lørdag 30. juni 2012

Kalendar 2012


Desse kalendarblokkene er laga av eitt av medlemmane i klubben vår, kreative Randi Røys. Ho fekk inspirasjon frå ein kalendar med strektegningar, dette overførte ho til månadsblokker i stoff. 
Medlemmane hadde ynskje om å ha dette som  "månadsblokker" frå i vår og til vi er komne året rundt. Mønster til blokkene er sendt ut på epost til medlemmane, dei som ikkje brukar epost og gjerne vil ha mønster, vil få papirkopiar ved å ta kontakt med ein i styret.






 Dette stativet har Randi kjøpt av ein smed i Jølster. Aud L. i Svelgen vil skaffe oss namn og nummer om nokon vil ha eit slikt stativ.



lørdag 16. juni 2012

Quiltedagen!

Det finst "dagar" for det meste rundt oss, og i dag er det QUILTEDAGEN! Eller som det offisielt heiter "Quilt in public day". Med andre ord så skal quilten ut og møte folket!!

På ei dansk side står denne forklaringa:
Quilt in Public Day blev afholdt første gang i 2009. På den samme lørdag i juni sætter quilte- og patchworkgrupper over hele Europa sig ud i det offentlige rum for at udbrede kendskabet til den spændende hobby.


Vi har ikkje noko arrangement dette året, og som alle huskar så hadde vi ein fantastisk dag med besøk og utstilling forige laurdag. Då vart vi lagt merke til av forbipasserande òg!




Men vi har hatt arrangement på ein slik dag før,  vi har hatt utstilling i gata  på Nordfjordeid og lotteri av flotte quiltearbeid. Dette var i 2009, og HER kjem du rett til innlegg frå den dagen.  


Bildet i dette innlegget er frå eit klubbmøte, Randi R har laga dette flotte sommarlege teppet. Vil med dette ynskje alle medlemmer og besøkande ein nydelig quiltesommar, og om veret tillet det i dag, ta med deg quilten din ut!!!

torsdag 14. juni 2012

Sommarsying??

Litt tips til syarbeid for sommaren er vel kjekt å få......., og som regel så dukkar tipsa plutselig opp. Og når det dukkar opp hos kjende bloggarar, så er det ekstra kjekt. Var innom på bloggbesøk hos Cecilie, ei av Moldedamene som besøkte oss forige helg. Ho har bloggen Bergfruas lapper, og har nylig lagt ut bilde av eit flott teppe ho har sydd.
Bildet er frå heimesida til Quiltmaker

Mønsteret "Arrowhead" har ho lagt ut link til, og HER kjem du rett til eit flott mønster hos Quiltmaker som inntil vidare ligg ute som gratismønster. Er du lur, så lastar du det ned snarast og lagrar det på pcen din!!

søndag 10. juni 2012

Sommarfestens gode kaker!!

 På sommarfesten vår i går var det mange gode kaker! Alle forsynte seg godt og som vanleg er det då spørsmål om oppskrifter på godbitane. Skal legge inn alle her etter kvart som dei kjem inn!
 Daimkake
 Nydelige wienerbrød

VANILJESNURRAR


50 g gjær
75 g smelta smør
4 dl lunka melk
1 egg
1/2 dl sukker
ca 12 dl kveitemjøl

Hev deigen i ca 40 min.

Fyll:
100 g margarin blanda med 1 dl sukker
1 dl vaniljekrem

Egg til pensling
Ovn 250 gr, steik i 8 min eller til dei er lysebrune.

Slik gjer du:
Del deigen i to delar og kjevle ut avlange plater. Ha på fyll (smør og sukkerblanding) (Berit smelta smøret litt så det kunne strykast lett ut over  og deretter dryssa ho på sukkeret) og brett deigen dobbelt.
Skjær i 2 cm breide striper og skjær eit hol i midten på kvart stykke. træ ein av endane inn gjennom holet og vri det opp slik at kvart stykke får ei fordjuping. Legg stykka på plate og ha vaniljekrem i fordjupinga.

Hev 30 min.
Pensle med egg og steik midt i ovnen i ca 8 min.
Melisglasur på toppen før servering.

Takkar Berit J for oppskrifta, ho opplyser at den stod i Familien nr 9/12.

