søndag 30. oktober 2016

Novembermøte!

November er her snart og tysdag 1.11 møtest vi att til triveleg møte på Stokkenes Gjestegard!

Temaet denne kvelden er linjalen Quick Curve Ruler, den store linjalen i denne serien.


Denne linjalen har vi hatt i klubben nokre år, og mange har nok sydd fine ting med den som hjelpemiddel. Nokre linjalar er det utruleg mange muligheter med, og denne er ein av dei. Den fint bua forma kan brukast til både figurar og border, brikka under er det medlem Haldis som har sydd, vist på møte i mai -13.


OBS!! OPPDATERING 1.11 !!

  • Ta med:
2 hovedstoff og 1 bunnstoff, ca 5 inch av kvart stoff!!

HER er link om linjalen frå mai 2013.



Løparen på bildet over er frå bloggen "Syrommet mitt", og det fargerike og enkle teppet under er frå bloggen "From the blue chair".

  • Til alle:
  • Vi oppfordrar dei som har noko dei har brukt denne linjalen til, å ta med seg til inspirasjon for kva ein kan få til med linjalen. 
  • Ta også med linjal dei som har.
  • Ta med symaskin og stoff.
  • ......og eit tips: Om du har rullekniv med lite blad så er denne mykje bedre å bruke i denne bua linja inne i linjalen! Kanskje har Primula Design slike for sal om du manglar.....


Ingun vil vise korleis vi brukar den.

OBS! Om du ikkje har meldt deg på kurset med Brita Rundgren enno, så er det ledige plassar att!

Det vert ikkje "Vis og fortel" på dette møtet, det sparer vi til neste møte i desember, då får vi vel ein liten sniktitt på kva de skal gje vekk i julegåver???  
(......og så kan de begynne å pakke inn dagen etter møtet då!)



fredag 28. oktober 2016

"SyOddny" !

Medlem Synnøve har den flotte bloggen "SyOddny", men den har ikkje vore lagt til på lista over medlemmane våre sine bloggar. No er den lagt til der, og sjå på fine tips som ho legg ut der.

Synnøve har sydd både lappeteknikk og kle i mange år, og prøver stadig ut nye teknikkar og mønster!


Det siste innlegget på bloggen er ein flott bildeserie der du steg for steg får lære korleis du syr ei enkel toalettveske. HER kjem du rett til innlegget.
Her er nokre av kleda ho har sydd, og ho sel også av produksjonen sin om nokon er interesserte i å kjøpe.







onsdag 26. oktober 2016

"Arrowhead"-blokka!

Om du vil lære å sy den fine Arrowhead-blokka som Halden Quiltelag har lært sine medlemmar, så finn du link til ein framgangsmåte  hos Quiltmaker HER.


Bilda over er er henta v/søk på Google!

På bloggen "Quilting with Karen" er det lagt ut ein flot bildeserie der du ser framgangsmåten steg-for-steg.



Takk til Karen for at ho deler framgangsmåten så flott!!

Møte eit quiltelag, Halden Quiltelag!

Gjer eit besøk hos Halden Quiltelag i dag!

Dei er om lag 35 medlemmer og møtest to gongar i månaden. Ut frå bilda dei legg ut, så er dei ei aktiv gruppe og prøver ut mange teknikkar.

Nyleg har dei lært å sy blokka "Arrowhead", noko som viser att i flotte arbeid!!

Her er litt andre bilder som er lånt frå ulike innlegg på bloggen deira:






Det er veldig kjekt å sjå at aktive quiltelag legg ut bilder/oppdaterer sidene sine. Det gjer at vi vel å besøkje sidene deira ofte. Takk til Halden Quiltelag for flotte bilder!

Ynskjer deg eit triveleg besøk hos dette quiltelaget i Østfold, og husk å legge att ei helsing til dei!!

tirsdag 25. oktober 2016

Bilder frå oktobermøtet.




















 Primula Design arrangerte Bernina-kurs v/Merete Ellingsen no i oktober, kjekt og veldig lærerikt!









  Haldis har laga flott bryllupsutstyr til datter som gifta seg i august.

 Del til AnnaKas juetreteppe, mønster i Quiltemagasinet 4/16. Til dei medlemmane som har tenkt å sy dette teppet, så har klubben kjøpt 10-graderslinjalen som ein treng til dette runde teppet.

Den same linjalen skal vi m.a. bruke på julekurset  (vi syr rund "husduk") med Brita Rundgren no i november. Om det er nokon som ikkje har fått meldt seg på dette kurset, så er det enno ledige plassar!! Kontakt Ingun for påmelding!




 Løpar i teknikken "Twisted ribbons", om du vil sjå mange variantar av mønsteret (laga berre av tekantar!!), så har Quiltemagasinet ei flott samling på Pinterest om akkurat denne. HER kjem du dit!

Sjå også dei andre flotte "tavlene" HER som Quiltemagasinet har laga på Pinterest, her finn du mange flotte idear!!




 Toalettvesker sydde på Janomekurs v/Siv på Lappestua
Anne Marie sitt resultat av dei to siste møtekveldane, stjerna i midten er laga med linjalen "Lazy Angle" og på dette møtet lærte vi å lage rund ramme rundt.
 Elna har laga modell til Primula Design, bildet under viser ein smart måte å lage oppheng på baksida. Her er det berre å putte inn ein passeleg lang pinne og å henge opp!

Blokk laga med linjalen "Hunter star".
......fint penalhus sett på møtet.....

 Primula Design stilte med dei nyaste varene i butikken,....og gode tilbod på stoffpakkar. Det gjorde også Siv frå Lappestua.

 Matvertane stilte denne gongen opp med skikkeleg tradisjonsmat: Natronkaker og Råmelkspudding! Takk til dei for ei skikkeleg gourmetoppleving, ja det var mange som ikkje hadde smakt råmelkspudding på årevis,....eller aldri smakt det!! Vil du ha oppskrifta på natronkakene, så finn du den HER!