lørdag 28. september 2013

Oktobermøte

Det er få dagar att til oktober, det betyr at klubbmøtet er like om hjørnet! Tysdag 1.10 er dagen og vi møtest som vanleg på Stokkenes gjestegard.

Denne gongen er det ROCKY MOUNTAIN som er temaet, og Ingun på Primula Design vil lære oss å sy denne blokka.
Alle som har høve til det, kan ta med symaskin på møtet,......vi veit det blir trangt om plassen, men vi skal nok få til dette også. Ta med skøyteledning, klubben har mange, men kanskje ikkje nok!
Ingun har laga til materialpakkar til kr 50 som passar til denne brikka som bildet viser.  Ta med skjæreutstyr og vanleg blyant!

Elles så vert det info og påmelding til nokre av dei neste kursa våre no i haust, dette er:
  • 8., 15., og 22. okt:  Frihandsquilting v/Ingun på Primula Design. Dette vert på Stårheim skule, ope også for dei som ikkje er medlemmar, eller har lyst til å bli det!
  • 26. og 27. okt: X-block linjalen v/Siv E. Smørdal på Lappestua 
  • Kurs med Ati i oktober, vi får dato seinare.
  • 23. og 24. nov Julekurs med linjal v/Ingun

tirsdag 24. september 2013

Trekning av lotteriet vårt!

Her er trekningslista til det flotte lotteriet vårt, Gratulerer til dei heldige vinnarane!

Trekning av lotteriet til
Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
Spisebrekker  nr 2330
Anne Mette Lillestøl
Gul toalettmappe nr 856
Synnøve Aasebø
Lilla løper nr 379
Betsy Hellebust
Beige løper nr 1868 Bodil Johnson
Lite grått teppe m/hjerte nr 2532
fam. Belinda Utnes Piel
Lilla toalettveske nr 1520
Trygve, Hanne og Otilie Tverberg
Skopose nr 645
Bente Anita Myklebust
Turkis løper nr 682
Anne Marit Ripe Daviknes
Kleklypepose nr 596
Rut Bøe
Lite englebilde nr  399 Aud Leirvik
Kruspose nr 1809
Turid Reksnes
Pute nr 363
 Astrid Williams
Grå løper nr 1112
Karin Grodås Nesheim
Svart toalettmappe nr 2632
Reidar og Marit Johnsen
Dear Jane løper nr 1380
Liv Antonsen
Rundstrikkepinnemappe nr 322 Alice Grodås
Grått pledd med hjerter nr 1048
Marita Berget Alsaker
Dukke med klær og vogge nr 1555 fam. Bjørn Tore Yri
Leiketeppe m/pose og leikebiler nr 1613 Lukas Nilsen
Rett trekning bevitnes
Nordfjordeid 21.09.13
Torunn Føllesdal Utnes, Ingun Vaksdal og Laila Utnes Piel

søndag 22. september 2013

Avisomtale


Det er kjekt å sjå at Drivhusmessa vår vart lagt merke til. Bilen stod parkert nær hovudgata i Nordfjordeid, og det var nok mange som fekk seg ein god latter av vår "heimesydde bil". 

Avisa Fjordenes Tidende var der også, og med overskrifta i avisa "Her ser du ein heimesydd bil" så fann ein dette innlegget ( kopiert frå nettsida til Fjt) no nyleg:



Nordfjord Lappe- og Quilteklubb vart lagt ekstra godt merke til med sin «quiltebil» på Eidamessa sist helg.
– Ja, vi meinte at dette måtte vi ha, smiler Laila Utnes Piel.
Ho er ein av 54 medlemmer i quilteklubben som hadde salsmesse under Eidamessa.
– Det var Ingunn på Primula Design som ringde meg og spurte om eg hadde ein bil som vi kunne kle inn. Eg tenkte då ein liten leikebil, men nei da. Det skulle vere ein vanleg bil, ler ho.
Quilteklubben fekk dermed låne eit vrak frå Stårheim bilverkstad.
– Vi i klubben snakka om at vi måtte reise på blåtur i den først, ler Haldis Lindset Nesbakk og legg til at klubben har fått ein del kommentarar på bilen dei hadde stilt ut.
Klubben, som dei siste to åra har hatt låvemesse i Leivdalen hadde flytta messa til drivhuset i Hildenes Gartneri.
– Vi har hatt mykje folk innom og det verkar som folk kosar seg, seier Haldis Lindset Nesbakk.

søndag 15. september 2013

Då kom vi i mål!!!

