mandag 31. mars 2008

Regionstreff



Det imponerande Dear Jane teppet som Hanne har sydd!





Dette bildet og dei to under kan du forstørre ved å klikke på det.


Ein treng ikkje å sy kjempestore tepper.... plukk ut det du likar og sett sammen og lag det du vil oppfordra Hanne oss til.


Søndag 30. mars arrangerte vi eit vellukka Regionstreff for Sogn og Fjordane. Klubben vår har jobba med temaet Dear Jane sidan hausten 2007, og til treffet var vi så heldige å få Hanne Schneider til å holde foredrag om dette. Ho er kanskje den i Norge som veit mest om Dear Jane, og ho hadde med seg imponerande arbeid som ho fortalde om. Virkelig ei inspirerande dame, ho gløda skikkelig for saka!!!




Besøk gjerne bloggen hennar, den finn de HER.




Over hundre tilhøyrarar i salen fekk truleg ei positiv oppleving denne dagen.



Klubben sine dugnadstepper vart lodda ut, og vi såg 3 kjempeglade vinnarar motta teppa seinare!



Alle medlemmane stilte med kake til kafeen, denne får ein vel seie TOK KAKA!!! Dotter til ein av medlemmane har laga denne, eit fantastisk syn!
Nokre smakebitar frå utstillinga, det kjem meir bilder seinare.




Her var mykje flott kunst!!!

mandag 24. mars 2008

Flotte gevinstar på Regionstreffet!

Det er mange flotte gevinstar på Regionstreffet 30. mars. Det er loddsal berre denne dagen, så vinnarsjansen er relativt stor. Verdien av gevinstane er også stor, så vi håper at mange tek turen innom gymsalen på Stårheim skule denne dagen. Det er ope for publikum frå kl. 14.30 og trekking av lotteri er kl 16.15.
Her er hovedgevinstane: Bilde laga av kunstnaren Siri Sinding Larsen frå Lillesand.

Sengeteppe "Dear Jane" laga av medlemmane i klubben vår.

Veggteppe "Dear Jane"

søndag 23. mars 2008

Kake-påminning!!


Minner om at alle medlemmane må huske å levere kake til Regionstreffet søndag 30. mars! Må leverast så tidleg som råd!!

Og saknar de inspirasjon til baking, så finn de litt her kanskje??


Freia si heimeside har mange fristande oppskrifter!!

tirsdag 11. mars 2008

REGIONSTREFF

Klubben vår er årets arrangør av Regionstreffet. Det vert 30. mars på Stårheim skule, ca 15 km vest for Nordfjordeid ( i retning Måløy).




Program for treffet:


kl. 10.00 Registrering/ opphenging av tepper m.m.
kl. 12.00 "DEAR JANE" - foredrag av Hanne Schneider
Etter foredraget bestemmer vi kven som skal arrangere treffet i 2009.
kl. 13.30 Middag
kl. 14.30 Utstillinga opnar for publikum.
Loddsal, kafè.
Ein får også kjøpt brødmat og kaffi/te mellom kl. 10.00 og kl 12.00.
kl. 16.15 Trekking av lotteri.
kl. 17.00 Avslutning

PS: Har fått spørsmål om butikkar på treffet; dei melder seg på sjølve, kjem att med info når siste frist for påmelding er ute torsdag kveld 13. mars.



mandag 10. mars 2008

søndag 9. mars 2008

Årsmøtekurs : Bretteteknikkar

Denne helga har vi hatt årsmøte i klubben vår, i tillegg har vi hatt eit 2-dagars kurs med Signe Haugen frå Bergen.
Signe driv både med vev og lappekunst og ho har firmaet Kjellarstua som har ei flott heimeside. Ta ein tur innom og sjå alt som ho driv med av aktivitetar og kurs!


Ho har vist oss BRETTETEKNIKKAR, mange utrulege variantar og fantastisk flotte. Og moglegheitene for samansetjingar er uendelige!!



Her er eitt av arbeida ho har laga, samansett av mange ulike teknikkar.


Modellar som viser ulike teknikkar.



Butikken til Signe.... men sikkert berre litt av den. Her var det mange flotte fargar og mange rare tekstilar.


OBS! Vi har spurt henne om å ha eit fargekurs, så er det nok interesse blant medlemmane så blir det ein gong!




Nærbilde av ein av teknikkane.
Signes Påskesol?????

Noko godt å styrkje seg på........ innimellom!





Signe sin veskemodell, med blokker som har størrelsar etter matematikkens Fibonacci-tal, 1,1,2,3,5,8.........