Viser innlegg med etiketten tepper som varmar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tepper som varmar. Vis alle innlegg

søndag 1. januar 2012

Tepper som varmar!



Då er det gjort!! Alle våre "Tepper som Varmar" er begynt å varme!!! Varmar både kroppar og auger i Jurbarkas i Litauen. Alle våre 36 tepper vart overlevert til Ragnhild Lunde i Lions club avd. Stryn på julemøtet vårt, og 16. desember starta ho og mange andre turen til Litauen. Takk til Lions som tek på seg slikt arbeid, og tanken på at desse flotte teppa skulle varme nokon langt borte, ja det varma nok oss her heime også! Magiske tepper!!

Her er litt av helsinga frå Ragnhild:

Vi er tilbake frå ein fantastisk tur til Jurbarkas. Heilt på tampen blei Eline Vereide Kongsvik med frå Nordfjordeid og Inge Sveen frå Stryn.

Teppa har vi gitt vekk til sjukehuset, og der trengdest det verkeleg noko som pynta opp. Dei blir også brukt som pynt på dagheimen for vanskelegstilte born - du ser bildet der Eline står saman med dagleg leiar og ein ansatt. Vidare vil dei bli brukt til å pynte barnehagar. Og nokon blir gitt til sjuke born (dei minste teppa) Folk som var med - og dei som vi møtte der nede (Lions) var imponerte over den flotte gåva og kvaliteten på teppa.

På grunn av at eg måtte vakumpakke alle teppa, måtte bamsane plukkast av - og dei ga vi direkte til dei sjuke borna på sjukehuset.

Vonar dette oppfyller dei forhåpningar de hadde til korleis vi skulle nytte gåva.

Og Laila U.P. fortener all takk for å være primus motor, no er prosjektet i mål. og det vart vellukka.

HER kan du lese om oss på ei medlemsside for Lions Club, sjå litt langt nede på sida!

søndag 6. november 2011

Tepper som varmar!

Vi har hatt SYLAURDAG! Med sying, quilting og kanting av tepper som er til prosjektet vårt "Tepper som varmer". I underkant av 10 stk var møtte fram og jobba iherdig då bloggred. var innom. Ein skulle gjerne sett at fleire av medlemmane møtte opp, men håper dei stiller ein annan gong om vi lagar til sylaurdag.
I allefall må vi gje dei frammøtte ei stor takk til dette frivillige arbeidet dei gjer. I tillegg må vi takke Primula Design for lånet av quiltestativet. Om dei vart ferdige, det vites ikkje i skrivande stund, men reknar med at medlemmer vert kontakta om det trengst meir hjelp i innspurten. Teppa skal overleverast midt i desember, så vi håpar at dei kan bli viste fram samla på julemøtet vårt. Om det ikkje går, så skal vi ordne med bilder til bloggen. Laila. U. Piel er initiativtakar, lurer de på noko, så ta kontakt med henne.
Sjå elles innlegg 5. mars og 10. april om dette prosjektet.

Dette teppet er laga av Solfrids restar, eit flott fargespel. Men sjå kor flott ho har quilta! Ho har brukt fleece til bakside, og det er så fine quiltemønster at baksida er minst like vakker!!


søndag 10. april 2011

Vi er i gang!


(Laga av Tiril sol)
Ja! Vi er i gang med "Tepper som varmar". Takka vere flittige medlemmer som har jobba på eiga hand, har vi allereie no fått sjå ferdige produkt som skal gå til dette prosjektet. Laila U P med bloggen Tiril Sol har vore initiativtakar til dette, og ho har allereie sydd 5 tepper etter det ein kan sjå på bloggen!! Nokre av dei viste ho på siste klubbmøte, og fortalde at dette var ein fin måte å nytte gamle ufoar på. Nokre av bilda i dette innlegget er lånt frå bloggen hennar. På klubbmøtet i april fekk medlemmane høve til å tegne av og skjære/gjere klar denne blokka til Sommarfugl i Buggy Barn-teknikk. Vi har fått ein del stoff frå Olaugs Quilt, no vert desse stoffa snart til endå fleire tepper til prosjektet.

(over og under laga av Tiril Sol)
Også Mallemor har funne fram ubrukte lappar og sydd eit teppe til prosjektet.
(Laga av Mallemor)


På klubbmøtet inviterte også Ingun i Primula Design til sying når ho har kurskveldar tirsdagar på Stårheim skule. Følg med på bloggen hennar eller ta kontakt med butikken for å få meir info.

lørdag 5. mars 2011

Tepper som varmar!


Sydd av Randi Røys (privat eige)

På siste styremøte og på medlemsmøtet no i mars er vi blitt einige om å starte på prosjektet "Tepper som varmer". For dei som ikkje kjenner til dette, så er dette eit dugnadsarbeid der vi syr tepper og gjev til barn som ligg på sjukehus. Mange klubbar har engasjert seg i dette, og mange barn ved dei store sjukehusa har fått slike tepper.
Vi diskuterte kven som vi skal ta kontakt med, og no er vi truleg i gang med vår plan.

Laila P har teke initiativ til eit samarbeid med Lions i vår kommune. Dei har samarbeid med Lions i Litauen, og vi har fått vite at vårt initiativ vil truleg glede mange barn der. Samarbeidet pågår, meir info vil komme her når vi veit meir. Men takk til Laila som har jobba fram dette så langt.

Planen vår er no slik:
  • Vi har fått nokre meter gratis stoff frå Olaugs Quilt til dette prosjektet, det takkar vi firmaet så mykje for!
  • Det er mogleg at firmaet Per Olden sponser vatt, dette får vi vite etter årsmøtet til Norsk Quilteforbund.
  • På medlemsmøtet i april vil Randi Røys vise oss korleis vi syr blokka til "Sommarfuglteppet" til Buggy Barn. Vi har då tenkt at dette er eit flott motiv som vil passe fint til barnetepper.
  • Vi arrangerer ein sylaurdag eller sysøndag no i vår, då møtes vi og syr blokker både til oss sjølve, og så blir det også litt til teppeprosjektet.
  • Så håpar vi òg at medlemmane rundt om i distriktet grupperer seg og syr litt i lag, og kosar seg med dette tiltaket.
  • Om vi får det til, så kan vi ha ei utstilling til hausten når vi skal arrangere Låvemessa vår!
  • Dersom samarbeidet med Litauen går i orden, så vert teppa truleg overleverte der rett før jul.
Sydd av Randi Røys (privat eige)