tirsdag 31. januar 2012

Blå veke!


Kva passar ikkje betre når vi har blå grader ute enn også å ha BLÅ VEKE?? Det er Primula Design som har valt fargen blå i salget sitt denne veka. Alle BLÅ stoff er det no 50 % rabatt på, så her kan du fylle opp lageret ditt for halv pris!!

mandag 30. januar 2012

Årsmøtekurs

Det er snart siste dag i januar, og når vi byrjar på februar, så er det snart mars!!! Så fort går dagane, men så kort tid er det att til årsmøte i klubben og eit kjekt kurs!!
Kursleiar har no sendt ut epost til alle medlemmane (sei frå om du er medlem og ikkje har fått epost!!) om påmelding til kurset.

Årsmøtekurset 9. -11. mars vert i år ved AnnaKa, og kurset heiter "Sminkepunger og små skrin".
Kursleiar har sett siste dato for påmelding til 7. februar. Det er òg klubbmøte denne dagen, men veit du at du ikkje kjem på møtet, så må du melde deg på direkte til kursleiar!!

Ein har tidlegare lodda interessa for dette kurset, og som vanleg er det veldig mange som vil gå på kurs akkurat denne helga. Så ikkje vent med å melde deg på om du vil være med.

Ved litt søk på internett kom red. over Monas Quiltblog, ho har vore på dette kurset med AnnaKa og laga mange nydelige ting. HER finn du også noko ho har laga. Alle bilda i dette innlegget er lånt frå denne bloggen.

søndag 29. januar 2012

System i blokkene!

Nancy viste oss korleis vi kan få til eit ryddig system når vi skal til å sy sammen blokkene. I staden for å legge alt ut over golv eller bord, så kan ein merkje og nummerere blokker og rader, for så å samle alt i bunkar på bordet ved symaskina.Her er kvar rad merka A,B,C osv. og kvar blokk nedover denne rada har nr. frå 1, 2, 3 osv.
Så samlar ho sammen kvar rad, dvs heile rad A og der blokk nr 1 er den øverste. Ho set også ei knappenål i øverste kant på kvar bunke, dette for å markere kva som er opp.Når ho så skal til å sy sammen rad A og rad B, så set ho 2 knappenåler i kvar bunke, stikk nedanfrå og opp. Dette sikrar at blokkene ikkje flytter seg eller forsvinn!! Og når ho så skal til å sy, så er det berre å dra opp kvar blokk.
Her er dette vist med enkle lappar, samme system fungerer like godt med store samansette blokker.


Og til sist, men kanskje svært så viktig: KIKKHOLET!! Då vi såg Nancy ta opp denne dingsen og stod og kika på blokkene med denne, .....då lurte vi litt! Sant nok er ho frå sjøkanten på Sørlandet, og brukar sikkert kikkerten ofte, men på eit lappekurs??
Etter kvart fekk vi både vite og prøve, og vi lo litt då vi fekk greie på at dette var eit slikt kikhol som er brukt i dører!! Ved å sjå gjennom denne, eller med digitalkamera, så fekk vi same effekten som når vi "myser" med augene. Striper og kontrastar kom betre fram. Takk for tipset Nancy, og for eit avslappande og lærerikt kurs! Anbefales til andre quilteklubbar!!

Jewel Box


På kurset var det denne teknikken, Jewel Box, som dei fleste sydde. Her er ikkje bilder av alle arbeida, håpar at det blir litt å sjå på dei komande klubbmøta no framover.Her er ei herleg fargesamling med stoffremser, brukt i teppet over.På bildet over er alle blokkene sydde saman slik dei er, medan det under her er sett inn striper mellom blokkene. Dette er gjort for å "lysne" inntrykket av teppet. Lurt triks! Denne teknikken har også Nancy brukt på eit beige teppe som ho hadde med, sjå innlegg med dato 28.1.


Firerblokk

Firerblokka er enkel å sy, og ein kan sy på ein rasjonell måte. Dei store kvadrata på 3,5 inch må kuttast opp kvar for seg, medan dei små kan syast som stripesett og kuttast opp etterpå. Og her var det viktig å stryke saumrommet mot det mørke stoffet. Vi merka også at all skjæring og sying måtte gjerast nøyaktig for då passa bitane perfekt sammen!
Her er størrelsen på dei små kvadrata 2 inch og dei store 3,5 inch, men desse kan med fordel aukast opp dersom ein skal lage store tepper.
Firerblokka kan fint brukast til løpar.

Nierblokk


På kurset med Nancy Eriksen var det 3 som sydde denne teknikken Nierblokk med rammer og midtblokk med rutekant rundt. Dette var tidkrevjande og nøyaktig arbeid med små blokker på 1,5 inch, med sjå kor nydelig dette blir!Denne blokka kan også lagast med nierblokk der kvart kvadrat er 2 inch, og ramma rundt er på 5 og 8 inch. Noko større enn desse måla anbefaler Nancy ikkje, for det tek seg best ut når blokkene er små. Under her er ein løpar sydd av den eine arten av desse blokkene.Nancy hadde med eit stort teppe i denne teknikken, i glade fargar med lys botnfarge, det var veldig fint. I neste nr. av Quiltemagasinet vil det komme bilder og mønster av akkurat dette teppet, så gled dykk!

Hildes INCH-kjeks!


