mandag 18. april 2011

Tepper som varmer


Det ser ut til at medlemmane våre syr litt i påskeregnet! I dag kom dette bildet på epost frå Randi, ho har prøvd ut eit av motiva i ei av våre Buggy Barn-bøker. Kjempefint teppe, takk til henne for innsatsen så langt.

Er det fleire som har tepper som blir ferdige, så er det berre å sende over bilder, så blir det litt nytt i påska her på bloggen òg.

søndag 17. april 2011

Låvemesse



Då er det annonsert,.....LÅVEMESSE, vårt neste store prosjekt!
(Bildet er frå annonse i Fjordabladet 14.4)

Første helga i september skjer det, og då håper vi at det er mange som melder seg med flotte heimelaga produkt.

OBS! OBS!

Vi ynskjer ikkje berre quilta ting, så her er det rom for både strikk og trearbeid, etandes varer,... det er berre å komme med presentasjon av det du vil lage og selge. Og det er ope for alle, ikkje berre medlemmer i klubben. Så det er berre å bringe invitasjonen vidare til dei som lagar spennande produkt.

Styret i Låvemessa vil etter påmeldingsfristen velge ut dei som skal få delta, dette på grunn av både plass og kvalitet.

søndag 10. april 2011

Vi er i gang!


(Laga av Tiril sol)
Ja! Vi er i gang med "Tepper som varmar". Takka vere flittige medlemmer som har jobba på eiga hand, har vi allereie no fått sjå ferdige produkt som skal gå til dette prosjektet. Laila U P med bloggen Tiril Sol har vore initiativtakar til dette, og ho har allereie sydd 5 tepper etter det ein kan sjå på bloggen!! Nokre av dei viste ho på siste klubbmøte, og fortalde at dette var ein fin måte å nytte gamle ufoar på. Nokre av bilda i dette innlegget er lånt frå bloggen hennar. På klubbmøtet i april fekk medlemmane høve til å tegne av og skjære/gjere klar denne blokka til Sommarfugl i Buggy Barn-teknikk. Vi har fått ein del stoff frå Olaugs Quilt, no vert desse stoffa snart til endå fleire tepper til prosjektet.

(over og under laga av Tiril Sol)
Også Mallemor har funne fram ubrukte lappar og sydd eit teppe til prosjektet.
(Laga av Mallemor)


På klubbmøtet inviterte også Ingun i Primula Design til sying når ho har kurskveldar tirsdagar på Stårheim skule. Følg med på bloggen hennar eller ta kontakt med butikken for å få meir info.

lørdag 9. april 2011

Aprilmøtets "Vis og fortel"

Snart påske, løper i flotte mønster i ein diskret farge!



Mange flotte vesker frå kurset "Postveska" med Bente Malm




































fredag 8. april 2011

Quilterens hurtigkake!

Dette er den gode brownieskaka som vi også fekk på siste klubbmøtet. Red. tok kontakt med denne bakaren også. Og gled dykk! Bakaren hadde hatt ei hektisk veke i forkant av møtet, og valet fall på ei "posekake"! Med kun tilsetjing av margarin og vatn! (merket er truleg Toro eller Møllerens) Til ei slik plate er det brukt 2 pakkar. Så då er det berre å gå i butikken og handle, husk å kjøpe vaniljeis også, for det var godt med is attåt. Og då har du god tid til å sy , og ta deg ein kaffipause med kake..... Det kom likevel ei ekstra oppskrift frå denne kakebakaren, for på kurset "Postveska" med Bente Malm, hadde ho med ei god sjokoladekake òg. Denne oppskrifta deler ho no med dykk.Tusen takk for den Linda!


SOAKED CHOCOLATE CAKE

400 gram smør 4,5 dl vann 6 ss kakao 9 dl sukker 1 beger rømme (3 dl) 4 egg 2 ts natron 9 dl hvetemel


GLASUR

100 gram smør 6 ss melk 5 ss kakao 2 ts vaniljesukker 350 gram melis Sett ovnen på 200 grader. Ha smør, vann og kakao i en stor kjele og varm det opp til smøret er helt smeltet. Rør til en jevn masse. Rør inn sukkeret og pisk inn rømmen. Pisk inn ett og ett egg om gangen, rør så inn mel og natron og rør alt til en fin deig. Ha deigen i en stor papirkledd langpanne og stek den i ca. 30-50 minutter (midt i ovnen). Ikke la den stå for lenge,- i min ovn er den ferdig etter 30 minutter. Skal være litt våt. Sjekk med en kakenål om den er ferdigstekt. Ta kaken ut av ovnen og prikk den STRAKS med en gaffel over hele kaken så du får masse små hull overalt. Hell over den VARME glasuren (den lages ved å smelte smøret og blande inn det andre og røre alt godt sammen til en glatt glasur) og bre den godt utover. Den vil renne nedi hullene og gjøre kaken bløt. La kaken avkjøles i kjøleskapet til den er HELT kald. Ta den ut og skjær den i pene firkanter.