søndag 3. januar 2016

Quilteåret 2016 startar!

Då ynskjer styret velkommen til oppstart på Quilteåret 2016!

Tysdag 5. jan startar vi med Quiltekafe på Stokkenes Gjestegard kl 18.30. Ta med deg eit syarbeid og så møtest vi til god prat og god mat!

Det blir orientering om aktivitetane for våren, vi skal ha tema på kvart møte og årsmøte med kurs som vanleg. Er det ynskje om småkurs, aktivitetar og demonstrasjonar, så er det berre å ta kontakt med ein i styret.

........og snart kjem sola att til oss som bur bak dei høge fjella!

1 kommentar:

tubakk sa...

Godt nytt quilteår til alle i laget!