søndag 17. desember 2023

17.desember

 I dag viser vi  ein liten stjernequilt som kan brukast til fleire ting. 

Som bildet viser så er denne laga som juletrepynt, men den kan like gjerne brukast som glasbrikke.  

Eit anna tips er å sy nokre til jul/ nyttårsselskapet og bruke dei til kombinert bordkort og glasbrikke, då skriv du namnet med tusj inne på midten.



Alle bilder er frå Pinterest, så forklaringa her er på ulike språk.

Du treng:
  • 1 stor femkant til bakside/ramme på framsida
  • 1 femkant av papp til å stryke inn kantane på "rammestoffet"
  • 1 liten femkant med motivstoff, størrelsen er den same som ferdig størrelse
  • 1 femkant med vatt, same størrelse som motivstoffet.
  • Har desverre ikkje mål på malane, men lag din eigen mal ved å starte med kor stor du ynskjer å ha den. Så prøver du deg fram med malen for ramma. Bruk papir til dette.

Alt er handsaum

  • Klipp ut den store femkanten
  • Stryk inn kantane ved hjelp av pappmalen
  • Legg motivstoff og vatt på den store femkanten og brett spissane inn på motivstoffet.
  • Fest med nåler/klips og fest sammen ved å bruke quiltesting rundt kantane, dette vert også som ei dekorativ stikning.
  • Det finst sikkert ein bedre forklart framgangsmåte enn dette, om det dukkar opp på nettet, eller nokon har tips og legg på kommentar på FB, så vert det lagt inn link her.




På sida til Northern Quilts ligg det oppskrift og framgangsmåte til ei sekskanta Adventstjerne, 


Wenche skriv dette om framgangsmåten:

Jeg fikk vite nå at Grete Gulliksen Moe har vist slike stjerner i en bok. Jeg har en bok av Hanne Asplin Firman, hun viser 5-kantede stjerner. Så ideen er ikke ny! Men akkurat størrelsen og fremgangsmåten her, det har jeg kommet fram til selv ;-) 

Lykke til!


Ingen kommentarer: