søndag 30. juli 2017

Besøk hos Sybutikken på Lillehammer!

Når ein er på ferietur, så er ein alltid på utkikk etter butikkar med stoff, og aller helst ein ekte quiltebutikk! Det er ikkje alle tettstadar og byar som har slike nisjebutikkar, men om du er i Lillehammer ein tur, så må ein berre innom Sybutikken! (Facebookside med same namn).

Her er det godt utval av alt vi treng av både stoff og utstyr, men det som er ekstra kjekt med slike gode  butikkar, er alle dei inspirerande modellane som er utstilt!

Her var det fullt av modellar som er sydd av ma. Kari Renolen, og mønster til desse finn vi i bladet MyQuilt.



Her var også modellar frå Quiltemagasinet (veske av Bente Malm). Kjekt å sjå same modellar i ulike stoff, det er inspirerande. Og med ein erfaren syerske bak disken, så kan vi trygt handle her!
...... det ligg også alt til rette for skikkeleg snopehandel her!






Då bloggred. hadde snopa ferdig, så var det plutselig noko ein berre måtte ha, eit stilig panel i kraftig stoff som passar godt til veskedekor!! Eitt av motiva er brukt på ei veske på øverste bildet i innlegget.

Takk for hyggelig besøk og for at eg fekk lov til å ta bilder!

Helsing
Mariann
-leiar i NLQ-

onsdag 26. juli 2017

Syhelg i Vedvik!

Det nærmar seg syhelga vår i Vedvik! Helga 19. og 20. August har vi leigt grendahuset der for å ha ei triveleg helg i lag. Vi skal ha eit lite felles syprosjekt, men elles så står vi fritt til å sy på det vi held på med, lære av kvarandre og få hjelp og gode tips.


Vi vil ha maten slik sist vi var der, korgafest kalla vi det då. Då hadde nokre med kake, andre salat og anna "saltmat".
Det vert sendt ut epost om helga med nærare info til dei som er påmelde hittil, men det er høve å melde seg på enno for fleire . E-posten vil komme litt ut i august.

Vi ber om at ein då melder frå til Rigmor Kvalheim innan 1. august.
OBS! OBS! Det er ordna med  rikelig overnattingsplassar , så det er berre å melde seg på!

onsdag 19. juli 2017

Eit lite sommarprosjekt??

No kom sola til Vestlandet, og vi kan ta med oss både stoff og maskinparken vår ut!!

Då kan det kanskje passe å sy denne fine toalettveska/veska/posen (brukandes til litt av kvart!).

Mønsteret finn du på bloggen  her til Vanessa Christensson, sydd for Bernina.

Denne er sydd av jarekantar, men med fine lyse stoff, så då vert dette flott sommarsying!