Viser innlegg med etiketten reisebrev. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reisebrev. Vis alle innlegg

søndag 2. august 2026

Lappeloftet, den vesle quiltebutikken i Vågå i Ottadalen!

 

Reisebrev frå bloggredaktør Mariann!

Vi som driv med quilting, erfarer no at det har blitt langt mellom dei fysiske quiltebutikkane. Men nokre gjev ikkje opp, kanskje "liten og sta" kan ein kalle "Lappeloftet" som har lokale midt i Vågå sentrum i eit bittelite gammalt hus. Ein meir sjarmerande quiltebutikk trur eg ikkje finst!! Så køyrer du gjennom Ottadalen, må du ta eit besøk, Vågåvegen 48, men sjekk opningstida!




Her finn vi ei fin blanding av teknikk og historikk. Sjå på denne gamle enkle symaskina, reine museumsgjenstanden. Og på veggen heng eit stort lappeteppe, handsydd i teknikken "Log cabin". 

 Teppet er sydd rundt år 1900, så denne enkle men fine teknikken lever enno etter 126 år!!



Lappeloftet er driven av ei erfaren quiltedame, Tone Brun, og i butikken finn ein mange modellar og eit flott utval av stoff i glade fargar. Flotte lokalproduserte saueskinn finn du også der. Butikken arrangerer også kurs innimellom, og nokre av våre medlemmar har delteke.

Eg oppfordrar alle som driv med stoff, quilting og søm generelt, om å både besøke og bruke dei fysiske butikkane vi har att. Det er truleg berre 2 slike butikkar i Gudbrandsdalen!! Det er noko eige å sjå på og setje saman fargar, ofte treng vi berre stoff til å supplere det vi har frå før, og å samanlikne fargar klarer ein ikkje i nettbutikkar. Gode råd og sytips til det du skal lage, får du gratis i butikken!!


















Eg besøkte butikken siste veka i juli, det var fint ver og då var det også fin utstilling ute. Berre nyt den vakre bilen til Tone, "sommarbilen" kallar ho den, og om du ser den utanfor butikken, så er der ope!!










Tusen takk til Tone for at eg fekk ta bilder i butikken, og sjølvsagt vart det litt handel også!!

mandag 24. september 2018

Aslaug har vore på tur!!

I dag kom det reisebrev frå medlem Aslaug, ho har vore i Trondheim og besøkt to flotte butikkar! Veldig kjekt for oss andre å få ein liten titt i slike butikkar som er litt langt unna, då veit vi iallfall litt om butikkane om vi skulle være i området der!!

Tusen takk til Aslaug for flotte bilder med omtale!!


                           ------------------------------------------------------------------


Reisebrev:
Kjære Quiltevenner
I helga var eg på tur til Trondheim. Eit besøk på to quiltebutikkar høyrde jo sjølvsagt med
Først besøkte eg Quiltegården. Den ligg i Dronningens gate 23. Ein fantastisk flott butikk med eit rikt utvalg og hyggelig personale. Ein plass ein rett og slett kan kose seg i mange timar. Masse modellar og mykje til inspirasjon for oss som besøker butikken.
Ein kan gå ifrå rom til rom og berre nyte fargar og stoff. Eit stort og flott rom der dei skjære stoff og arrangerer kurs hadde dei og. Der kan ein sette seg ned og ta ein pust i bakken og for ein quilteprat. Ein rett og slett koselig møteplass for oss quiltedamer.

Så var eg ein rask tur innom Abbys Tekstiler. Den ligg i Søndre gate 25. Ein koselig butikk med mykje "snacks" som vi likar. Koselig betjening i lyse lokaler. Masse stoff og inspirasjon.

Vareutvalget var veldig bra til tross for at butikkane hadde stand på Design by me messe på Lillestrøm denne helga.

Fekk "snopa" litt nytt, og er igang med planlegging av nye prosjekt. Er du i Trondheim, anbefaler eg å ta turen innom desse koselige butikkane.
Ha ein fin og sy rik haust
Aslaug






















søndag 16. september 2018

Eit reisebrev frå Mariann!


Sommarminner!

Når ein nydelig sommar med mange kjekke opplevingar er over, ja då er det godt å mimre litt med bilder frå nokre av høgdepunkta!

I eit tidlegare reisebrev har eg skrive om besøk på ei Quilteutstilling i Falkenberg i Sverige, no skal de få vite litt om quiltebutikken Annalunda! Dette er nærmaste quiltebutikk til quiltarane i området Falkenberg/Varberg, men for dei ligg ikkje butikken like nær som vi har våre  butikkar! Ja det er då vi ser kor heldige vi er!!

Mange kjenner nok Butiken Annalunda frå internett då det er ein godt kjend nettbutikk. Den har også Facebookside. Som eg skreiv over så har quiltarane i Falkenbergområdet eit stykke å reise til butikken sin,......det tek  frå Falkenberg om lag ein time sørover på E6 på motorvegen i fart max 120 km/t!!!! Butikken ligg i Skåne län, rett sør om Hallandsåsen, ut mot havet der det tek ca 10 min når du tek av frå E6.
 Litt kart må til så du kan orientere deg om kvar dette er! Og kanskje eit reisemål for deg eit anna år?? Som du ser ligg Forsløw i eit nydelig landskap ut mot havet, med idylliske Torekov  i nærleiken (har vore der to gongar no, ei unik perle!!) Må også få ta med at eg på same turen var på Hantverksmässan i Båstad på Norrvikens trädgårdar, ei flott messe med berre kvalitet i fantastiske omgjevnader!!! Anbefales!



Ja dette var eit lite sidesprang, men eit tur til dette området er virkelig næring til oss kreative sjeler!!

Butikken Annalunda er ein liten butikk som held til i nokre få kvadratmeter i ein kjeller i ei vanleg gate med bustadhus.  Den er ikkje open kvar dag, men det ser ut til at den fungerer fint med nettbutikk i tillegg. Butikken har eit fint samarbeid med leiaren i Kviltsystrarna , Eva Britt Johansson, (med bloggen Bambi syr...), ho tek ofte med seg ein koffert med stoff og utstyr frå butikken til møta deira i klubben! 

 (dette er nabohuset,..for ein idyll!)

 Det er også quiltarar i området rundt Forsløv, området heiter Bjärehalvøn, og dei kallar klubben sin for Bjäres quiltbønor!

Eigar var på ferie då eg var der, men ho som jobba der var kjekk å prate med og vi hadde mykje å snakke om innan quilting og erfaringar! På denne veggen over her var det eit utruleg utval av "Grunge-stoff" , ho trudde at dei kanskje har eit av dei største utvala  i Skandinavia i denne serien, for her var det fargar ton-i-ton!



 Her kan ein trygt seie at veggene var både isolert og tapetsert med stoff!!







 Her var mange fine modellar både innan stitchery og bruk av kjende linjaler og mønster.













 (bildet er av eit nabohus med nydelig hage)

Takk for meg, her vil eg gjerne stikke innom ein annan gong eg er i området! 
Og kanskje du som les dette også??

Helsing frå
Mariann
leiar  i klubben vår