onsdag 25. januar 2017

Flott lukkekant!

Eit lite sytips om korleis du kan sy lukkekant med tittekant i ein operasjon!


Som du vil sjå i videoen så lagar du lukkekanten i to ulike stoff, det eine med bredde 1,5 inch og det andre med 1 3/4 inch. Desse syr du saman og stryk, då ser du med ein gong at den smale tittekanten er klar for sying!!




mandag 9. januar 2017

Sytips frå Bernina


Kom over dette tipset på FB-sida Lappemakerne der Rikke Ditlefsen la ut denne linken til Berninasida. Kjempesmart ide for dei som vil sortere stoff etter fargar! Her er det sydd "ei kasse" i same fargen som symboliserer fargen på innholdet!


HER kjem du til sida med mønster.

onsdag 4. januar 2017

Bilder frå januarmøtet!

Så var vi i gong att! Godt frammøte på årets første møte og det var god stemning rundt alle borda. Mange fine arbeid var å sjå på møtet, nokre under arbeid i løpet av kvelden og nokre ferdige til visning.

Lekker løper sydd av Randi Ra.
 Mexikansk bretteteknikk, dette skal vi få lære meir om på møta i april og mai av Grete.

 Aslaug laga mange slike fine julegåver, så kjekt at ho vart inspirert av klubben sin adventskalender! Denne var tipset for 10. desember.
 Gittes svevande sauer! Eit "panel" kjøpt i Danmark vart dette flotte barneteppet.

 ...også sydd av Gitte!

 ....og av Gitte, her er det brukt "Slipslinjalen" på 9 grader.

 Ein flott quilt under arbeid, Torunn er mester for denne. Dette er mønsteret "Blåveis" av Judith Eknes, HER kjem du til heimesida hennar.

 Randi Rø. sin sjølvkomponerte vinterløpar!
 Solfrid hadde med ein gammal løpar frå 70-talet, det grøne er ull med brodert ull på. Her har ho sett på kantar av bomull og ho ville ha råd om korleis quilte denne. Ho fekk mange tips, så vi håpar at vi får sjå den ferdig.
Fint motiv på Solfrid si toalettveske!
 Anne M.D. hadde sydd ei enkel brikke. Denne er fin å bruke som utgangspunkt til linjalkurset vi skal ha om 3 veker.

Mariann sin husduk, sydd på kurs med Brita Rundgren på kurs i november.

 Elisabet hadde sydd denne fine stjerneløparen. Denne teknikken hadde vi også som "Drop-in-kurs" på Vestlandstreffet vi arrangerte i 2015.
 ......og under eitt av borda vart det observert ei fin medbragt veske,....vi har kanskje sett den før på møter, men måtte berre ta den med her. Randi Rø. har laga denne!



Takk til matvertane for god servering!!



mandag 2. januar 2017

Kurs i vente!

No i januar har vi eit spennande og litt annleis kurs i vente. Helga 21. og 22. januar kjem Merete Ellingsen frå Sy.no for å lære oss å quilte teppa våre sjølve med linjal.

Merete driv firmaet Sy.no der ho tek imot store quiltar for "Longarmquilting" på skikkeleg store quiltemaskiner.

Innan quilting skjer det stadig ny utvikling, og på dette kurset får vi lære at ved hjelp av ein spesiallinjal og symaskinfot til, så kan du quilte flotte mønster på ei vanleg symaskin. Dei fleste av oss har prøvd frihandsquilting på maskina vår, då vert det gjerne litt enkel quilting.

Med spesiallinjalar kan ein lage flotte mønster der du styrer mønsteret ved å sy heilt inntil ein linjal.


HER kjem du til ei side med video som viser dette i praksis.

På Youtube ligg det mange videoar om denne teknikken, bruk då søkeorda "machinequilting ruler".

Her er ein video som viser sying med rette linjer:

HER  og HER er sider med info og mange bilder.


Det finst ei stor mengde med linjalar med ulike former, tilpassa til ulike quiltemønster.


Quiltefoten ser ut som ein vanleg frihandsquiltefot, men den er høgare og passar  til tjukkelsen på linjalen.


Både Lappestua-Eid og Primula Design har på lager slik fot, i tillegg har Primula Design også teke inn linjalar.

