søndag 29. november 2015

Desembermøte!

Det er tid for å ynskje alle medlemmar velkomne til Desembermøtet, eller JULE-møtet som vi likar å kalle det.
Juletreet er funne på Etsy, Fiber art by Ludmila.

Den første dagen i desember,......tysdag 1.12  kl 18.30-21.30 samlast vi til ekstra hyggeleg møte på Stokkenes Gjestegard.

Menyen er "Same as every year": Vi har ekstra god mat, julebord-stemning, ei lita "julegåveoverrasking" å jobbe med som Siv frå Lappestua har laga til. Ta med deg sysaker, vi veit ikkje kva vi treng, men saks, blyant, nål og tråd  (og sybrillene??) kan være lurt å ha med seg!

Vi håpar også å få sjå mange flotte quiltar som skal bli julegåver under "Vis og fortel"! (og vi skal ikkje fortelje vidare kven som skal få det.....)
Hjertet er funne på Pinterest, her er teksten: 
"With Open Heart Mini art quilt by Nancy Messier"

Tida "flyr" no fram til jul, det same gjer denne nissen, bildet er henta frå eit innlegg hos Quiltscapes.

søndag 22. november 2015

Kurskaker!

Torunns Gulrotkake!

Oppskrift:

GULROTKAKE

(Basis frå nrk.no/mat, og ei nydeleg kake på Barmen)

Til stor langpanne, evt to springformer, evt 1/2 mengde til ei springform.

8 egg               
6 dl sukker     Vispast til eggedosis

Sikt saman:
6 dl kveitemjøl
4 ts natron
2 ts vaniljesukker
2 ts kanel
1 ts muskatnøtt
2 ts kardemomme
1 ts ingefær
1 ts salt

Blandast med eggedosisen saman med:
2 dl olje
1 liter raspa gulrot

Steikast i stor langpanne, gjerne fora med bakepapir, midt i ovnen på 175 grader i 40 minutt.

Når kaka er kald, glaserast den med:
200 g kremost naturell
1ts vaniljesukker
100 g meierismør eller margarin
175 g melis

Har også smakt kaka med hakka valnøtt i røra – nydeleg det og.
Kaka kan med fordel lagast dagen før den skal serverast, lettare å dele opp då.
Kake i springform kan delast vassrett og fyllast med glasur også inni.



Grove skulebollar

GROVE SKULEBOLLAR


3,5 dl heilmelk varmast til 40 C.
350 g fint kveitemjøl siktast i ei skål, saman med
150 g grovt, sammalt kveitemjøl.
100 g margarin smuldrast i.
50 g sukker blandast i, saman med
½ pakke tørrgjær,

og aller sist den varme melka.

Medan deigen står til heving, kokast vaniljekremen av ein pakke pulver etter oppskrifta på pakken.

Deigen delast i 15-20 emner, emnene formast til bollar og settast til etterheving.  Så trykkast dei flate, hol lagast i midten, og ei skjei vaniljekrem leggast i.

Steikast midt i steikeomn på 225 grader i 8-10 minutt.
Glaser med melis og evt kokosmasse når dei er avkjølte.

Oppskrifta kan med fordel doblast og firedoblast!
Ein pakke vaniljekrem held til ca dobbel porsjon.

Torunn si Kvæfjordkake.

Oppskrift kjem kanskje seinare!

Flott kurs med Helle!!

13.-15.november arrangerte vi linjalkurs med Helle Løwenskiold, og helga vart heilt topp som forventa!  Vi  la opp til eit todelt kurs, ein dag med linjalen "Hex n more" og ein dag med "Hunter Star".
Dette er Helle sin modell av "Hunter Star", 7" linjalen (den minste)
Utsnitt av Helle sin modell, teppe  der linjalen "Hex n more" er brukt.



Helle er ein utruleg god kurshaldar på mange vis, for ho delte av alle sine erfaringar med linjalane godt blanda med gode historier. Men Helle er også ein veldig positiv kursholdar, for under heile kurset kom det positive kommentarar om fargar, samansetjingar mm. "ÅÅÅ så nydelig!" kunne vi høyre, eller "Se her damer!!" og så enten heldt ho opp eit arbeid eller kalla oss til ein av kursdeltakarane. Slikt likar vi Helle, og dette er med på å gje kvar enkelt kursdeltakar trua på seg sjølv og ein meistrar teknikken. Tusen takk Helle!!

 Helle viser "Hex n more" linjalen.
Under her er ein inspirasjonsmodell med flotte fargar som Helle hadde med seg. Den er sydd av Anna Malin på Kathrines Quiltestue. Blokkene i teppet kan delvis syast med "Hex n more" men her er mykje såkalla "Y-saumar" for å setje delane sammen. Kjempeflotte spreke fargar!





Helle sine modellar over og under her.









 Helle sin modell over og under her. Den viser dei ulike blokkene ein kan lage med "Hex n more".

 Det flotte kurslokalet vårt på Stokkenes Gjestegard! Her trivst vi veldig godt!!
 God mat har vi alltid på kurs, denne gongen var det bestilt koldtbord frå Mega, det brukar å holde til begge kursdagane!


















Søndag var temaet linjalen "Hunter Star".

Helles modell

Under her ser du den gradvise framgangsmåten der den største "Hunter Star" linjalen er brukt.
 Pass på å ha nok stoff øverst på den blå remsa, du treng det når du skal skjåskjære etterpå!
 Det er kun øverste kant på linjalen her som treng å være bein!

 Når du skal sy på neste blå remse, treng du ikkje ekstra stoff øverst, no er det nederst du treng det ekstra stoffet!














Kursenglane Haldis og Torunn delte på helga, og som vanleg vart det også gode kaker på oss! 

Kaka over her er gulrotkake laga av Torunn. HER finn du oppskrifta til både gulrotkaka og skulebollane!
Torunn laga også grove skulebollar, oppskrift: sjå over her!

"Verdens beste" laga av Haldis.