Hilde var kursvert denne helga og hadde førebudd seg godt og veldig nøyaktig. Sjå på desse stablane med havrekjeks i kakeboksen hennar. Vi lurte litt på om ho brukte å ta mål av boksen før ho laga kjeksa! Men ho kunne avsløre at ho brukte ein pappmal å skjære etter!
Oppskrifta kom opprinnelig frå hennar mormor som budde på Nordfjordeid.
Som de ser, så er kjeksa i storleik 2 1/4 inch, difor namnet INCH-kjeks! Så desse passa godt inn i alt arbeidet vi hadde med inch-linjalen denne helga. Og smaken var fortreffeleg, desse kjem vi nok til å lage Hilde!! Takk for all god servering!

lørdag 28. januar 2012

Resteteppe-kurs

Då er kurset med Nancy Eriksen i gang, og på under 3 timar skjedde det 2 under!!
Her viser Nancy eitt av sine tepper, teknikken her heiter Juvel-boks.

Alle hadde med ferdigkutta bitar som vi sydde saman etter Nancy sin instruks. Då alle blokkene (4 på kvar) var sydd, la vi dei saman på golvet, og vips så var der eit stort "dugnadsteppe". Fantastisk flott måte å vise effekten av blokkene på og kor flott det er med fargeblanding, dette var lurt Nancy! Takk!

Dette er Firer-blokk, nydelig og ryddig mønster med flott effekt.
...og då nesten alle hadde plukka opp att sine blokker, såg det slik ut på golvet. Jammen kjekt vi er mange på kurset, for det er så flott å sjå slike resultat på kort tid. Det inspirerer og opnar opp for bruk av dei fæle og ubrukelige stoffa!

mandag 16. januar 2012

Den grøne veka!

Tenk om vinteren hadde vore endå meir grøn,..... med sol!!! Ønsketenking! Men denne Veka er grøn hos Primula Design! Dei som var innom butikken forige veke, fekk kjøpe raude stoff til halv pris. No har du sjansen til å fylle opp lageret ditt med grøne stoff til halv pris!!Desse stjernene har Ingun på Primula Design sydd, så det er vel stor sjanse for at ho har akkurat desse stoffa.

Til andre medlemmer som har bruk for litt reklame, kontakt bloggred. så får du eit innlegg her på bloggen,....heilt gratis!! Og kjekt for oss andre å lese!

lørdag 14. januar 2012

Etter den 13.!!


Så er fredag den 13. over, og det gjekk vel bra med deg òg? Eller skulle du av stad for å kjøpe meir stoff? Og gjekk det bra med alle våre skarpe verktøy?
Må berre gje dykk ein latterpause mellom syinga dåkka, for på ein interiørblogg stod denne artige lista over skademeldingar frå folk.
Ynskjer alle lesarar god syhelg, og sjå dykk godt rundt når de forlet huset for ein luftetur!!

mandag 9. januar 2012

Kurs med Nancy Eriksen


No er det litt over 2 veker att til årets første kurs, "Resteteppe", og kursleiar melder no at kurset er fullteikna! Dei som no har meldt seg på, kan glede seg til kurset. Vi har fått eit bilde av ein kursmodell, men no i dag oppdaga bloggred. at kursholder Nancy truleg har nokre hemmelege overraskelsar på lur når ho kjem.

(Bildet er lånt frå bloggen Sibir fryd og Quilt)

Nancy har bloggen Nancys Sting og Ting, og på eit innlegg i går skriv ho at ho har brukt mange timar på syrommet i det siste. Og mykje truleg er det førebuingar til kurset vårt som pågår!! Dette skriv ho i bloggen sin:

"Looking forward to classes in Nordfjord later this month. I have several models in addition to what you can see out of this photo."

Så Nancy gleder seg til å holde kurs for oss, og Nancy; "Vi gleder oss til du kjem! Velkommen!"

søndag 8. januar 2012

Besøk hos Primula Design


Laurdag var bloggred. innom butikken til Primula Design på Nordfjordeid. Akkurat då heldt Ingun på med å prøve ut den "taggete" linjalen som vart vist fram på siste klubbmøte. Ho hadde då sydd eit stripesett og la på linjalen. Det var raskt å kutte opp trekantar utan å flytte linjalen for kvar trekant, dvs. dette er ein "hurtiglinjal"!!Her har ho sydd saman 4 trekantar til ei blokk.Dette er henta frå boka "Strip smart quilts".

Denne boka er i privat eige, mulig at Primula Design får tak i denne, men du finn den òg på AmazonDENNE adressa. Her kan du gå inn og bla i boka.Og så eit lønnsamt tips til slutt: Komande veke, v 2, så er det HALV PRIS på alle Raude stoff i butikken til Primula Design!!

lørdag 7. januar 2012

Januarmøte

Vis og fortell starta med denne flotte løparen. Den består av mange små blokker av "Snowball". I haust har vi hatt blomster som tema, dette fortset vi med fram til sommaren.Denne løparen er fyllt av Primula, sa nokon, akkurat den blomsten som no kjem i handelen. På februarmøtet vert denne teknikken temaet!
Men også i litt meir kalde fargar, vert denne fin. Det er Ingun som er mester for dette.




Haldis sitt flotte teppe, framsida er flott og baksida unik med eit puslespel av blokker i mange teknikkar som har blitt liggande. Denne baksida har mykje historie!





Dette er rammer som det skal komme noko fint inni, håper vi får sjå seinare!