onsdag 30. januar 2013

Kursmat!!



Helga 26.-27. januar hadde vi på nytt eit flott kurs med Birthe Lee Tveit. Vi jobba iherdig med stoff og symaskin (bilder kjem seinare), men like mykje gleda vi oss til matpausane!! God mat og god prat er blitt ein del av kursa våre, noko som alle set stor pris på. 
Kursleiar Siv hadde igjen laga nydelig middagsrett,  no ei fantastisk panne med Gulasj, smaka utruleg godt!! Og oppskrift? Når erfarne kokkar lagar mat, så blir det litt slik og litt sånn oppi, og vips så er det ferdig! Så enkelt! Men Siv sende oppskrifta i etterkant av dette innlegget, så her er den:

EIDAGULASJ

4 porsjoner
600 g beinfritt storfekjøtt i terninger (brukar oftast flatbiff)
2 løk
250 g champinjong
litt olje
paprikapulver
1 boks hermetiske tomater
1 paprika i strimler
2 gulrøtter i skiver
1/4 chili finhakka
1,5 l kraft eller buljong
1/2 ts karve
4 store poteter i terninger
salt
Finhakk løk og champinjong og fres det i olje i ei panne til det er gyllent. Ta panna av varmen og tilsett paprikapulver.
Brun kjøtet lett og ha det i panna sammen med tomater, paprika, gulrøtter og chili. Sett panna på plata og fres det opp under omrøring.
Tilsett kraft/buljong og kok opp. Tilsett karve og salt og la suppa trekke under lokk i ca 2 timar til kjøtet er mørt. La potetene koke med siste 30.
Smak til og server med godt brød.
Suppa kan lagast karbo-fri ved å kutte ut poteter og gulrøtter, tilsett då gjerne meir sopp i tillegg til blomkål/brokkoli.
Erstatt gjerne noko av kjøttet med kjøttdeig og/eller bruk meir potet/champinjong/grønsaker for å lage ein meir “lommebok”-vennleg variant.
Eller lag den på kun kjøttdeig til kvardags, då gjerne servert med makaroni.
Vil du ha ei  “varmare” suppe tilsetter du chilipulver i suppa, eller har det på bordet. Er den for “hot” kan du servere med en klikk rømme.
Focacciabrødet var laga av pose, merke Regal. Men det var VELDIG godt elta, det heva LENGE og eg brukte MASSE  god olje og hadde maldonsalt på toppen.



Til kaffien laurdag hadde Inger Lise laga Suksessterte

Har funne ei oppskrift til denne frå Tine, HER finn du heile oppskrifta.

Ingredienser

  • Bunn:

    4  eggehviter
  • 150 g melis
  • 150 g grovmalte mandler
  • Suksesskrem:

    1 dl TINE Kremfløte
  • 125 g sukker
  • 4  eggeplommer
  • 1  vaniljestang eller 2 ts vaniljesukker
  • 150 g TINE Ekte Meierismør
  • Dryss:

    1 dl grovhakkede og ristede mandler



Søndag serverte Mariann "Kaffimarengskake"



 Her er oppskrifta:

KAFFIMARENGS-KAKE til form 28 cm

Botn 1 (øverst)

150 g smør
150 g sukker
2 egg
150 g kv.mjøl
2 ts bakepulver
1 ss vaniljesukker

Marengs:2 eggekv./100 g sukker/1 ss pulverkaffi i 1 ss vatn/25 g hakka valnøtter

Legg marengsen over kakerøra og steik v/180 gr i ca 25-30 min. Botnen vert litt saftig.

Botn 2:
(ein sukkerbrødbotn)

2 egg
1,5 dl sukker
1,5 dl mjøl
1 ts bakepulver
3 ss sterk pulverkaffi (utrørt i vatn)

Botn 3 (nederst):

Same som botn 1 men uten marengs.

Fyll:
Nederste fyll er 1 pk Sjokolademousse blanda med ca 1 dl vispa kremfløyte.
Øverste fyll er ca 3 dl vispa kremfløyte.

Glasur:
3 ss sterk pulverkaffi, bland i melis til den er passe tjukk til å "ringle" over kaka til pynt.




onsdag 23. januar 2013

Butikkbesøkdag!!

Visste du at 24 januar er det butikkbesøkdagen??? Ikkje kva som helst slags butikk, for dette handlar om å besøke DIN  LOKALE  QUILTEBUTIKK!
Sjølvsagt kjem ein slik trend frå USA, der heiter det "Visit your local quilt shop day".


