søndag 31. januar 2016

Februarmøte!

Tysdag 2. februar møtest vi att på Stokkenes Gjestegard kl 18.30.

Då startar vi opp med repetisjonar av bruken av linjalane våre, og på dette møtet er det linjalen "Storm at sea" som er temaet. Vi hadde linjalkurs i november 2012 der Ingun frå Primula Design var kursleiar.

Vi oppmodar alle som har sydd "Storm at sea" om å ta med seg til å vise fram, og er du ikkje ferdig med den, så passar det å fortsetje på den no.

Minner også om syhelg neste helg, då kan ein fortsetje med det ein evt. byrjar på no på møtet.


Namnet på linjalen er vel akkurat passande for årstida og siste dagars opplevingar her på Vestlandet med orkanen Tor, så no er det sikkert mange som er inspirerte av store bølger med kvite toppar!

Klubben har kjøpt inn denne linjalen, men vi ber om at alle som har ein slik linjal, tek den med på møtet.

Denne blokka er sett sammen av småblokker, her ser du dei:

Du treng å ha med deg til møtet:

  • Symaskin
  • Skjæreutstyr
  • Stoff, minst to fargar, tenk litt kontrast i fargane.
  • Remser med nøyaktig mål treng du ikkje kutte opp på førehand, men du treng eit mørkt og eit lyst stoff som er minst 6". Men ta gjerne med fleire fargar om du vil det!
  • Ta gjerne med deg fargeblyantar om du vil fargelegge deg eit mønster å sy etter. Husk då å skrive ut dei to malane du har fått på epost. (Har du ikkje fått den, må du etterlyse den hos hatlene@online.no)

Her er mange flotte quiltar med denne blokka, og det er fargevalet som lagar effekten:


Du kan sy mange flotte qultar av blokka, alt treng ikkje bli sengetepper! Du kan lage flotte veggoppheng slik du ser på den svarte over her og den lysegrøne lenger nede, eller men tre blokker kan du lage ein flott løpar!
......eller ei pute








Bilda er frå søk på google, der er uendelig mange bilder av slike quiltar om du vil sjå meir!!!

Denne blokka kan også syast utan linjalen, HER finn du ein framgangsmåte til denne blokka på bildet under.

Om du lurer på om du er matvert no eller seinare i vår, så står det liste på høgresida av bloggen. Same lista vart også sendt ut som epost frå Torunn 26.desember.

torsdag 28. januar 2016

"Den nye stjerna"

"Den nye stjerna" er ei blokk som heiter "The new star".
Bildet av denne blokka er frå bloggen PitterPutterstitch.

Kor ny denne stjerna er veit vi ikkje, men den er sikkert ny for mange av oss.

Denne stjerna er sydd som papirsaum, og på sida Quilterscache ligg det malar og framgangsmåte til blokka.  Du kan laste ned maler til blokker som er 10 eller 12 " (inch).

HER er mal til 10" og HER er mal til 12 ".

Der er eit forslag om å sy 4 blokker til eit lite veggoppheng, det kan vel være passeleg mykje arbeid, for mange av oss har vel snart nok tepper no??
Vær obs på når du skal skrive ut malane og få rett storleik: sjå i hjørnet oppe til høgre på bildet under her, der står det 1" test sq, det betyr at du må sjekke at når du skriv ut, så er dette kvadratet 1 inch!!


Takk til Lappestua-Eid.

Laurdag 23.1 hadde Lappestua-Eid sin siste opningsdag. Då vart det laga eit kort innlegg på Facebooksida vår, men ikkje her på bloggen.

Butikken har halde oss medlemmar med eit godt utval av stoff og utstyr i fleire år, trist for oss at Siv sluttar no, men sikkert eit godt val for henne.

Det er likevel godt å vite at ho vil fortsetje med sal og service av Janome symaskiner, sal av utstyr og av bunadsstoff. Siv vil også være ein stor ressurs å ha i klubben vår med all den erfaring og kunnskap som ho har, og vi håpar at ho vil være kursholdar for oss seinare også.

Medlemmane og styret i klubben vil takke Siv for alt ho har tilført oss hittil og vi ynskjer lykke til med den vidare drifta!


tirsdag 26. januar 2016

"Moderne hexagon"

"Moderne hexagon" eller "Modern hexies", ein rask måte å lage dekorative quiltar med desse sekskantane.

HER på sida Modern Handcraft er framgangsmåten godt forklart. Ein artig og veldig dekorativ måte å bruke hexagon på.

Kort fortalt gjer du det slik:




  • Du treng pappmalar, dei lagar du sjølv,  HER på innlegget  i bloggen vår frå 2011 ser du ein måte å lage dei på. Du kan også skrive ut sider på nettet, på sida Lovepatchworkandquilting  er ei side med ulike str. på malane, HER kan du skrive dei ut.
  • Du treng eit bakgrunnsstoff i den str du vil lage og stoff til hexagon i ulike fargar.
  • Klipp ut stoff og fest rundt malane slik som ein gjer til handsaum.
  • Stryk skarpe kantar på hexagon og ta ut pappmalen.
  • Plasser hexagon ut over bakgrunnsstoffet slik du vil ha "mønsteret"
  • Fest hexagon med lim på stoffet.
  • Sy stikningar på kryss og tvers over heile arbeidet, her må ein være pinlig nøyaktig!!!



Bilda her er frå søk på google.


Vil du sjå fleire bilder, finn du mykje fint HER.

lørdag 23. januar 2016

Endå eit mønster....

Kom over endå eit mønster til ei toalettveske som er verdt å dele!



På bloggen Polarhjerte er det lagt ut mange flotte bilder med framgangsmåte steg for steg til denne. Du må ha eit stoff på 33x33 cm, så den vil ha ein ferdig storleik som er brukandes til all slags oppbevaring!


GOD SYHELG!!

torsdag 21. januar 2016

Sy etter Moda-mønster!

På sida til Moda er det mange flotte tips og gratismønster.


Denne toalettveska/ pennalhus/????  Strippy Charm Pouch er enkel å sy og kan brukast til oppbevaring av litt av kvart. Her kan du bruke smårestar til stripene, men du kan også setje saman alt du har av restar og prøvelappar berre du endar opp med rett storleik på delane. For den erfarne quiltar er det sikkert ikkje problem å forstørre mønsteret ut frå denne ideen!

Mønsteret er berre på engelsk, men vi er vel blitt bra van med å ha fokus på tala/inchmåla, og då klarer vi å skjøne det meste. Om det er engelske ord du lurer på, kan du oversette ordet til norsk på DENNE sida! Det er også gode bilder av framgangsmåten på sida.

Tipset om dette mønsteret dukka opp på Quiltesiden på Facebook der Laila Kristin Skauge har lagt ut dette bildet under av det ho har sydd etter dette mønsteret.

søndag 17. januar 2016

Flott mønsteroversikt!

Kom nyleg over ei flott side som AnnaKa laga i 2015, oversikt over mønster ho har gitt ut!!! Utruleg kor produktiv denne dama er! Her er mange kjende mønster, men nokre av dei har vi kanskje ikkje sett før??

På denne sida står mønster nr. 172 "Koppedilla" som siste mønster, men vi veit at det er nye mønster i vente no i januar. Og når det kjem nye mønster,....ja så kjem det ofte to i slengen!! Så likar vi ikkje det eine, så likar vi kanskje det andre.


Vi reknar med at ho oppdaterer sida si etter kvart som nye mønster kjem til!