Pistasjnøttkake med eggekrem


.

5 eggekviter
250 gr. Sukker
125 gr. Mandler
125 gr. Pistasjnøtter
100 gr. Kokesjokolade

EGGEKREM:

5 eggeplommer
1 vaniljestang
4 dl mjølk
2 ss maisenna
1/2 dl sukker
3 dl kremfløyte

PYNT: 

Jordbær, bringebær, blåbær, melon. Granateple, sitronmelisse  .

Pisk eggkviter og sukker stivt og vend inn  malte mandler og pistasjnøtter. Ha røren i en godt smurt form, ca. 24 cm, gjerne med bakepapir i bunnen. La kaken steke midt i ovnen ved 180 grader i ca. 40 min.
Riv kokesjokolade og strø den oppå kaken med en gang den kommer ut av
ovnen.

Skrap frøene ut av vaniljestangen og ha dette i en gryte saman med mjølk.
Eggplommer, sukker og maisenna. Rør hele tiden til dette tykner, og ta av
platen når det koker. Rør i av og til under avkjøling.  Pisk kremfløyten
stiv og bland denne inn i den avkjølte eggekremen.

Legg den avkjølte bunnen på et fat, bre utover eggekremen og pynt med bær og
frukt etter eget ønske.

Takk til Anne Marit D. for oppskrifta!

-------------------------------------------------


 Mokka kake. 


Mandelkake m sjokoladefyll.


Stivpisk 150 gr. melis/sukker og 4 eggekviter. 
Bland  i 250 gr. malte mandlar 

Steik i rund form 160-170 grader ca 40 min.

Fyll og pynt.
100 gr.smør og 100gr. melis. 
Rør kvitt og tilsett 3 eggeplommer, 
så 1plate smelta kokesjokolade. 

Pynt: Raspa sjokolade el.l.

Takk til Anne Marie H. for oppskrifta.
---------------------------------------------

 Konfektkake

250 g mandler
4 egg
200 g sukker
1 ts bakepulver

Lag eggedosis og vend inn mandler og bakepulver.





Form 24-26 cm
Steiketid 45-50 min v/200 gr

Krem:
Kok 1 dl fløte og 100 g sukker og 4 eggeplommer
2 ts vaniljesukker
rør i 100 g smør når det er avkjølt litt.



Ha kremen på toppen av kaka og pynt med raspa sjokolade.


Takk til Elna AA.O. for oppskrifta

-----------------------------

 Ostekake




 Evas pausekake


6 eggehviter
5 dl brunt sukker (eller 4) dette stivpiskes
ha i
1ss maisenna
1 ts bakepulver
 Dette stekes i langpanne på smurt bakepapir
120 gr i 2 timer

Fyll
2 pk fløte piskes
1 pk svisker
2 stk dobbel Dajm
1 bx valnøtter   . svisker dajm og nøtter hakkes opp. Ha på krem og resten oppå,

Ei stor kake, eller deles i to og legges lagvis , fyll imellom og oppå.
 



Sommarvafler
3 egg, litt sukker, kveitemjøl og melk, 
litt vaniljesukker
 og så tek ein elles det ein har i kjøleskapet. 
Så enkelt seier bakaren det, og det er vel difor andre sine vafler alltid smakar bedre!
Takkar Haldis for gode vafler!


Supplerer her med ei nøyaktig oppskrift frå Tine, den er for dei som ikkje "tek det dei har"!!

Ingredienser













Sommarfest!


Så er sommaren begynt,..... med ein herleg sommarfest! Med mange gjester, nærare 40 vart vi!! I år vart det ikkje ordinær sommaravslutning på klubbdagen vår i juni, denne dagen hadde vi blåtur. Vi har hatt tradisjon for å lage utstilling til oss sjølve på siste møtedagen i juni, og det var litt rart å ikkje arrangere det. Men kva skjer??
Denne helga kom 23 ivrige quiltedamer frå Molde på besøk til Nordfjordeid. Etter ein lang dag med shopping på dei to quiltebutikkane våre, Primula Design og Lappestua, så tok dei turen til treff med oss i Gjerdane barnehage.















