søndag 30. november 2025

Velkommen til julemøte!

Tysdag 2. desember er det tid for julemøte! Lokala på Stokkenes gjestegard  ynskjer deg velkommen  kl 18.30 med pynt på borda og nydelig mat.

Bildet: V/Sybutikken Primula Design

Men OBS! Komiteen ynskjer at du tek med deg ei spisebrikke med juletema,....kva den skal være til, gjenstår å sjå!!

Og som tradisjonen tru, så kjem nissen innom møtet vårt med full sekk med kjekke ting for oss som likar å være kreative! Kva som er årets tema veit vi ikkje, men alltid lurt å ha med "Verktøykassa" der det er både saks og briller!!

  • Vi set oss til bords og vi tek måltidet først.
  • Nissen Siv opnar sekken og vi set i gang.....
  • Vis og fortel, håper de tek med julegåver som de enno ikkje har pakka inn.
  • Lotteri
  • Og kanskje fristande varer  frå Sybutikken Primula Design som kan bli julegåve til deg sjølv....ta kontakt på førehand om du er ute etter noko spesielt som ho bør ta med!
  • Velkomne til ein koselig kveld



torsdag 6. november 2025

Bilder frå Novembermøtet!

 Som vanleg mykje å vise fram når rundt 30 ivrige medlemmer kjem på møtet! Veldig kjekt at vi kan engasjere så mange som viser stor glede av å være i lag og å være kreative med hobbyen sin!!


Eit fantastisk juleteppe, mønster i boka under. Blokkene har symbol frå julefeiring i ulike land!





































Ulike variantar laga ved hjelp av linjalen X-block






Kveldens aktivitet var collage med stoffbitar som vi kunne lage som julekort eller bilde.