lørdag 30. september 2017

Oktobermøte!

Dei fine haustdagane går fort og det er allereie tid for å melde om at oktobermøtet er om få dagar!!

Tysdag 3.10 møtest vi att, som vanleg på Stokkenes Gjestegard kl 18.30!

Vi fortset på det "japanske temaet" og denne gongen skal vi prøve oss på finsleg arbeid med stoffbitar og synål!




"NEEDLETURN" heiter teknikken, men vi som har sydd ei stund skjønar nok at vi skal sy opp og ned med nåla på eit vis!! :) Det er likevel alltid gode tips knytt til ulike teknikkar, og denne gongen vil Laila U P vise oss korleis vi kan få til eit fint resultat!

Needleturn er ein applikasjonsteknikk der vi syr for hand, og vi ser at denne teknikken er mykje brukt i mange av dei japanske bøkene om quilting. Laila vil ha med mønster til ein fin applikasjon som alle kan få til (ikkje avbilda på dette innlegget), og vi tenkjer oss at dette kan være dekor på noko som vi jobbar meir med på neste møte i november.

Dette treng du å ta med deg til møtet:


  • Vanlege sysaker ( ei god synål!)
  • Papirsaks
  • Eit stykke einsfarga stoff f.eks ca 25x25 cm ( her tenkjer vi at dette motivet skal vi bruke som dekor på noko, difor bør det være litt storleik på det)
  • små rester til å sy motiv





Bilda i innlegget er henta frå Pinterest, HER kan du finne fleire liknande bilder til inspirasjon!

Som de ser så er her uendeleg mange fine arbeid der denne teknikken er brukt. Dette er litt tidkrevande arbeid når ein skal ha med mange detaljar, men eit slikt quiltearbeid skal også være noko ein skal kose seg med over tid, og gjerne ha å ta til innimellom andre prosjekt!!

Torunn vil også vise litt om lukkekantar.





Bildet under her viser at ein treng ikkje bruke teknikken berrre til "nostalgiske" motiv, her er det ei veske der teknikken er brukt til å lage former og fargespel.



Sybutikken Primula Design vil som vanleg være til stades med godt utval av stoff og utstyr, så gled dykk til ein triveleg sykveld i lag!!

Velkomne!

onsdag 20. september 2017

Quiltar i Eidsgata!

Under Eidamessa sist helg hadde Sybutikken Primula Design laga til utstilling av quiltar utanfor butikken! Eit flott blikkfang til dei som gjekk forbi i det fine veret!




Klemmekroken er ein liten turistmagnet i ein krok ved butikken, her låg dette flotte raude teppet og "inviterte" til eit besøk!!



Fin utstilling i gatemiljøet!


Inne i butikken var det svært gode tilbod denne dagen, og det var nok mange som gjorde gode kjøp!


Eit tips til slutt: Denne veka har butikken 30% avslag på batikkstoffa!! Sikkert lurt å ta eit besøk.....

søndag 17. september 2017

Bilder frå septembermøtet!

Kjekt å møtast att og kjekt å få lære noko nytt for enkelte. Kveldens tema var japansk bretteteknikk!










Det var mykje flotte arbeid å sjå under "Vis og fortel", 
bilda rett under her viser eit ferdig teppe som vart begynt på under årsmøtekurset med Helle Løwenskiold.














 Laila og Rigmor i styret hadde teke med seg nokre av bøkene til Grete Gulliksen Moe, vi har bestilt henne til foredrag og kurs i november, gled dykk til det!




 Dette vognteppet er sydd og designa av Synnøve med bloggen "Syoddny"! Ho har også mønster for salg!








 Som vanleg stiller Sybutikken Primula Design  opp med mange fristande varer!!


























Takk til matvertane for god mat til kaffipausen!