tirsdag 18. november 2008

Folksam Quiltekafe!

På siste medlemsmøtet vårt no i starten av november arrangerte vi Quiltekafè for første gong. Det er alltid spennande å prøve noko nytt og vi treng litt avveksling innimellom. Skal ein dømme etter frammøtet av medlemmar, så må ein seie dette var vellukka, nærare 40 av våre medlemmer hadde møtt fram!!! Og mange hadde også reist veldig langt for å komme hit; frå Svelgen, Raudeberg/Vedvik, Larsnes, Syvde, Risør, frå kommunene Volda, Stryn og Gloppen pluss alle medlemmane frå Eid! Fantastisk interesse og iver etter å samlast må ein vel seie. Og kafèlyden var verkeleg på plass, rommet var fyllt med prat og "sållj" som vi seier her i Nordfjord, god mat og kaffi mangla det ikkje heller.
Det vart gjort litt medbrakt handarbeid innimellom praten, kikka på mønster og mange lånte bøker i biblioteket vårt.

På Eid er vi så heldige å ha 2 butikkar som sel stoff og utstyr til quilting, og desse stiller som oftast opp med gode tilbod på møta våre. Vi i klubben er veldig glade for at Primula Design v/Ingun Vaksdal og Lappestua v/Siv Smørdal stiller opp for oss når vi treng dei, TUSEN TAKK TIL DÅKKE!........og mykje har dei å friste oss med, Siv har jammen mange fine julepynte-knappar!




Ingun hadde med seg fleire koffertar med flotte stoff, og inspirerande modellar.


.......og det vart handla ein del denne kvelden.