalar til bruk i klubben. Linjalane  vi har no er til låns for alle medlemmane!
Dette er "Storm at sea"

For at medlemmane skal kunne følgje med kven som til ei kvar tid lånar dei og kan tinge seg på som neste lånar, så er det laga ein liten rubrikk på høgresida på bloggen, den heiter "Klubbens linjalar". Der er det no skrive inn kven som er lånar akkurat no.

lørdag 16. juni 2012

Quiltedagen!

Det finst "dagar" for det meste rundt oss, og i dag er det QUILTEDAGEN! Eller som det offisielt heiter "Quilt in public day". Med andre ord så skal quilten ut og møte folket!!

På ei dansk side står denne forklaringa:
Quilt in Public Day blev afholdt første gang i 2009. På den samme lørdag i juni sætter quilte- og patchworkgrupper over hele Europa sig ud i det offentlige rum for at udbrede kendskabet til den spændende hobby.


Vi har ikkje noko arrangement dette året, og som alle huskar så hadde vi ein fantastisk dag med besøk og utstilling forige laurdag. Då vart vi lagt merke til av forbipasserande òg!




Men vi har hatt arrangement på ein slik dag før,  vi har hatt utstilling i gata  på Nordfjordeid og lotteri av flotte quiltearbeid. Dette var i 2009, og HER kjem du rett til innlegg frå den dagen.  


Bildet i dette innlegget er frå eit klubbmøte, Randi R har laga dette flotte sommarlege teppet. Vil med dette ynskje alle medlemmer og besøkande ein nydelig quiltesommar, og om veret tillet det i dag, ta med deg quilten din ut!!!

søndag 13. mai 2012

Natronkake-steiking!!


Natronkaker,...det er godt det!
Dette bildet er frå vår eigen blogg, og no får du sjansen til både å lære å lage dei og å gjere dugnad for klubben.

Tysdag 7. august vert det dugnad med steiking av Natronkaker til Låvemessa som vi skal arrangere første helga i september. Laila U. Piel vil vere sjefskokk, og ho lærer frå seg lure triks til alle som møter opp. Tid (klokkeslett) og stad må vi komme tilbake til, men Aslaug vil gjerne vite kor mange som kan vere med innan 1. august. Send henne melding eller ring  til nr 97533623.

Og vil du legge deg litt i trening før den tid, så har vi oppskrifta på bloggen vår HER!

søndag 6. mai 2012

Quiltekafè!

 Då er det tid for å treffast att!
Tysdag 8. mai er det Quiltekafe på Stokkenes Gjestegard.
Ta med deg koppen din, eit stort eller lite syarbeid å jobbe med, noko til "Vis og fortel" og kom for å ha ei avslappande stund i lag med likesinna!!

Det vert demonstrasjon av bruk av ein av dei nye linjalane v/Primula Design, dette bør du få med deg for dette er ein smart linjal!
Elles er det mykje informasjon til medlemmane denne gongen, nemner ma. besøk frå Molde og blåtur.
Og,..... sjå på koppen, den har Baltimore-mønster! Vi ynskjer at dei som har sydd slike Baltimore-motiv tek med seg dette til møtet, vi treng å sjå flest moglege,.....for vi har ei plan...........  :)

OBS! OBS! Husk å ta med påmeldinga til Låvemessa, den blir sendt til dykk på eposten, så sjekk og skriv ut og ta med deg på møtet!

Velkomne til møtet!

lørdag 25. februar 2012

Husk!

Ein huskefinger,........ har du huska alt eller har du gløymt noko?? Det er iallefall noko veldig viktig du bør huske å gjere snarast om du ikkje har gjort det,.... BETALE KONTINGENTEN for 2012 TIL NLQ!!
No er fristen sett til 29.2, dvs at det er berre 3 dagar i neste veke å gjere dette på! Årsaka til at vi no set ein frist er at kasserer vert bortreist ei veke frå 2. mars og er ikkje tilbake før etter årsmøtet. Så om du skal delta på årsmøtet og ha stemmerett, så må du vere gyldig medlem ved å ha betalt kontingenten, og så tidleg at kasserer får deg på lista før ho reiser!

Summen på kr 200 må betalast inn på kontonr. 3790.13.16660!!!


onsdag 14. september 2011

Kursvert!

Vi treng ein kursvert til begge kursa i haust! Er det nokon av medlemmane som ikkje skal gå på kurs, som kan tenkje seg å hjelpe til nokre timar ein av dagane?
Ta i så fall kontakt med Siv.

tirsdag 15. mars 2011

Inch...cm...yard..fat quarter???

(Bildet er lånt fra sida til Northern Quilts, hos dei måler Fat Quarter 46 x 55 cm! )


Forvirra over alle mål som ikkje er cm?? Du er nok ikkje åleine om det, her er nokre tips til korleis og kvar du finn hjelp.

