mandag 30. mars 2020

Sy til heimetrimmen!

I desse dagar må vi ta trimmen enten ute på tur eller i heimen.  Nokre har teke trimmen på treningssenter, men no når alt er stengt, så må du fikse dette sjølv!!


Om du har ei matte til å trimme på heime, så kan du sy deg ei veske til å oppbevare den i! På bloggen til Ida Victoria ligg det gratis mønster og framgangsmåte til denne flotte veska/bagen. Takk til henne for dette flotte mønsteret som ho deler med oss!!

På eit quiltemøte no i 2020 viste Haldis ei liknande veske, fin og praktisk modell!

mandag 23. mars 2020

Gult tips!

Det går gjerne i gule og friske fargar no om våren og iallfal når det nærmar seg påske.

Denne friske quilten av Ananas er ikkje akkurat påske, kan like gjerne brukast no i heile den lyse årstida, for vi er begynt på sommarhalvåret!!


Dette er ei gratis oppskrift, enkel i forma, med utruleg dekorativ! Kan brukast til mangt, til bilde, kuvertbrikke, løpar, puter,...…. du bestemmer!!

Oppskrifta er frå  sida Sassafras-lane.com

søndag 22. mars 2020

Medlemsmøte i ny form!

I desse dagar når mange av oss har heimekontor og unngår andre når vi går ut, ja då må vi være kreative!

Vi som har denne kjekke hobbyen vår, kan sy i veg, men det er også kjekt å sjå kva andre gjer og bli inspirert. Ikkje får vi vist det vi held på med heller!!!

Så då har vi gjort ein vi så vi får ha møte likevel, på ei nyoppretta Facebookside for medlemmane våre! No veit vi at vi ikkje når 100% av medlemmane, men detter er det nest beste vi kan få til!

Dette bildet vert liggjande som heading, utsnitt av ein nydelig pose som Gitte har laga.


Alle har no fått med seg at aprilmøtet er avlyst, men ikkje heilt...…
 for no tek vi møte på denne nye sida tysdag 7.4 kl 20-21!  Det kjem ny info om dette når det nærmar seg, men du kan iallefall begynne å planlegge til denne dagen!

Då tek vi "Vis og fortel" der vi håpar at så mange som kan, vil vise eitt eller anna ein har laga eller held på med. Men dessverre så må du holde deg med kaffimaten sjølv!!




Sida er publisert, den er lukka og vi er snart i gang med å invitere medlemmane inn i gruppa vår. Men OBS! Sjekk om du har fått venneforespørsel frå Mariann, godkjenn den så du kan leggjast til!
Og det er berre å ta den i bruk!! Alle kan lage innlegg på sida, og om nokon er på Facebook men ikkje invitert inn, så må de ta kontakt!!

Vi gler oss til aktivitet på sida.

fredag 20. mars 2020

Litt påskesyssel!

Hallo alle quiltarar som sit på kvar sin post! Nokre treng kanskje litt nye idear, og sidan det no nærmar seg påske, kan det kanskje være kjekt å lage noko som passar som påskepynt. Det er mulig at det vert tid til fleire tips her på bloggen no fram til påske, følg med så ser de!!

Denne harepusposen er både fin og praktisk, her kan du ha alt frå snop oppi, til stitchery eller påskeblomster...….allsidig form!

I fjor før påske  hadde vi ein slik pose som syaktivitet på eit klubbmøte, då hadde Synnøve laga eit mønster som vi brukte då. Det var ein veldig kjekk aktivitet, og mange slike posar vart sydd både då og etterpå. HER finn du bilder frå Vis og fortel på aprilmøtet i fjor.

Dette bildet er funne på bloggen 
https://pippi22.blogspot.com/

Det mønsteret som vert lagt ut her, er ikkje det samme, men er fullt brukbart. Her er også "steg for steg" framgangsmåte, på engelsk. Mønsteret er gratis og er laga av Stitched by Crystal. For å få til å knyte øyrene godt, bør du kanskje forlenge dei, prøv deg fram!





lørdag 14. mars 2020

Litt syinspirasjon!

Det ser ut til å bli ei tid med få sammenkomster for oss quilteinteresserte, og nokre må kanskje holde seg heime i heile 14 dagar!! Vi får håpe at stofflageret er velfyllt så de kan sy i veg.

For dei som følgjer Quiltesiden på Facebook, så vart det i går opna opp for at butikkar kan annonsere sine varer der.

Mange butikkar hadde nok også auka opp lageret sitt til Norsk Quiltetreff som også vart avlyst.  Det skulle gå føre seg på Sola ved Stavanger 22-23.3.

No strekkjer butikkane seg langt og ekstra langt i service til kundane sine. Dei promoterer varer og legg til rette for sending til rimelig frakt, nokre har nesten "take away" medan andre kan ta imot bestilling og gjere klart for levering i butikkdøra!!

 Vår lokale butikk Sybutikken Primula Design har lansert "Du ringer/vi pakker" i sin butikk! Og tipper at om du lurer på stoff i spesielle farger, så legg ho ut bilder når ho har tid!!



På Quiltesiden i går var det lagt ut tips til kva ein kan sy om ein no får ekstra tid heime. Eit fint dekorert penalhus sydd av Merete Nybro Berg vart kommentert av underteikna, og jammen kom der både  mål og link til framgangsmåte! 

Mål til penalhus: kuttemålene på penalhuset er 32x32cm. Husker ikke helt hvor store firkanter jeg har klippet ut i hjørnene, men tenker de er ca 3x3cm. Fremgangsmåte til penalhuset finner du på bloggen vår. Bruk målene over her i denne oppskriften:

Meretes toalettveske/penalhus

Så no er det berre å leite fram stoff, og kanskje lage nokre julegåver allereie no??

Lykke til!

fredag 13. mars 2020

Neste quiltemøte avlyst!

Hei alle medlemmer!

På forige quiltemøte vart det bestemt å flytte aprilmøtet til 31.3. Som alle sikkert reknar med no, så må vi utsetje neste møte på ubestemt tid. Om det blir møte i mai, vil tida vise, men uansett vil vi komme med informasjon her på sida.

Det blir sjølvsagt også info på Facebooksida vår, der vert det kanskje også innlegg som blir delt frå andre sider.

De må også følge med på eposten dykkar, for ein del info legg vi ikkje ut offentlig.
(bildet er frå emblibrary.com)

Vi håpar at de no nyttar tida i heimen til å sy, og om de treng meir stoff, så må de kikke på Facebooksida til Sybutikken Primula Design. Der vert det lagt ut flotte bilder av stoff og du kan ringe og bestille så det er klart til henting! Fort gjort!

Ha gode sydagar!!

søndag 8. mars 2020

Kurs med Helle C Løwenskiold!

Bilder frå kurset med Helle, fargesprakende og flott modellar som vanlig.


Temaet for kurset var linjalen "Drunkards Path" der vi brukte malsett frå Elisas.










Så kjekt med så mange fine modellar! Inspirasjon!


Her er bilder frå dei tre kjekke dagane med Helle! Vi sydde og sydde og skar etter maler, berre avbrutt av mykje god mat!! Som vanlig! 16 kursdeltakarar kosa seg iallfall!













































 Litt av den gode maten.....



 Og vi fekk danske Æbleskiver som ikkje inneheldt epler........




 Takk til Sybutikken Primula Design som stilte med butikk under kurset!!

Og då kurset var slutt, så stod det mange flotte ferdigpakka vesker klare til avreise, her har nok nokon sydd på kurs eller heime!!











Takk til helle for flott kurs, dette anbefales!!