Og sjølvsagt så likar vi våre lokale butikkar, tenk vi er så heldige å ha to her vi held til!! Minner dykk på at det er vi som kundar som gjer at dei kan drive butikk!!

Om du stikk innom butikkane i morgon torsdag 24.1, så vil du ikkje angre på det. Der er kjempegode tilbod på stoff , og det er flotte og nye quiltestoff.
Lappestua har stoff til 50 og 75 kr meteren, og har elles mykje utstyr og mønster som du har bruk for. På denne dagen er det også spesielle tilbod og overraskingar, så du gjer lurt i å planlegge eit besøk!! Det utrulege utvalet av knappar må du berre få med deg når du kjem innom, og fleire spesialknappar kjem inn!!
HER er link til eit innlegg om butikken frå tidlegare i januar.

Hos Primula Design er det eit dagstilbod denne dagen.


Sidan det er den 24. dagen i månaden, så gjev butikken 24 % avslag på alle stoff og mønster! ( så bra at dagen fall på dato så seint i månaden!)
I tillegg opplyser Ingun at der er også ei overrasking...??? Berrre den som kjem innom får vite kva det er!

søndag 20. januar 2013

Primula Design har kurs!

Om du er rask i vendinga, så rekk du å melde deg på eit lite kveldskurs som Primula Design arrangerer.
Det er allereie i morgon mandag og på bloggen står dette:

Kurs med linjaler på mandag 21. jan kl 1830  på Stårheim skule:

  •  dobbel strip    
  • x-blocks  
  • twister 
  •  og andre 
For meir info må du kontakte butikken.

===============================================================
INFO OM LINJALANE

Mange av medlemmane i klubben har kjøpt av desse linjalane og i november arrangerte klubben kurs i bruk av linjalar. HER kjem du rett til innlegget om dettte kurset. 

Alle desse linjalane som er nemnt over, er veldig gode linjalar og det er utruleg mange moglegheiter med bruken av dei. Nyttar difor høvet til ei lita vising av korleis desse linjalane ser ut og kva slags blokker du kan lage.

Dette er  linjalen Double Strip:

som du kan lage denne blokka med:

HER kjem du rett til eit innlegg om linjalen på bloggen frå våren 2012.

HER kjem du rett til ein video på You Tube som viser korleis ein brukar ein Double Strip linjal.


Dette er injalen X Blocks:

Som du kan lage ma. desse blokkene med:

 (Begge bilda illistrasjonsfoto og er henta frå nettet)
HER kjem du til innlegget på bloggen om denne linjalen. Bildet på headingen er av eit teppe som er laga med denne linjalen.

Dette er Twister linjalen, du får den som stor og liten:
 Du kan ma. lage slike blokker:



Bildet er frå denne bloggen



Dette er frå denne bloggen
 Dette hjerteteppet er frå bloggen til ein butikk, HER kjem du dit.
(Dette bildet er funne på Google søk.)

lørdag 19. januar 2013

Restetid!!

Har etter kvart skjøna at Januar er månaden for bruk av restar!
Vi tømmer kakeboksar for siste rest av julekaker, i kjøleskapet står (eller har stått!!) restar av gode og store julemiddagar og eit allsidig utval av godt julepålegg.

Og stoffrestar har vi vel også rikeleg av. Dei fungerer kanskje også som god isolasjon på veggane våre no når det er så kaldt, men du verden for nokre skattar som vi alle har gøymt bort, berre vi får til å bruke dei!

RESTETEKNIKK nr 2

I dag tidleg dukka det opp endå ein ny resteteknikk då bloggred. hadde seg ein surfetur ut i den store quilteverda.  Og med eitt er denne teknikken, X-PLUS, også blitt ein along, Xplusalong. Oppstarten kom truleg hos ei som heiter Megan, med bloggen Lucy and  Norman,  Bildet under er frå denne bloggen.

HER kjem du rett til innlegget.

HER kjem du til eit Flikr-album med mange bilder av teknikken.
På bloggen til A quilt is nice dukka dette bildet opp, HER kjem du til innlegget.
HER er link til ei oppskrift/ tutorial til denne blokka.

Tidlegare  i år er det laga innlegg om denne teknikken:
RESTETEKNIKK nr 1 

I quilteverda dukka det rundt jul opp ei nydeleg blokk av restar, sydd som Bargello. Dess meir "ville" fargane er, dess meir effekt kjem fram i quilten når den vert sett saman. Denne teknikken vart så populær at det dukkar opp nye bilder  på bloggar stadig vekk.

