onsdag 17. august 2011

Snart Låvemesse!!


Minner alle medlemmar om at tysdag 30.aug startar vi opp igjen med aktivitet i klubben vår.
Då møtest vi i Leivdalen hos Aslaug kl 18.30 og startar med å førebu det vi kan til Låvemessa som er helga etter.

Styret i arrangementet hadde møte tysdag 16.8, og det meste er no klart. Aslaug har gjort ein fantastisk god jobb så langt, så no håper vi at så mange som råd av medlemmane vil møte opp denne kvelden.
Mykje info er allereie sendt ut på epost/brev tidlegare, men det vert no høve til å sjå området og få ein grundig gjennomgang av korleis dette arrangementet skal gå føre seg. Om alle yter sitt, så vert nok dette eit spennande og kjekt prosjekt.
Vi har fått eit flott og variert utval av utstillarar til messa, så her vert det berre kvalitetsvarer å få kjøpt! Det er berre å gle seg!!

OBS! OBS!
Når det gjeld gevinstar til lotteriet, så treng vi snarast å få dei levert eller registrert. Dersom nokon ynskjer å levere til Lappestua (Siv), så er det innleveringsfrist der 24.8. Etter denne datoen vert ho bortreist. Då må gevinstane leverast på møtet den 30.8.

Det vert kaffi/te på møtet, anna å bite i tek kvar med til seg sjølv denne gongen.

lørdag 6. august 2011

Ferien over??

Så er vel ferien over for mange av oss? Då er det vel på tide å ta fram att noko å pusle litt med, litt oppvarming! På siste møtet før sommaren hadde vi om hexagon, små lappar som vi kunne sy for hand og setje saman til små eller store produkt.

Dette bildet over fann eg på bloggen Simple Pleasures, her er ein fin ide til å lage små arbeid om til store på kort tid! Ved å montere ei lita hexagon-blokk på eit stoff, så kan dette fort syast saman på maskin. Faktisk ganske fint også, for kontrasten i fargane gjer at forma på hexagon kjem godt fram.

På haustens første klubbmøte håpar vi at nokon har med seg eit "hexagon-produkt" frå sommaren å vise fram. Vi skal også ta føre oss eit lite hexagon-arbeid.......