Viser innlegg med etiketten hexagon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hexagon. Vis alle innlegg

tirsdag 26. januar 2016

"Moderne hexagon"

"Moderne hexagon" eller "Modern hexies", ein rask måte å lage dekorative quiltar med desse sekskantane.

HER på sida Modern Handcraft er framgangsmåten godt forklart. Ein artig og veldig dekorativ måte å bruke hexagon på.

Kort fortalt gjer du det slik:




  • Du treng pappmalar, dei lagar du sjølv,  HER på innlegget  i bloggen vår frå 2011 ser du ein måte å lage dei på. Du kan også skrive ut sider på nettet, på sida Lovepatchworkandquilting  er ei side med ulike str. på malane, HER kan du skrive dei ut.
  • Du treng eit bakgrunnsstoff i den str du vil lage og stoff til hexagon i ulike fargar.
  • Klipp ut stoff og fest rundt malane slik som ein gjer til handsaum.
  • Stryk skarpe kantar på hexagon og ta ut pappmalen.
  • Plasser hexagon ut over bakgrunnsstoffet slik du vil ha "mønsteret"
  • Fest hexagon med lim på stoffet.
  • Sy stikningar på kryss og tvers over heile arbeidet, her må ein være pinlig nøyaktig!!!



Bilda her er frå søk på google.


Vil du sjå fleire bilder, finn du mykje fint HER.

tirsdag 17. mars 2015

Hexagon toalettveske!

Det er kanskje på tide å planlegge kva du skal styre med i påskeferien? Og skal du på ei hytte utan straum, så er det ikkje vits å ha med seg symaskina som vi er så avhengige av.

Lappeteknikken starta lenge før symaskina vart til, og det vart gjort veldig fint arbeid med nål og tråd.

På denne YouTube videoen  kan du sjå korleis du syr denne flotte toalettveska av 23 hexagon. Alt er sydd for hand, alle kantar og glidelåset ser du korleis du syr. Ut frå det eg trur, så er denne videoen frå Thailand, men det merkar du ikkje. Videoen er som ein stumfilm med svak musikk til.
Her er ikkje noko mønster, og det ser ut til at firmaet som har laga denne videoen, også sel mønster. Under her ser du bilde av kva du treng av utstyr.

Det du må finne ut av sjølv, er storleiken på hexagon. Det kan sjå ut som sidene i hexagon er ca 1 inch. Du kan nok sy den i alle storleikar av hexagon, for forholdet blir det same. Lengda på glidelås må du finne ut av til slutt. Dette er noko som vi heilt sikkert får til ved å følge med på videoen, lykke til med nål og tråd!!

lørdag 21. februar 2015

Med tankar på sommaren......

På bloggen til Den syende himmel finn vi dette teppet laga av halve hexagon. Her får vi fort assosiasjonar til sommar, det er lyst og lett i fargane og vi ser ei mengde med rosa sommarfuglar!


Dama bak bloggen bur her på Vestlandet, og det er kjekt å finne mønster/ tutorial på norsk!! Teppet er handsydd av halve hexagon, og er eit tidkrevande arbeid, men du verden så fint det blir!!
Ho har lagt ut framgangsmåten HER og skriv dette på bloggen sin:

Jeg har laget dette mønsteret selv, og fått mye positiv respons på det. Her er framgangsmåten, dersom det er noen som har lyst til å prøve seg på denne. Metoden som er brukt er engelsk papirsøm, altså håndsøm over papir, halve sekskanter i valgfri størrelse.

Som alltid er det samansetjing av fargane som skaper inntrykket, det same mønsteret i andre fargar blir fort noko heilt anna, sjå berre under her! Akkurat same framgangsmåte!


Desse quiltane over her er berre litt av det ho har sydd, og også held på med. Om du går inn på bloggen og blar deg bakover i tid, .....ja så la deg berre imponere!!

Ho syr stjerner i handsaum,.....





