lørdag 9. desember 2023

9. desember

Det vart visst juletre i dag også, denne gongen ein variant for handsaum.



Dette juletreet er designa av det danske firmaet Kludekoner, og er sydd over papp. Bildet er frå Pinterest, men har ikkje mønster, kunne heller ikkje finne det på heimesida til firmaet i farten. Der er mykje andre flotte mønster for salg.

Om du vil lage eit slikt tre, så tegnar du din eigen mal. Sjå på innlegg frå 2. og 5. desember der du får tips om handsaum over papp. Du treng ein del til framside og ein til bakside, nokre av delane kan du sikkert lage på same måten som på innlegget frå 5. desember der ein brettar malen på langs og sparer å sy ein lang sidesaum.

Ingen kommentarer: