lørdag 26. november 2011

Sy ei julegåve?


Sy ei julegåve??
Ja dette kan du ta heilt bokstavleg, for her kan du sy ei julegåve som varer og varer. Og som ikkje kan pakkast opp!

Dette bildet er frå bloggen QuiltSoup der gratismønsteret "Hip holidays" kjem frå.
Innimellom nokre juletre står det mange gåver, og HER finn du link til dette gratismønsteret. I klubben har vi også ei mønsterbok med Buggy Barn mønster, der er det også ei blokk med liknande presangar. Om du vil bruke dette gratismønsteret, så kan du velje å sy berre presangblokkene, og variere stoffbruken,........dette kan nok bli rett så flott??
Her er mønsteret til ei lita lommebok med "presangmotiv" på, det kjem også frå same blogg. Men dette mønsteret kan nok også miksast med dei store presangblokkene.
Lykke til om nokon prøver seg på dette, og kanskje kjem her bilder av resultat her på bloggen seinare??
God helg til alle som kikar innom!

torsdag 24. november 2011

Eit julegåveynskje??


Eit julegåveynskje til deg?? Vel å merke om du har hund då...... eller om du ynskjer deg ein! Northern Quilts lanserer no sin neste bom "A dogs life", eit sjarmerande teppe i nydelige fargar fyllt med hundar!

Dette er designa av Lynette Anderson, ein kjend designer frå Australia.

mandag 21. november 2011

Sytips?


Om du har bruk for etui til heklekrokane dine, så finn du bilder og tips til det her i bloggen til Tonemor og i DETTE innlegget hennar. Ho har funne mønster til etuiet på DENNE bloggen, Mad Quilter frå Australia. Her finn du nøyaktig framgangsmåte, men desverre som så ofte,... alt står på engelsk. Vi håpar likevel at dei som treng det, finn nokon som kan hjelpe seg med oversetjing. Men viss ikkje de har nokon i nærleiken, ja så er det berre å sy sin eigen versjon inspirert av bilder som de ser!
Dette er vel også eit fint julegåvetips??

onsdag 16. november 2011

Heim til jul?

På den australske bloggen Hatched and Patched dukka dette flotte bildet opp. "Heim til Jul" står det over motivet. Ein fin kombinasjon av applikasjon, lappeteknikk og stichery laga på ein dekorativ måte.
Fristande å prøve seg på noko slikt?? De rekk dette før jul om de byrjar no! For her kjem det beste: MØNSTERET ER GRATIS OG DET LIGG SOM EI PDF-fil SOM DE LASTAR NED HER!!!
Mønsteret er desverre kun på engelsk, men måla står som inch, der er klippemalar og godt bilde å sjå etter, så dette klarer nok dei fleste av dykk!
Lykke til!

lørdag 12. november 2011

Heimebesøk!


Som bloggred. har ein som oftast kameraet i veska same kvar ein er. Denne veka vart det eit besøk hos Reidun, ein av medlemmane i klubben vår. På forige klubbmøte då vi ma. fekk servert natronkaker, då sa Reidun at oppskrifta på dei gode natronkakene, hadde ho brodert inn på eit "kaffi-veggteppe". Ein god idè til andre gode oppskrifter også!!Dette fargerike sommarfuglteppet fanga også fotografens merksemd!Takk for "Vis og fortel" i heimen din Reidun!!

søndag 6. november 2011

Tepper som varmar!

Vi har hatt SYLAURDAG! Med sying, quilting og kanting av tepper som er til prosjektet vårt "Tepper som varmer". I underkant av 10 stk var møtte fram og jobba iherdig då bloggred. var innom. Ein skulle gjerne sett at fleire av medlemmane møtte opp, men håper dei stiller ein annan gong om vi lagar til sylaurdag.
I allefall må vi gje dei frammøtte ei stor takk til dette frivillige arbeidet dei gjer. I tillegg må vi takke Primula Design for lånet av quiltestativet. Om dei vart ferdige, det vites ikkje i skrivande stund, men reknar med at medlemmer vert kontakta om det trengst meir hjelp i innspurten. Teppa skal overleverast midt i desember, så vi håpar at dei kan bli viste fram samla på julemøtet vårt. Om det ikkje går, så skal vi ordne med bilder til bloggen. Laila. U. Piel er initiativtakar, lurer de på noko, så ta kontakt med henne.
Sjå elles innlegg 5. mars og 10. april om dette prosjektet.

Dette teppet er laga av Solfrids restar, eit flott fargespel. Men sjå kor flott ho har quilta! Ho har brukt fleece til bakside, og det er så fine quiltemønster at baksida er minst like vakker!!


fredag 4. november 2011

Julesalsutstillinga er på plass!

Om du no går på Didriks kafe på Nordfjordeid, så vil du sjå julete quilteting rundt om på veggane der. For i går jobba Aslaug, Sølvi og Elin flittig med å få hengt opp alle dei flotte arbeida som vart samla inn på siste klubbmøte.


Her ser ut til å vere rikelig med varer akkurat no, men desse damene er så optimistiske til denne salsutstillinga at dei allereie no ETTERLYSER MEIR VARER FOR SALG!!!
Dei ynskjer å ha eit lite lager som dei raskt kan supplere frå, for vi veit alle at ei bugnande utstilling sel mykje betre enn ein ting her og ein ting der! Og det er mange kafedagar før det er jul, så her kan det bli mykje salg!
Her er viktig melding frå Aslaug:
Eg tek meg av registrering av produkta og sørger for å fylle på varer på Didriks. Eg hentar og pengar, og betaler ut til dei som skal ha det.

Det beste for meg hadde vore om eg fekk inn masse, og kunne pøse på framover. Vil tru at det er nokre restar etter låvemessa..... Dei kan ringe meg,dei som har noko... Treng ikkje berre være jul og advent, kan være ALT mulig :-)
Mobilnr er : 97533623

torsdag 3. november 2011

Nydelig mat for quiltarar!

På siste klubbmøte hadde vi som vanleg mykje god kaffimat. Der var både wienerbrød av ulikt slag , eplekake, lefse og natronkaker. Slike natronkaker vart også selt i hundretals på Låvemessa vi arrangerte før i haust, så dette er tydelig noko folk likar. Kjempegode med godt smør og brunost på!
Her er oppskrifta:

2 l kefir

1 pk natron (40g)

1 toppa ss vaniljesukker

0,4 kg sukker

Ca 2 kg kveitemjøl

Deiga skal vere laus når du lager kakene.

Kakene klappast ut i ein mjølbolle.

Steikast på takke, ved middels varme.

Dette blir ca 80 kaker.

onsdag 2. november 2011

Novembermøte i NLQ!



Veske til kaffislabberas?



Dette er Hilde i Svelgen som jobbar flittig med hexagonteppet. Mange av medlemmane har vore med på å sy små blomster, og Hilde har teke på seg å sy sammen. Imponerande!

Primula Design viste to flotte modellar av Annakas sminkeveske.
Nydelig vinterteppe, dette panelet får du kjøpt ferdig trykt hos Lappestua, du treng kun å quilte og å montere på ein del knappar til pynt. Nydelige fargar og motiv.

Hjerter, kutta og miksa og sydd saman igjen. Primula Design har boka der dette står i.

Hexagon med cupcakes, sydd på maskin.
Annakas adventsløpar, stod i siste Quiltemagasin.

Dåpsgåve til lille barnebarn Emil.
Desse to med stjerner vert å få kjøpt på juleutstillinga vår på kafeen Didriks. Og sjølvsagt mykje meir. Mange arbeid vart innlevert, og vert hengt opp med det første der.

Mobilveske
Ei samling av nyttige "verktøykasser"! Både til smykker, sminke og hobbyutstyr.


Frå Sun Bonnet Sue kurset.


Desse to svarte løparane er dekorert med band.


Frå kurset Sun Bonnet Sue.Dei 5 bilda under her er tepper og sengesett til dukkevogger.






Vognteppe til eit oldebarn nr 4!!

Nydelig toalettveske med koselig namnelapp. Denne er bestilt hos Mina namnband, link står i høgrefeltet på bloggen her.

Mobilveske, mønster til dette finst på nettet ein plass...... , kort tid etter publisering av innlegget, så kom det link frå Haldis! Det er ho som har sydd denne, takk til henne for tipset!
Pink Penguin heiter bloggen.