søndag 30. oktober 2016

Novembermøte!

November er her snart og tysdag 1.11 møtest vi att til triveleg møte på Stokkenes Gjestegard!

Temaet denne kvelden er linjalen Quick Curve Ruler, den store linjalen i denne serien.


Denne linjalen har vi hatt i klubben nokre år, og mange har nok sydd fine ting med den som hjelpemiddel. Nokre linjalar er det utruleg mange muligheter med, og denne er ein av dei. Den fint bua forma kan brukast til både figurar og border, brikka under er det medlem Haldis som har sydd, vist på møte i mai -13.


OBS!! OPPDATERING 1.11 !!

  • Ta med:
2 hovedstoff og 1 bunnstoff, ca 5 inch av kvart stoff!!

HER er link om linjalen frå mai 2013.



Løparen på bildet over er frå bloggen "Syrommet mitt", og det fargerike og enkle teppet under er frå bloggen "From the blue chair".

  • Til alle:
  • Vi oppfordrar dei som har noko dei har brukt denne linjalen til, å ta med seg til inspirasjon for kva ein kan få til med linjalen. 
  • Ta også med linjal dei som har.
  • Ta med symaskin og stoff.
  • ......og eit tips: Om du har rullekniv med lite blad så er denne mykje bedre å bruke i denne bua linja inne i linjalen! Kanskje har Primula Design slike for sal om du manglar.....


Ingun vil vise korleis vi brukar den.

OBS! Om du ikkje har meldt deg på kurset med Brita Rundgren enno, så er det ledige plassar att!

Det vert ikkje "Vis og fortel" på dette møtet, det sparer vi til neste møte i desember, då får vi vel ein liten sniktitt på kva de skal gje vekk i julegåver???  
(......og så kan de begynne å pakke inn dagen etter møtet då!)



Ingen kommentarer: