mandag 28. februar 2022

Marsmøte!

 Velkommen til møte 1. mars på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30.


Denne gongen skal vi ha Decoupage på stoff som tema. Dette har vi lært på eit kurs for mange år sidan, no vil vi hente fram att denne teknikken.

I 2015 hadde vi Vestlandstreff der Kari Renolen hadde dette på eit kurs, Synnøve gjekk på kurset og laga dette innlegget på bloggen sin: SyOddny.

Info om kva du skal ta med på møtet, finn du på medlemssida vår.



Denne gongen vert det matvertar igjen, så du treng ikkje ta med niste! Men ta med deg gevinstar til lotteriet om du har dei klare!

Elles vert det Vis og fortel som vanleg!

Velkommen til møte


lørdag 5. februar 2022

Gladmelding! Vi arrangerer Regionstreff!

 Vi skal arrangerer Regionstreff på Nordfjordeid  laurdag 2. April!

Ja dette er ei gladmelding til alle quilteinteresserte! Etter 2 år med passivitet og karantener, så er det endelig opna opp for slike arrangement! Vi har vore veldig spente på om det let seg gjennomføre, men no publiserer vi arrangementet!

Vi vil lage til eit arrangement som er lett tilgjengelig, ope for alle om ein er medlem i ein klubb eller ikkje! Men vi treng påmelding for ma. utstilling, under her er invitasjon limt inn. Denne sender vi også til dei lag/grupper og klubbar som vi kjenner til.

Regionen vår er stor, den går heilt til grensa sør mot Hordaland, nord om Ålesund og aust i Ottadalen!


Her er kopi av invitasjonen, de vil også finne den og eit vedlegg som fil på Facebooksida vår: 



Nordfjord lappe- og quilteklubb inviterer

Til

REGIONSTREFF 2022!

Laurdag 2. april inviterer vi alle quilteinteresserte til treff på Nordfjordeid.

Klubben vår har tidlegare arrangert Regionstreff i 2014 og 2018, då var det i Operahuset på Nordfjordeid.

Denne gongen vil vi prøve noko heilt anna og vi inviterer til både utstilling og foredrag i Eid kyrkje på Nordfjordeid.

Vi legg opp til å ha utstilling over kyrkjebenkane der tepper og litt større quiltar vert liggjande på skrå. Av denne årsak så ynskjer vi ikkje utstilling av småting, men til dømes løparar og puter vil også passe fint å stille ut.

Vi ynskjer  at utstillarane fyller ut ein lapp med info om quilten og fester den synleg for publikum. Denne lappen finn de vedlagt.

Sidan vi har valt å bruke kyrkja som lokale, så har vi  lagt opp til eit foredrag om tekstilarbeid knytt til kyrkja. Vi har mange tekstilkunstnarar rundt om i landet som både syr til bruk i kyrkjene og som eigen kunst. 

I ytre Nordfjord bur den erfarne tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde og ho vil halde foredraget «Kyrkjetekstilar- spanande og meiningsfulle oppdrag».

Vi inviterer også quiltebutikkar frå regionen vår til å delta med sine varer.

I Eid kyrkjetun som ligg like ved kyrkja, vil det bli kafe heile føremiddagen, butikkar,  lunsj for dei som har bestilt det, lotteri og åresalg.

Arrangementet er ope for påmelding for alle interesserte, ein treng ikkje å være med i noko klubb/lag.

 

 

 

Program:

·        9.00  Dørene opnar for rigging av utstilling og butikkar .

·       9.30 Sal av smørbrød, kaker, frukt, kaffi/te/brus og loddsal i Eid kyrkjetun.

·       Det er gratis inngang for publikum, publikum kan sjå på utstillinga, besøke butikkar og kjøpe kaffi/kaker på kafeen. 

·       Lotteri med flotte gevinstar.

·       12.00 Foredrag v/Eldrid Røyset Førde, «Kyrkjetekstilar,- spanande og meiningsfulle   oppdrag»-

·       14.00 Lunsj  for påmelde, åresal og  loddsal på bok.

·       15.30 Trekning av lotteriet på bok

 

Vi i Nordfjord Lappe – og Quilteklubb håper at riktig mange vil finne vegen til Nordfjordeid denne dagen. 

Vi håper også at mange har produkt dei vil vise fram. OBS! Det treng ikkje være noko du nyleg har laga, ta med det du trur andre vil bli inspirert av å sjå!

 

Deltakaravgift utstillarar kr.350,- 

Prisen inkluderer lunsj og foredrag.

 

Standleige for butikkar  kr 500,-

 

Kontant betaling  eller Vipps ved inngang.

 

Bindande skriftleg påmelding/epost innan 15. mars

 

til

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb

 v/Torunn Føllesdal  Utnes 

Hammarvegen 33

6710 Raudeberg

Epost: torunn@solihav.no

Tlf 95924701

 

 

NB! Ver vennleg å melde deg på innan fristen, slik at vi kan berekne bestilling av lunsj. Har du spørsmål om treffet, kontakt Torunn.

 Merkelapp til quilten! Denne blir også sendt på epost til dei lag/grupper vi kjenner til, man kan også sende den om nokon tek kontakt på denne eposten: hatlene@online.no



VELKOMEN TIL QUILTETREFF!

 

Mvh.

NLQ v/Mariann L Hatlenes

-sekretær-