søndag 27. oktober 2024

Synnøve Oddny har fullført kursleiarutdanning!!

Medlem Synnøve Oddny Torheim  (SyOddny) har delteke i NQF si utdanning for kursleiarar, og nyleg har ho bestått siste eksamen.

På siste klubbmøte hadde ho med mange av oppgåvene som ho har jobba med gjennom siste året, og ho viste store bredde i teknikkar, fargar og kreativitet. Og ikkje minst kvalitet over jobben ho har gjort, det var mykje flott å sjå!

Følg gjerne med på sida hennar, for det vil nok komme meir om både oppgåvene og sjølve utdanninga der.























Denne blokka har Synnøve designa.







8 like store blokker som viser ulike lukkekantar.




Takk til Synnøve Oddny for eit interessant foredrag rundt oppgåvene og alle dei ulike teknikkane som er brukt i arbeida!

Bilder frå Oktobermøtet.

 Tema på oktobermøtet var å ta eit tilbakeblikk på alle rundene vi har hatt med "Round robin". Vi starta aller først med eit samarbeid med ei gruppe i Usa, eit interessant prosjekt som også enda i ei mønsterbok i Usa.

Seinare vart det også eit par runder med nesten same opplegg innad i klubben.








Vi hadde langdag på dette møtet der fleire kom sammen og sydde frå kl 12.














Det var god fyr i peisen, godt på ein litt kald dag!




God mat i kaffipausen!! Takk til matvertane for nydelig mat!


Godt utval i varer frå Primula Design, vi er heldige som har denne butikken som stadig stiller opp for oss!



















Snøreveske!!


















May Kristin si vendbare jakke!!