Dette innlegget er meint som ein liten forsmak av det som de vil få orientering om på klubbmøtet vårt i morgon. Kursleiar vil komme med meir detaljar om sjølve kurset, og det vil bli påmelding til kurset. 
Om du ikkje har høve til å komme på møtet, så håpar vi at det som er vist her, er litt forklarande om teknikken.

Som vanleg er kursa våre tileigna våre medlemmar, men om vi får ledige plassar, så vil det komme informasjon om det på bloggen her. Det er difor lurt å følge med her om du er interessert i å lære dette.






søndag 1. januar 2017

Årets første møte!!

Då er det på tide å ønske alle "gamle" og kanskje nye medlemmer velkomne til årets første møte i klubben vår.


Dette bildet av quilten "Chinese new year" får markere opninga av 2017!
Bildet er henta HER.


Tysdag 3. januar kl 18.30 møtest vi som vanleg på Stokkenes Gjestegard.

Denne dagen har vi sett opp dette programmet:

(Bildet er klipt frå Northern Quilts´ bilde)

  • Quiltekafè; Vi har småbord i klubblokalet og kosar oss med god mat og prat. Ta med deg eit syarbeid du held på med! Du må gjerne ta med deg noko du held på med, men som du treng litt råd eller hjelp til frå andre medlemmar.
  • Kinesisk teselskap!! Å den som visste kva det er.....! Men for å delta må du ta med deg ei innpakka gåve, verdi max 25 kr. Kva dette går ut på gjenstår å erfare, her er det berre å møte opp og bli med!!

  • Loppemarknad! Denne dagen kan du ta med deg og selje av overskotslageret ditt! Det du skal selje må være knytt til sying på eitt eller anna vis; stoff, mønster, bøker, tråd, utstyr,.....Du må merke alle tinga med prisen du vil ha for dei, og du må styre betalinga sjølv.

  • Orientering om kurset i januar med Merete Ellingsen frå Sy.no. "Quilting med spesiallinjal" er temaet då.
  • "Vis og fortel" og lotteri.

Quilteåret 2016 er omme!

2017 er berre nokre få timar gammal, og vi har mange gode "quiltetimar" føre oss i dette året. Det er utruleg mykje vi får gjort på eitt år, men truleg også mykje ugjort som ligg og ventar på oss dette nye året.

Som quilteklubb har vi det heilt fantastisk i lag, klubben fungerer som ein god sosial møteplass der alder ikkje betyr noko i det heile. Felles glede og interesse knyter oss sammen, vi inspirerer kvarandre ved å vise fram arbeid på medlemsmøta og vi lærer teknikkar av kvarandre. Det er også veldig kjekt med god deltaking når vi arrangerer kurs, då lagar kvar enkelt produkt ut frå sine idear rundt ein teknikk, og vi får sjå kor mange moglegheiter det finst innan fargar og samansetjingar.

Her er ein liten kavalkade over kva vi har gjort på dette året som er omme!

JANUAR

Januar var prega av oppstart, vi møttest på årets første møte til "Quiltekafe" der det var viktigast å være i lag, kose oss med medbrakte quiltearbeid og der vi delte ønsker om det nye quilteåret. På bloggen vart det lagt ut mange tips om ulike teknikkar med linkar.
"Moderne hexagon" var eitt tips, HER er link til innlegget.


23. januar hadde Siv på  Lappestua-Eid sin siste opningsdag som vanleg quiltebutikk, trist for oss som var så altfor godt vane med to quiltebutikkar tett i tett (Primula Design låg rett ved).

Men heldigvis så fortsette Siv med symaskiner (Janome) og utstyr vidare heimanfrå. No i desember -16 så dukka plutselig Siv og Synnøve opp med ein liten "syverkstad" midt i Eidsgata igjen, litt sal av stoff, ferdige produkt og symaskiner. Vi er spente på fortsetjinga!!

FEBRUAR

Temaet i klubben dette året var å fortsetje på oppfrisking av bruken av ulike linjalar. I Februar tok vi føre oss linjalen "Storm at sea" på klubbmøtet.



Det var elles mykje fint å sjå på "Vis og fortel", tydeleg at no var symaskinene komne i sving igjen!
Her er små vesker laga i teknikken "Mexikansk fletteteknikk", dette skal vi ha som tema på to klubbmøter no ut på våren! Gled dykk!


