tirsdag 27. april 2010

Klubbmøte i mai!

Det er snart mai!!! Og rett over helga møtast vi att på klubbmøtet.

Aktivitet denne gongen er eit lite men svært så aktuelt sticherymotiv!! Den som kjem får sjå!
Det er Inger K Starheim som har med seg ideen denne gongen,....meir seier vi ikkje.

Men ta med dykk:


  • Eit lite stykke kvitt bomullsstoff, gjerne tettvevd og fin musselin eller tett tynn lin.
  • Moulinegarn, ..i ein farge du likar, men gjerne i dus farge.......
  • synål og saks
  • broderiramme om du er van å bruke det

Og så håpar vi på mange fine produkt til "Utstillings-snora" vår.

PS! Husk kaffikoppen din!

søndag 25. april 2010

Synålguide!

På bloggen til Northern Quilts finn du ein oversiktlig guide for synåler.

Klikk på bildet!

onsdag 21. april 2010

Vestlandstreff 2010


Haustens Vestlandstreff er i Haugesund, og no er invitasjon og kursoversikt sendt ut.

HER finn du link til sida deira.

tirsdag 6. april 2010

Sylaurdag!

Minner om at laurdag 10. april så har vi sylaurdag igjen. Lokala er opne mellom kl 10 og 18 og vi håpar mange vil komme og ha ein kjekk sydag i lag.

Ein tek med seg det ein har lyst til å sy på, td. gjere ferdig nokre UFO-ar........, få hjelp og tips frå andre, eller kanskje starte på nye prosjekt???

Vi prøver også med nokre få innslag denne gongen:
  • Torunn viser oss tips om lukkekantar,.... rundt kl 12 ein gong????

  • Mange har sydd dei søte små Myntpungane som vi har sett i bloggen til Timotei, men for dei som ikkje har prøvd enno, så skal vi kanskje prøve oss på denne modellen i lag??Desse fine pungane viste Elin oss i desember. HER finn du mønster og framgangsmåte. Ta med deg det du treng av vatt, stoff, glidelås, for det vert truleg ikkje butikk der denne gongen. Skulle vi mangle noko ,så har vi no veldig kort veg til våre to flotte quiltebutikkar!!

Klubben syter for kaffi/te, niste tek du med sjølv.

KJEM DU??

torsdag 1. april 2010

Kalendermønster!


No er aprilmønsteret til kalenderen lagt ut på Kalenderbloggen. Klikk på bildet eller på Kalenderbloggen på høgre side for å komme dit!