søndag 28. mars 2010

Det fiffige kurset!

Kurs i klubben vår betyr mykje inspirasjon, mykje arbeid, kjekke dagar og god mat. Og det mangla slett ikkje på godsakene denne gongen heller. Ei skikkeleg luksushelg er dette for oss syglade damer, tenk å gjere på det vi likar best og i tillegg få servert god mat!! Kan ikkje ønske oss meir!
Nydelig fiskesuppe stod på menyen laurdagen, søndag hadde vi Malakoff-meny frå hotellet med kylling i focacciabrød.

...og sunn frukt innimellom....


......innimellom kaker og kaker og kaker....og kaffi

Mia Øberg har vore hos oss og halde kurs før i denne teknikken, "Mended hearts". Dette er modellar ho hadde med til mønster som ho selde.




Mias mange modellar over og under her....








Framgangsmåte til denne blokka finn du på bloggen til Oline.






Fint medbrakt utstyr.....

Denne friske løparen kan du sjå ferdig hos Tiril sol.


Litt demonstrasjon innimellom,... ein må ha hovudet klart her for å få med alle dei fiffige finessane frå Mia!!











Betsy si flotte sitjepute som ho hadde med seg!



onsdag 10. mars 2010

Årsmøtekurs

Årsmøtekurset var i år ved svenske Mia Øberg. Ho lærte oss om "Smarta remsor och fiffiga trianglar". Fleire bilder kjem seinare. (Bildet er teke av Kari Råsberg)

mandag 8. mars 2010

Square in a Square

Denne videoen fann eg på bloggen til Kaktus quilts, den viser ein enkel måte å lage "Square in a square"-blokk.


Ingun i Primula Design har tidlegare vist oss denne boka og linjalen som ho har for salg i butikken, ho sa det var enkelt også! Så eg reknar med at denne vesle videoen viser kor enkelt det er. (PS bloggred. har ikkje prøvd!)

søndag 7. mars 2010

NLQ 2010

Denne helga er ei av våre STORE helger i løpet av året. Det er årsmøte og årsmøtekurs. Og av erfaring veit vi at medlemmane set pris på denne måten vi arrangerer helga på. På tradisjonsvis startar vi laurdagen med ein god frukost på hotellet, i år gjekk vi til 4 flotte dekka "Rundebord" med plass til mange, og vi var mange som klarte å stille opp kl 8.30! Bra damer!

Årsmøtet vårt vart avvikla med like godt frammøte. Dei vanlege årsmøtesakene går som regel fort unna, då er det veldig kjekt at medlemmane er aktive i diskusjonen som gjeld drifta av klubben, både innan økonomi og i kva vi skal gjere. Utan slike aktive medlemmer vert vi ikkje ein tiltrekkande klubb, så takk for alle gode innspel, meiningar og avgjerder.

Nemner nokre av sakene vi gjorde vedtak om:

  • Ein ynskjer at klubben sponsar litt økonomisk dei som ynskjer å reise på Nordisk Quiltetreff i Ålborg, Danmark i mai 2012 (HER er link til treffet som var i Gøteborg i fjor).

  • Vi legg inn søknad om å arrangere Vestlandstreff i 2012.

  • Vi permitterer Fjordalappen i eitt år og prøver å bruke kun denne bloggen og utsending av epost med møte- og arbeidslister. Dei av medlemmane som ikkje er på internett, skal få tilsendt info på papir. Ein i styret har framleis ansvar for å utarbeide arbeidslister(mat ol.), og å gje klubbinfo til bloggen. Og framleis oppfordrar vi medlemmene til å komme med tips/ynskjer til tema på bloggen!!!!

Og så vart det litt endringar i styret:

  • Leiar Inger Lise Strand hadde sagt frå seg vervet, men hadde sagt ja til å vere styremedlem. No tek ho truleg på seg leiarvervet eitt år til. Takk for at du stiller opp igjen Inger Lise!!!

  • Sekretær SivSmørdal og styremedlem/avisredaktør Signy Alise K Halle går ut av styret, inn kjem Torunn F. Utnes og Inger K Starheim
  • Vi takkar dei som går ut av styret for ein flott arbeidsinnsats i vervet sitt og er glade for at to nye vil stille opp og gjere ein jobb for klubben vår!

I skrivande stund er årsmøtekurset med Mia Øberg i full gang, over 20 medlemmar kosar seg med hennar "Smarta remsor og fiffiga trianglar".

Bildet er henta frå Mias blogg, den finn du her.

lørdag 6. mars 2010

Amerikansk kursholder i vente!

Ein av kursholdarane som klubben har bestilt i år, er amerikanske George Siciliano frå Pennsylvania i USA. Kurset vert halde i slutten av august, og kjem til å verte annonsert i klubben om ikkje så lenge.

(Bildet er henta frå sida hans)
HER finn du link til heimesida hans, den er dessverre kun på engelsk. Om det er tekst nokon lurer på, så kan bloggredaktør hjelpe med oversetjing om nødvendig! Øverst på sida hans er det mange linkar å klikke på; sjå nærare på George`s Workshops, her er nokre kursmodellar. Under Photos finn du mange bilder frå kurs, og det er slett ikkje doble sengetepper han produserer!!! Ganske så mini-mini!!!

Sjå også info om han på heimesida til Mia Øberg, han skal vere der og holde kurs før han kjem til oss. Klikk på Kurser og rull litt ned på sida der.