Vi arrangerte syhelg i februar, og heile 17 medlemmer var med og gjorde helga til ei lærerik økt. Mellom anna så sydde mange løparen "Island chain" med mønster frå Quiltemagasinet. 

HER kjem du til innlegget.

MARS

Mars var ein svært aktiv månad. 

På medlemsmøtet var det demonstrasjon av Twister-linjalen, HER er bilder frå møtet. 


Vi hadde årsmøte med kurs, då var det Kari Renolen som inspirerte oss heile helga med Decoupage og sying av vesker. HER er bilder frå kurset.



 Decoupage, laga av Anne Marie, utsnitt av dette bildet er brukt i headingen på Facebooksida vår no.



APRIL

I april var temaet på medlemsmøtet linjalen "Square in a square", HER er bilder!



 Nokre bilder frå klubbmøtet!






Førde Quiltelag arrangerte Regionstreff, mange av oss var der og fekk møte mange andre quiltarar! Både foredrag, utstillingar og butikkar inspirerte oss!

MAI

På maimøtet var det demonstrasjon av det vi kallar for "Slipslinjalen"! HER kjem du til innlegget om denne linjalen.


HER kan du sjå bilder frå "Vis og Fortel".

På bloggen var det også tips om ei lita toalettveske med plastvindu, denne er veldig praktisk til oppbevaringa av alt frå ledningar, toalettsaker og til handarbeid,.....du ser med ein gong kva som er inni!! HER er innlegget!


JUNI

Det går mot sommaravslutning og vi brukar å ha BLÅTUR om nokon tek på seg å arrangere.
Og ja, det vart tur, og ein veldig flott tur til Hauge i Bremanger og Kulturhuset Heimen. Ei utruleg flott oppleving som vi anbefaler på det sterkaste. Her fekk vi lære om det tøffe livet kystkvinnene levde,.......noko til ettertanke for oss som har det lettvint!!




HER kjem du til innlegget om turen!

På junimøtet hadde vi ein bitteliten   aktivitet,.. NÅLEPUTE i ein melkekork! I etterkant har  denne vist seg å være utrueg nyttig! Med litt heftemasse under, så set du den på symaskina eller der du treng å ha den!

JULI og AUGUST

Det er sommar og stille med klubbaktivitet, men bloggred. prøver å holde medlemmane i arbeid ved å lage små innlegg med sytips. Her er ein sommarleg løpar som var lagt ut på bloggen til svenske "Bambi syr med sin quilteglädje", HER er innlegget.




SEPTEMBER

Då vart det oppstart av sysesongen igjen, og vi starta med oppfrisking av linjalen "Lazy Angle".


 Eit tips om toalettveske frå LISA SOL, vart lagt ut, link til mønster finn du HER.

OKTOBER

I oktober fekk medlemmane reisebrev frå eit medlem, mønster til ei lita toalettveske  .


"Vis og fortel"  bar preg av at no går symaskinene for fullt!!








NOVEMBER

Haustkurset i år var ved Brita Rundgren, temaet var "Rund husduk" og "Meshwork". HER ser du bilder frå kurset.




På bloggen var det tips om korleis sy "Arrowhead-blokka".



På novembermøtet var temaet  linjalen Quick curve ruler, HER ser du bilder frå møtet.




DESEMBER

Desembermøtet er eit skikkeleg kosemøte, vi har god mat, dempa lys, kjempestort frammøte (nesten 40 i år) og ein liten aktivitet som er gåve frå klubben til medlemmane. Siv frå Lappestua-Eid har som tradisjon å finne på kjekke oppgåver, i år var det bretting av stoffstjerne. 

HER er link frå møtet.




Då vil underteikna på vegne av styret takke alle medlemmane våre for eit godt syår i lag. Utan kvar enkelt si deltaking i kurs, aktivitetar og møter så ville vi ikkje hatt det mangfoldet vi har i dag.

Vi ynskjer at alle medlemmane skal få best mogleg utbytte av å være medlem i klubben ut frå sin eigen ståstad, slik at alle kan få utvikle seg litt etter litt. Dette får være årets nyttårsønskje frå oss i klubben!

GODT NYTT SYÅR i 2017!