Vi hadde invitert dei på ettermiddagskaffi med "Vis og fortel", og dagen kunne ikkje ha vore meir perfekt. Etter klar himmel og sol først på dagen, skya det litt over ut på ettermiddagen, både lys og varme vart akkurat passeleg! Quiltearbeida våre svaia i svak bris rundt om på gjerder, i tre, på tak og småting låg på benkar, og tok imot gjestane våre med alle dei flotte fargane. 






Og med eit langbord med herlig kaffimat, så kunne ikkje dagen blitt bedre. Var det nokon som sakna sommaravslutninga vi skulle ha hatt???? Nei dette var mykje betre, for dette var SOMMARÅPNING!!!
Denne kaka heiter Evas pausekake, ein skikkelig godbit, og vi brukar å få oppskrifter med dei som lagar kaker.

Gjestane våre hadde òg med seg mykje til "Vis og fortel", bilder av det kjem i del 2. Det kjem òg litt meir bilder av vår utstilling.












Til slutt må Haldis og Elna ha stor takk for at dei tok initiativ til å lage til  dette arrangementet akkurat her, dei jobbar begge i Gjerdane barnehage og hadde lagt svært godt til rette for at dette skulle bli bra. Og det vart det!!
GOD SOMMAR til alle medlemmane våre og til gjestane frå Molde!

lørdag 9. juni 2012

Blåtur til Selje!




Årets blåtur gjekk til Doktorgarden i Selje. Dette er ein gammal villa frå tidleg på 1900-talet som no er ombygd til galleri, kafe og overnattingsplass. Der er også eit flott utsal av ulike kunstprodukt, bøker frå Selja forlag, og i kjellaren er det akkurat no separatutsilling av kunstnaren Finn Egil Eide frå Nordfjordeid.Vel verdt eit besøk for dei som er i området.




Overraskinga til oss var i galleriet i kjellaren! Her stod Ati frå Selje med ei stor separatutstilling som var laga til berre for oss!! Ati kjem opprinneleg frå Nederland, og byrja med tradisjonell quilting der. No har ho utvikla sin eigen stil der ho mellom anna brukar mykje Crazy quilt med broderi på, med knappar, blonder, band mm.



Sjå på dette flotte arbeidet! Her er det brodersting i alle fasongar, ho fortel at ho diktar opp kombinasjonar av sting. Utruleg arbeid!!! Dette teppet er sydd i ullstoff, og blir nok eit varmt og godt teppe til å ha over seg. Tepper skal vere brukstepper, seier Ati!!

Vil du sjå meir av det Ati lagar, så kan du besøke bloggen hennar HER.



Dette er ein Japaninspirert quilt!

Vi hadde ein flott kveld i Selje, og som vanleg hadde vi spesielt god mat!! Ei fantastisk rykande varm og tjukk fiskesuppe fall i smak hos alle. Og jammen måtte dei ha kokt i store panner, for vi var over 30 stk som møtte opp, ny rekord i frammøte på ein blåtur!
Sviskekake og kaffi til slutt gjorde at kvelden var perfekt!!

Du finn også omtale av blåturen på bloggen til Strikkemor(o) og Tiril Sol

Det kjem litt fleire bilder  i eit seinare innlegg.

onsdag 6. juni 2012

Quiltebesøk!!

Denne veka går det slag i slag med kjekke opplevingar. Etter ein flott blåtur til Selje i går 5.6 (reportasje kjem seinare), så er vi no klare for å ta imot besøk frå Molde. Over 20 quiltedamer tek turen til Nordfjordeid denne helga, der dei har planlagt allsidig aktivitet. Les om det HER.
Men dei har òg ynskje om å treffe medlemmane i klubben vår, noko vi synest er veldig kjekt, så vi har laga til eit lite arrangement laurdag ettermiddag.

  • Vi møtest i Gjerdane barnehage på Nordfjordeid kl 16-18 til "ettermiddagskaffi".
  • Vi har "Vis og fortel" for kvarandre.
Vi håper at så mange medlemmer som mulig kan ta seg tid til å møte opp då, og husk å ta med deg noko å vise fram. Det treng ikkje vere noko nytt som du har sydd, for desse gjestane våre har nok ikkje sett noko av det vi har laga dei siste åra!!
Det er òg fint om du kan ta med deg ei kanne med kaffi og møte opp i god tid så vi hjelper til med å lage alt klart.

Velkomne!