Bilda er frå bloggen til Im a ginger monkey

HER  og HER er link til Flikr-album på nettet og der står det at det ligg ute nær 900 bilder av slike restetepper.  og teksten under fortel om den store interessa:

Nearly 900 pictures with the #scrappytripalong hash tag now! And over 370 members in the Flickr group! It's crazy how this impromptu QAL has taken off so fast!!!

Øverst i innlegget står det omtale av bloggen Lucy and Norman, der er også eit nydeleg innlegg om denne bargelloteknikken, bildet under er frå denne bloggen. Eit heilt nyyyydelig teppe! HER kjem du rett til innlegget om dette teppet.

fredag 18. januar 2013

Snart kurs!


Vi er mange som gledar oss til kurset med Birthe Lee Tveit neste helg. Kurset går laurdag 26.1 og starter kl 10 og er ferdig søndag i 16-tida ! Kurset går på Stokkenes Gjestegard. Vi skal kurse oss om "Skeive og bua linjer", eit liknande kurs som vi  hadde for nokre år sidan. Kjempekjekt! Og slike kjekke kurs kan vi ikkje få nok av!


No ser vi at det er plass til nokre få til på kurset, så om nokon av medlemmane er interesserte, må dei ta kontakt med kursleiar Siv snarast, tlf 91531479.  Det kan også være mogleg for "ikkje-medlemmar" å delta, dette avgjer kursleiar.

tirsdag 15. januar 2013

Katten med støvlane!

"Har du sett på maken!", sa Askeladden, og jammen seier bloggred. det også!
Her har vi "Katten med støvlane" i sitt rette element! Måtte berre dele dette bildet med dykk alle, mulig at de allereie har sett det før. Bildet er frå Haugtussa quiltelag si utstilling på Tysværtunet som pågår akkurat no.
Eit artig og smart innslag, og kanskje held katten støvlane varme til neste tur ut i kulden??

mandag 14. januar 2013

Ryddesalg!

Mange har rydda ut jula denne helga, og det prøver nok butikkane også. Primula Design melder at der er det på gong rydding i dei raude stoffa, og for å få dei heilt ut av butikken, så kan du no gjere eit godt kjøp der. Sjå her:

4 STK. 1/2M. STOFF KR.150.- 
Bildet er illustrasjonsfoto frå nettet og er ikkje stoff frå Primula Design.

Om du kjem innom butikken, så kan du òg få demonstrasjon av ein ny LINJAL MED BUA LINJER.


Det vert også arrangert eit kurs i februar, info om dette kan komme på bloggen her seinare, men følg med på bloggen til Primula Design så får du all info der når Ingun legg det ut.

søndag 13. januar 2013

Kupp nr 2!

Det er gode, men farlege dagar for lommeboka å være quiltar i Nordfjord! Januar er vanlegvis salgstid for kle, så vi er ikkje vane med salg på stoff i store mengder.
På årets første quiltemøte i NLQ hadde Primula Design med seg fleire stuar med stoff til 50 kr meteren, og alt vart selt ut i rekordfart. Kupp nr 1! (og der er framleis stoff på tilbod i butikken)

Vår andre quiltebutikk, Lappestua v/Siv E. Smørdal, har også eit liknande tilbod, kupp nr 2! Dette varer ikkje berre ein dag, men varer heilt fram til "Bestemordagen" som butikken markerer den 3.feb. med mange gode tilbod i butikken.

For dei som ikkje er kjende med butikken si historie, så er Siv no 3. generasjon i firmaet som før heitte M. Wedvik Englund. Då som no, vart det selt metervis med stoff, men då var det til bekledning stoffa var til. Siv si bestemor hadde fødselsdag 4. februar, så "Bestemordagen" er ei koseleg minnemarkering for henne.

Då underteikna var innom butikken sist laurdag, var der ca 25 stoff til 50 kr meteren, og over 30 stoff til 75 kr meteren. I den sistnemnde kategorien er er ein heil serie blå vinterstoff, nydelige stoff som passar til denne årstida.

fredag 11. januar 2013

Shaded Four Patch

På siste klubbmøte var det spørsmål om namnet på ei blokk, noko som bloggred. lova å finne namnet på. Dette er utsnitt av ein løpar sydd på eit kurs av underteikna, men både når og korleis eg lærte dette er i det uvisse! Blokka heiter Shaded Four  Patches eller Marys Triangles.




