På sida til Quilteposten finn du ei side for automatisk omregning der du legg inn dine tal i cm eller inch og får servert svaret.

Her er ei liste frå sida Purse Patterns, (også mange gratis mønster der)

Some Basic Fabric Conversions:
•15 cm. - 20 cm. = 1/5 yd.
•25 cm. - 30 cm. = 1/3 yd.
•50 cm. = 5/8 yds.
•40 cm. - 45 cm. = 1/2 yds.
•55 cm. = 5/8 yds.
•60 cm. = 2/3 yds.
•65 cm. = 3/4 yds.
•75 cm. - 80 cm. = 7/8 yd.
•90 cm. = 1 yd.
Fat Quarter Measurements -

Fat Quarters - 18" x 22"
Fat 16ths - 9" x 11"
Fat 1/8ths - 11" x 22"

Jelly Rolls - usually sold in packs of 40, these are 2 1/2" by the width of the fabric (44" - 45")

Layer Cakes - Usually sold in packs containing 40, these are 10" squares of fabric.

Fann dette om FAT QUARTER , men v/googling av dette verserer det litt ulike mål på dette!

Fat Quarter ( ca 18" x 21" ; 45 cm x 55 cm).

A Fat Quarter is a one-fourth yard cut of fabric that (usually) measures 18" x 22" (approx. 46 cm x 56 cm)

Så kva er nøyaktig rett mål på FAT Quarter??? Legg gjerne inn kommentar om nokon har det endelege rette svaret på både inch-størrelsen og måla i cm!

Etter Quilteposten si omregning vert 18 x 22 " 45.7 x 55,9 cm!!! NØYAKTIG!!

torsdag 4. november 2010

Quiltelag med blogg

Viss du vil følge litt med på kva andre quiltelag held på med, så har red. laga til ei oversikt på høgresida på bloggen.
Under Andre quiltelag er det laga til ei bloggliste som heiter Oppdatering hos quiltelag med blogg.

Her rullar det inn øverst det laget som sist har oppdatert bloggen sin. Desverre fungerer teknikken slik at det er kun dei med blogg denne tenesta fungerer for, dei med vanleg heimeside må vi gå inn på som før.

søndag 7. mars 2010

NLQ 2010

Denne helga er ei av våre STORE helger i løpet av året. Det er årsmøte og årsmøtekurs. Og av erfaring veit vi at medlemmane set pris på denne måten vi arrangerer helga på. På tradisjonsvis startar vi laurdagen med ein god frukost på hotellet, i år gjekk vi til 4 flotte dekka "Rundebord" med plass til mange, og vi var mange som klarte å stille opp kl 8.30! Bra damer!

Årsmøtet vårt vart avvikla med like godt frammøte. Dei vanlege årsmøtesakene går som regel fort unna, då er det veldig kjekt at medlemmane er aktive i diskusjonen som gjeld drifta av klubben, både innan økonomi og i kva vi skal gjere. Utan slike aktive medlemmer vert vi ikkje ein tiltrekkande klubb, så takk for alle gode innspel, meiningar og avgjerder.

Nemner nokre av sakene vi gjorde vedtak om:

  • Ein ynskjer at klubben sponsar litt økonomisk dei som ynskjer å reise på Nordisk Quiltetreff i Ålborg, Danmark i mai 2012 (HER er link til treffet som var i Gøteborg i fjor).

  • Vi legg inn søknad om å arrangere Vestlandstreff i 2012.

  • Vi permitterer Fjordalappen i eitt år og prøver å bruke kun denne bloggen og utsending av epost med møte- og arbeidslister. Dei av medlemmane som ikkje er på internett, skal få tilsendt info på papir. Ein i styret har framleis ansvar for å utarbeide arbeidslister(mat ol.), og å gje klubbinfo til bloggen. Og framleis oppfordrar vi medlemmene til å komme med tips/ynskjer til tema på bloggen!!!!

Og så vart det litt endringar i styret:

  • Leiar Inger Lise Strand hadde sagt frå seg vervet, men hadde sagt ja til å vere styremedlem. No tek ho truleg på seg leiarvervet eitt år til. Takk for at du stiller opp igjen Inger Lise!!!

  • Sekretær SivSmørdal og styremedlem/avisredaktør Signy Alise K Halle går ut av styret, inn kjem Torunn F. Utnes og Inger K Starheim
  • Vi takkar dei som går ut av styret for ein flott arbeidsinnsats i vervet sitt og er glade for at to nye vil stille opp og gjere ein jobb for klubben vår!

I skrivande stund er årsmøtekurset med Mia Øberg i full gang, over 20 medlemmar kosar seg med hennar "Smarta remsor og fiffiga trianglar".

Bildet er henta frå Mias blogg, den finn du her.