......men også hexagon i tusental!!! Sjå berre på dette store teppet ho held på med her! "La Passion"! Etter det ein kan lese på bloggen, så skal det syast 3200 hexagon før det blir ferdig!
Retting frå syerska: Slik du ser teppet no, så er der 3200 hexagon, og når det er ferdig, skal der være over 17000!!!!

HER kjem du til omtalen av dette prosjektet.

Og om ein har mange små stoffbitar, så kan ein sy som ho har gjort her over, hexagon i str 1/4 inch!! 
Om du vil sjå meir av det ho lagar, sjå HER på Flikr!

Så her er oppmodinga til alle våre medlemmar, lag deg eit slikt prosjekt og ha i veska di, då har du noko å ta deg til over alt, på klubbmøter, turar, når du plutselig må vente på noko eller får litt tid til overs!

Takk til Den syende himmel for at du deler dette med oss, no er det nok mange som vil besøke bloggen din for å sjå meir!!

fredag 12. desember 2014

12. desembersydag!

Hexagon er noko vi har jobba ein del med i klubben, både med linjalar og symaskin, men også med handsaum. Vi har nyleg hatt kurs med Bente Malm der mange sydde hexagon på "Småsaker til sydamen".

Her er ein liten krans som du kan lage på ei lita kveldsøkt, og er du usikker på korleis du gjer dette på luraste måte, så må du sjå på linkane.

Denne kransen finn du på sida til kanadiske Sewsisters , der ligg det steg-for-steg framgangsmåte. Om du ser på storleiken, så vert denne kransen litt stor som pynt i juletreet. Men då er det berre å bruke mindre malar.

Det passar kanskje godt med malar på rundt 1 inch til ein liten krans, og har du ikkje ferdige malar, så kan du skrive ut frå nettet. Mange plassar kan du finne malar til å skrive ut, søk på orda hexagon, inch og storleiken du er ute etter. HER er eit 1 inch ark du kan skrive ut og lime på tynn papp, gode og gratis malar! Stikkord i søk på internett er "1 inch hexagon", endre på talet om du vil ha større, og om du brukar ordet "printable", så kjem det sider som kan skrivast ut. prøv deg fram, det finst mykje gratis på internett!! HER er ei side du finn mykje på!

Om du ser på framgangsmåten, så ser du at kransen er dobbelsidig, like fin på begge sider. Om du ikkje  vil lage den dobbel, så kan du bruke filt på baksida, og quilte kransen fast med små quiltesting. Sjå bildet.

Her eit anna innlegg frå sida Handcrafted Vintage som viser akkurat same figuren, men med meir tråkling av malane. I det øverste innlegget er malane festa med lim, så her kan du velje kva metode som passar deg.

onsdag 5. oktober 2011

X antal Hexagon!!

Dei 2 foregåande innlegg handla om mat, så det er vel på tide med litt quiltebilder òg.

Her kjem berre eitt bilde i dette innlegget, med det fortener all merksemd!! Eit fantastisk arbeid sydd for hand, påbegynt i det forige århundre fekk vi vite!
Her er det hexagon i alle fargar og mønster, fint innramma av kvitt stoff. Berre heilt nydeleg!

Så til alle som no er begynt på sine lappar,....hold ut! Det kan bli like fantastisk!

tirsdag 27. september 2011

Hexagon over alt!


Hexagon i New York har DENNE bloggaren kalla innlegget sitt. Og det er interessant å sjå kva ein fangar opp av ei geometrisk form når ein er ute på reise. Gatestein og kunst, 6-kanten er over alt og går aldri av moten!
HER er eit nyleg innlegg der ho har brukt lappane til dekor på ei pute.

Bloggen heiter Diary of a quilter (dagboka til ein quiltar) og ho bur i Utah i USA. Besøk den fine bloggen hennar, og husk å legge inn kommentar!!

