torsdag 28. desember 2023

Bilder frå desembermøtet.

Vi har ein fin "julebordstemning" med  tradisjon med å ha desembermøtet vårt som ei triveleg avslutning på året. 









Komiteen opna kvelden med festlig song!



Vi har komite som pyntar langborda fint, ordnar med god mat som klubben betaler og vi har  fast innslag med nissegåve der "nissen Siv" kvart år kjem med kjekke smågåver som vi må lage sjølve!!



Nissen Siv hadde med materialpakke til eit lite juletre av filg, og som vanleg var alle ivrige med å klippe, sy og pynte. Det vart mange fine juletre!



Siv hadde med rikelig med pynt til juletrea!





Bloggred. sitt tre vart ferdig heime, men er no komt opp i juletreet!

Vi hadde sjølvsagt "Vis og fortel" og der var mykje fint å sjå, 
og mykje av det som vart vist fram, skulle gjevast vekk som julegåver.



Anne Marit sine to store sengetepper var imponerande. Desse var julegåver til sine barn, nydelige minnetepper sydd av far sine skjorter. Far gjekk bort for eit par år sidan, så dette vart nok kjære gåver å få. Ho har sydd slike tepper til alle sine 4 barn. Imponerande arbeid og flott quilta av Sølvi Quiltestudio.





Like imponerande var Torunn sitt blomsterteppe med mange tusen små fargerike lappar!!


Utruleg vakkert!!









Randi prøver stadig ut nye idear, ho finn mønster eller inspirasjonsbilder på internett, og komponerer  med eigne stoff. Takk til deg Randi for alle nye idear du kjem med!!



Juletreteppe laga med  10 graderslinjal og midten er inspirasjon frå ei nydelig brikke i Quiltemagasinet.


Stoff med ferdig trykk, ei fin ramme rundt gjorde dette til ein nydelig løpar.


 ...og Randi let seg inspirere  av første innlegget i adventskalenderen vår, Kristtornblad!  Her i storleik som kan passe som Mugrug!


Mange viste fine løparar og brikker, nokre etter mønster medan andre var egenkomponerte eller med inspirasjon frå mønster eller frå bilder på internett. Pinterest har mange gode idear til inspirasjon!!




Annaka sitt mønster "Rimfrost" både som løper og brikke.








Mønster frå Quiltemagasinet.



Stor brikke der linjalen Hex-n-more er brukt.














Brikker med plast på.







Ingun sitt snømannteppe er like aktuelt kvar vinter!!


Lotteriet var som vanlig allsidig, men denne gevinsten var ekstra fin, sydd og gitt av Gitte.


Og så hadde vi sjølvsagt veldig god mat! 
Takk til komiteen for ypperlig jobb!






Då er quilteåret 2023 presentert i mange innlegg her på bloggen, og vi gler oss til nye idear og kjekke timar ved symaskina i 2024.

Takk til alle som følger sida vår, både medlemmer og gjester frå inn- og utland, det er kjekt å inspirere kvarandre, og kjekt å sjå at inspirasjon gjev flotte arbeid som vert vist fram til oss på møta våre.


Klubben vår er stabil med rundt 50 medlemmer, men vi har plass til fleire som vil være i lag med oss enten som medlemmer eller som gjester på møte eller kurs vi arrangerer.