fredag 16. mars 2018

Bilder frå marsmøtet!

Her kjem bilder frå eit aktivt marsmøte der vi laga fuglar!


Mykje fint å sjå på "Vis og fortel", ma. mange ferdige arbeid frå kurset med Nina Strandsplads!













































søndag 4. mars 2018

Marsmøte!

Det er blitt mars og det er tid for nytt møte i klubben vår!


Tysdag 6. mars møtest vi på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30. Matvertar til møtet står på lista til høgre på bloggen.

Vi gjer merksam på at denne dagen har vi eit styremøte i lokala våre frå kl 17.30- seinast 18.10, men vi opnar dørene før om vi er klare for det. Det vert ope  som vanleg inn til  "stova" ved inngangspartiet.

Tema for møtet denne gongen er litt førebuing til Regionstreffet som er 8.4. Vi skal lage noko "lite", det er handsaum, så ta med deg dette:


  • Ein ensfarga stoffbit, ca 15 x 15 cm, fargen må være så lys at svart tekstiltusj viser att!
  • Ein liten stoffbit i kontrastfarge, 5 x 5 cm
  • Små perler og litt større perler om du har
  • Band,...her tenkjer vi smale silkeband ol, men passe  str. til at du kan tre dei største perlene inn på bandet.
  • Litt tynn vatt
  • Ei sikkerhetsnål
  • Sysaker
  • Tekstiltusj om du har


Ei påminning i samband med Regionstreffet:

- Ansvarlege for lotterinemda ber om at dei som har gevinstar klare no, må ta dei med på møtet!
- ....  og så var det knappeinnsamling for dei som kan avsjå nokre!!

- Og sjekk om du har kontroll på kvar du har den lilla t-skjorta di! (medlemmar som var med på å arrangere Vestlandstreff har fått ei slik)


Elles så vert det Vis og fortel og lotteri med nyttige quiltegevinstar!!

Velkommen til møtet vårt, og om  det er nokon som har lyst til å bli med i klubben vår, så er dei og velkomne!! Døra er open!!



lørdag 3. mars 2018

Kurs med Nina Strandsplads!

Vi brukar alltid å ha kurs den helga som vi har årsmøte, og denne gongen hadde vi Nina Strandsplads til å lære oss nye teknikkar.

"Buede stjerner" heiter kurset, og det vart etter kvar mange flotte stjerner å sjå. Her vart det laga både veggtepper, løparar og firkanta dukar i mange ulike valørar!

Nina hadde med modellar til inspirasjon:








 Desse blada kan lagast i same teknikken!

Her er kursdeltakarane sine arbeid:








































På kurs har vi alltid pausar med god mat til pausane og denne gongen hadde Rigmor med ei nydelig kake som også er glutenfri! Oppskrift har vi også fått, så tusen takk til bakaren!


                 NØTTEKAKE MED SJOKOLADEKREM
Rund form ca 24cm                          Springform  ca 20 x 30 cm
3 egg                                                                          4 egg
300 g sukker                                                            400 gr sukker
300 g malte nøtter / mandler                              400 gr malte bøtter/mandlar
½ ts bakepulver                                                      1 ts bakepulver
2 eggekviter                                                             3 eggekviter
Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett malte nøtter/mandlar med bakepulver. Pisk eggekvitene stive og tilsett forsiktig.Ha i smurt kakeform. Eg brukar å smørje bare botnen, ikkje sidene. Syns den ikkje har so lett for å synke i hop då.
Steik ved  160 gr i ca 50–55 min.

Krem:
150 g smør/margarin                                                  225 gr smør/margarin
120 g melis                                                                    180 gr melis
2 eggeplommer                                                            3 eggeplommer
½ dl smelta kokosfett                                                  ¾ dl smelta kokosfett
½ dl kaffi                                                                         ¾ dl kaffi
1 pl mørk kokesjokolade                                            1 ½ pl kokesjokolade                                                  

Rør mjukt smør, melis og eggeplommer til lys og luftig krem. Løys opp sjokoladen i delfiafett og kaffi. Bland i smørkremen og rør gjerne litt med handmiksar so den blir lysare og fyldig.
Eg deler kaka i 2 lag og har eit tynt lag krem inni kaka og resten utanpå. Men kan og godt ha all kremen utanpå kaka. Botnen kan vere litt smulete og dele.
Lukke til.