(Laga av Tiril sol)
Ja! Vi er i gang med "Tepper som varmar". Takka vere flittige medlemmer som har jobba på eiga hand, har vi allereie no fått sjå ferdige produkt som skal gå til dette prosjektet. Laila U P med bloggen Tiril Sol har vore initiativtakar til dette, og ho har allereie sydd 5 tepper etter det ein kan sjå på bloggen!! Nokre av dei viste ho på siste klubbmøte, og fortalde at dette var ein fin måte å nytte gamle ufoar på. Nokre av bilda i dette innlegget er lånt frå bloggen hennar. 

På klubbmøtet inviterte også Ingun i Primula Design til sying når ho har kurskveldar tirsdagar på Stårheim skule. Følg med på bloggen hennar eller ta kontakt med butikken for å få meir info.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar