tirsdag 29. november 2022

På besøk hos ALF!!

 Det er av og til ein berre oppdagar noko kjekt, i dag oppdaga eg Alf! 



Er på oppdrag i Bergen, og langt borte mot enden av Strandgata ligg denne butikken.

Butikken er eit arbeidstreningsopplegg i regi av Bergen kommune og har visjonen å få folk ut i arbeid.

Her er det utruleg mykje flotte varer som deltakarane produserer, og det lyser kvalitet og mykje flott design. 

Men høyr her folkens, her får du kjøpt quiltestoff!! Endelig i sentrum igjen! 
Senteret tek inn stoff til arbeidet sitt, og sel av lageret sitt!




Her er mange ulike produkt som er sydde, brikker løparar, kle, adventskalendere mm, pluss fantastiske produkt av glas og tre. 

Bilda fortel det meste, så stikk innom om du skal til Bergen ein gong!












Byhelsing frå

Mariann L. Hatlenes



mandag 21. november 2022

Kurs med Daisy Aschehoug!

 For ei flott kurshelg vi har hatt her på Nordfjordeid! Daisy leverte og vi har storkosa oss i to dagar, eit kurs som virkelig kan anbefalast!

"Giant nested curves" var veldig kjekt å sy! Her kunne vi komponere våre eigne stoff frå gamle "leftovers", rester frå korgene våre, lukkekanter supplert med både nye og gamle stoff frå stofflageret. 





Det tok litt tid å lage til "platene" vi skulle skjære av, dei var ca 13 x13 inch. Men så gjekk det unna! Dei store malane var enkle å bruke og dei bua stoffa sydde vi lett i hop og vi fekk flotte resultat.

Daisy påpeika at det var viktig å skjære vinkelrett heile tida, følge sømmen og bruke rutene på skjærematta til hjelp. Alltid reinskjære 90 gr der senter av sirkelen skal være og som utgangspunkt før ein starter å kutte.




Med god planlegging av plassering av linjalane, vert det ikkje mykje svinn!

Daisy sine modellar:













Etter kvart kom det mange ulike blokker rundt om på borda, blokkene er store, ca 12,5 inch ferdig, så det skal ikkje så mange til for å td. sy eit teppe! 




                                                   Demonstrasjon av kutting med linjalane.









Litt meir bilder frå aktiviteten på borda!









 


Litt oppsummering av helga:













God mat og gode pauser høyrer med når vi har kurs. Litt vis og fortel under lunsjen søndag der solfrid hadde med eit teppe av restar.








Daisy har hatt fleire artiklar i Quiltemagasinet, ta ein kikk!!







                                   Ute var det rimfrost, så vi kosa oss inne i varmen denne helga!