HER er link til ei side med framgangsmåte/Tutorial til denne blokka. På sida til  Treadleon er det også lagt ut korleis ein syr blokka, også med mange bilder av korleis ein kan setje sammen blokkene og få ulike mønster. HER kjem du til sida.



Om du vil sjå det på video, så finn du det HER.

Men ofte har ein bruk for annan storleik på ei blokk enn akkurat ei oppskrift legg opp til, og ein treng ein måte å tilpasse måla på. Det dukka opp ei side med ein omrekningstabell, HER finn du den. Om den er brukandes, gjenstår å finne ut, men det er berre å prøve seg fram.

onsdag 9. januar 2013

Kursmodellar!

Vi skal ha kurs med Birthe Lee Tveit 26.- 27. januar, og på klubbmøtet i går var det påmelding til dette kurset. Dei av medlemmane som ikkje var til stades på møtet og som no ynskjer å gå på kurset, må ta kontakt med kursleiar Siv snarast!!

Bilda av kursmodellane talar for seg sjølv, her er det friske fargar og samansetjingar av stoff nesten utan ei bein linje! Og det kan mest sjå ut til at dess skeivare ein syr og kuttar, dess meir effekt får ein med denne teknikken!













søndag 6. januar 2013

Årets første klubbmøte!

Då ynskjer styret i NLQ medlemmane velkomne til årets første klubbmøte. Og som tradisjonen tru, så vert det Quiltekafe på dette møtet.
Ta med deg ein quilt du held på med til eige arbeid og til inspirasjon for andre.

Vi håpar òg at de tek med dykk quiltearbeid til "Vis og Fortel", for de rakk vel å sy noko i jula også??

Tipsar også om at dersom de ikkje har tom lommebok no i starten av det nye året, så ta med litt meir enn du har tenkt! Fordi:
Primula design har kjempesal på flotte stoff! Ho kjem med eit LASS med stoffstuar der ho sel heile meterar for berre kr 50!! Bloggred var innom butikken laurdag og kjøpte 2 FINE stoff, så dette er gode kjøp! PS. les vidare under her, så veit du kva du treng stoff til!!!
(ps. dette er ikkje Ingun sine stoff, men eit illustrasjonsfoto)


Det vert også påmelding til kurset med Birte Lee Tveit som vi skal ha siste helga i  januar, og dette er eit kurs som så mange som kan, BØR melde seg på. Vi har hatt eit kurs med henne for mange år sidan, og det var veldig kjekt. Ho lagar friske og litt utradisjonelle quiltar, men er eit fyrverkeri i fargane sine. Siv har med bilder av quiltar ho har laga, legg ved eit bilde her til "sniktitt"!

fredag 4. januar 2013

Scrappyquilt!

Under innlegget "Året som gjekk" frå 1. jan i år, vart det skrive om det kjekke kurset  "Resteteppe" vi hadde med Nancy Eriksen i januar i fjor. Der erfarte vi at ved å bruke dei "umulige stoffa" i lag, uansett farge, så kunne det skapast flotte quiltar. Og ikkje minst, ein får brukt opp desse stoffa som går ut på fargedato!

Under litt nettsurfing så dukka det opp ei side hos Quiltville.com med tepper som var laga av akkurat slike umulige stoff. Det nye her var at dette var ein Bargelloteknikk, Trip around the world! Vi har sett mange tepper i denne teknikken, men aldri før har underteikna sett eit så rotete, men så fint teppe i denne teknikken.
Slike restetepper ser så mykje "lystigare og gladare" ut enn dei som er nøye planlagde. Kanskje ein til og med kan påstå at slike tepper har sjel, iallefall har dei nok mange minner om ein brukar av dei vellagra stoffa som aldri har blitt brukt! Ikkje rart fargane då blir glade for å komme ut av skapet!!!
HER kjem du til sida  med bilder av tepper og flott beskrivelse av framgangsmåten til eit slikt teppe. 

Her er det sydd saman striper i heilt ulike fargar, men som samansydd, kutta og samansydd igjen får ein flott skrå stripeeffekt. 

Dei fleste teppa er sydde av stripesett på 5 eller 6 striper. Kikk nærare på sida så ser ein skilnaden på storleiken på blokkene.

Her ser det ut som det er  brukt stripesett med 5 striper. Det øverste teppet  på innlegget har stripesett på 6 striper.

Har også oppdaga at quiltaren bak A quilting Life også har oppdaga akkurat denne sida med Scrappy-quiltar. HER kjem du inn på innlegget datert 3.1 13, men det ser ut som at her er det brukt heilt nye stoff.
Bildet er frå bloggen til A Quilting Life.