Etter ei flott og hektisk helg, så kan vi no setje oss ned og være godt nøgde med årets store arrangement!
Helga vart både våt og kald, skikkeleg surt haustver! Men bilen vår klarte seg bra i regnet og vinden, lappane som vi limte på heldt seg på plass, berre 6-7 lappar hadde ramla ned!
Utstillingslokalet vårt var perfekt, vi kunne ikkje ønska oss noko betre. Vi rettar stor takk til familien Hildenes som inviterte oss til det tomme drivhuset, og vi såg at vi kosa oss i kvarandre sitt selskap.

Her er to glade eigarar av Hildenes gartneri, junior og senior Berteig som fekk kjøpt seg kvar si  god og varm Kvikk Lunsj lue på messa vår!

Vi hadde kafe ute under tak der vi serverte natronkaker med brunost på og gode saftige kaker! Reine konditoriet! Og kafegjestane strøymde på. Triveleg!

 Det var lyst og god plass til å både henge opp og å legge ut over borda. Medan regnet tromma på taket, så hadde vi det triveleg inne i lag med imponerte kundar som såg på alle flotte varene vi hadde stilt ut for sal.
Vi hadde også laga til utstilling rundt om på veggane, her hang det store tepper, løparar og veggtepper. Kundane la merke til dei ulike arbeida, og var imponerte over kvaliteten på arbeida og dei såg at her har det gått med mange mange timar!!





 Dei flotte gevinstane våre til lotteriet fall i smak, så loddsalet gjekk unna! Komande veke skal vi ha loddsal på Mega på Nordfjordeid, med trekning laurdag 21.9.
Til slutt vil styret få takke medlemmane for godt dugnadsarbeid, her vart det både baka kaker, gått vakter og rigga opp og ned. Det er tydeleg at dette har vi no god erfaring med!
Premien til oss sjølve no etter dette arrangementet, er det komande kurset om 2 veker! Då skal vi lære å sy hjerteblokker i Buggy Barn teknikk. Vi gler oss no til å sitje i ro ei heil helg og berre sy og sy!!

torsdag 12. september 2013

Velkommen til Drivhusmesse!

Då ynskjer vi velkommen til Drivhusmessa på Nordfjordeid komande helg! Det er Eidamesse denne helga, så det vert nok eit yrande liv i gatene våre!
Her viser nokre av oss i styret dei flotte gevinstane vi har til lotteriet vårt. Dette lotteriet startar under messa og vil forsetje på Mega ut neste veke.

I drivhuset hos Hildenes gartneri vert det stor salsmesse av quiltar, strikka varer, barnekle, og ikkje minst god mat å få kjøpt!

Ka dåkke syns????


Då har vi hatt dugnad!! Og firmabilen vår er klar!! Eit kjempeartig prosjekt å jobbe med, vi var berre 4; Reidun, Ingun, Laila og Mariann, men sååå moro vi hadde det.
I eit verkstadlokale sponsa av Stårheim bilverkstad, fekk vi jobbe,.....nesten i fred, for heile tida dukka det opp karar som lurte på kva vi styrte på med. Og så flirte dei litt og rista på hovudet!!
 Men sjå kor lekker han vart! Med initialane våre på panseret, sløyfe på vinduspussarane, og skikkeleg raggarpynt på antenna på taket!!

 Stoffa til bilen er sponsa av Primula Design og Laila U P.
Då gjenstår det å sjå kor mykje merksemd den får på Eidamessa som er på Nordfjordeid i helga, då vert han ståande i nærleiken av Hildenes Gartneri der vi skal ha Drivhusmesse.

lørdag 7. september 2013

Ekstraordinært arbeidsmøte!!

Styret kallar med dette inn til ekstraordinært  hemmeleg arbeidsmøte i forkant av Drivhusmessa!

Oppmøte: Stårheim bilverkstad
Tid: torsdag 12.9 kl 18.30
Kle: Arbeidskle
Sakliste: Kode toyota,....... då slepp du inn i lukka lokale!!!!

Håpar på stort frammøte i denne viktige saka!!

tirsdag 3. september 2013

Medlemsmøte

Då er dagen komen for sesongens første medlemsmøte.
Vi møtest på Stokkenes Gjestegard i dag til vanleg tid; 18.30 - 21.30.

Tema i dag vert Drivhusmessa som vi skal arrangere om knapt 2 veker, vi går gjennom korleis vi organiserer oss denne helga, og håpar at flest mogleg av medlemmane har høve til å møte opp.
Vi har også ei spesiell plan for noko vi skal gjere i høve arrangementet,...ei overrasking som ikkje kan leggjast ut her på bloggen.


Det vert også påmelding til kurs "Hjerter" i Buggy Barn teknikk med Marie Myklebust. Dette kurset går siste helga i september.


Bildet er lånt frå Gloppen lappe- og quilteklubb der mange av medlemmane der har delteke på eit slikt kurs.