Håpar no at mange av medlemmane i klubben har fått smaken på desse små lappane og har sett kor mange muligheter som er med dei. Og bloggred. er like fasinert,..... så dette blir nok ikkje siste innlegg om hexagon!

søndag 25. september 2011

Hexagon

Bildet er lånt her.
På sida til Quilteposten er det ein flott presentasjon av korleis ein syr hexagon.
HER er linken.

tirsdag 6. september 2011

Hexagon på maskin

Desse bilda er lånt frå bloggen til Abyquilt.


Har du heller lyst til å sy hexagonlapper på maskin?
På eit klubbmøte i vår viste ma. Ingebjørg korleis ho har sydd store hexagonlappar der ho skar malar etter ein trekant-linjal (60 graderslinjal). Den same framgangsmåten finn du på den flotte bloggen til Abyquilt der ho viser dette steg for steg. Takk til henne for denne flotte presentasjonen.
Klikk HER for å komme til dette innlegget.

lørdag 6. august 2011

Ferien over??

Så er vel ferien over for mange av oss? Då er det vel på tide å ta fram att noko å pusle litt med, litt oppvarming! På siste møtet før sommaren hadde vi om hexagon, små lappar som vi kunne sy for hand og setje saman til små eller store produkt.

Dette bildet over fann eg på bloggen Simple Pleasures, her er ein fin ide til å lage små arbeid om til store på kort tid! Ved å montere ei lita hexagon-blokk på eit stoff, så kan dette fort syast saman på maskin. Faktisk ganske fint også, for kontrasten i fargane gjer at forma på hexagon kjem godt fram.

På haustens første klubbmøte håpar vi at nokon har med seg eit "hexagon-produkt" frå sommaren å vise fram. Vi skal også ta føre oss eit lite hexagon-arbeid.......

tirsdag 28. juni 2011

Nydelige hexagon-blokker




Må berre få vise dykk at det er mange som syr hexagonlappar! Geta i Romania har laga desse flotte blomsterblokkene. Ho skriv i bloggen sin at quilting ikkje er så kjent i hennar land, så ho gledar seg over alt det fine ho finn på internett.
(bilda er frå Getas blogg)

HER er link rett til innlegget om hexagonlappane.

Andre innlegg finn du HER og HER og HER


No håpar eg at det er mange klubbmedlemmer som sit og kosar seg med handsaum av små eller store hexagonblokker! Og husk å lage til så du har med deg i veska di om du skal ut på ei reise i sommar!

lørdag 18. juni 2011

Lag HEXAGON-maler

(alle bilder er henta frå internett)


Slik lagar du dine egne maler til å sy Hexagon-lappar!

  • Opne Word

  • Klikk på "Sett inn", peik på "Bilde" og velg "Autofigurer" på lista som kjem fram.

  • Peik på dei ulike symbolgruppene som blir vist og velg "Grunnfigurer".

  • Du ser no 6-kantforma, klikk på den og du får "Opprett tegningen her" på arket.

  • Du får et + i bildet, hold ned venstre musetast og dra til ønska størrelse.

  • OBS! Du kan ikkje legge inn mål og få en viss str, og du må prøve deg fram slik at alle sidene vert like lange.

  • Når du har fått ønska størrelse, klikkar du på høgre musetast, velg kopier og lim inn mange gongar. Deretter er det berre å klikke på 6-kantane og rydde opp, dvs å dra dei på plass så dei ikkje overlappar kvarandre.

Har no forklart etter beste evne, men har du spørsmål, så send epost eller legg inn under Kommentarer. SYTIPS!


  • Med få sting kan du feste stoffet fast rundt 6-kanten (sjå bildet under)

  • Du kan sy tvers igjennom den tynne pappen, dette er lurt om du har små maler.

  • Du kan bruke binders.

  • Du kan bruke maskeringstape.

  • Du kan bruke spesiell lim/limstift som du får kjøpt i quiltebutikken.