søndag 15. oktober 2017

Bilder frå oktobermøtet!

 Kveldens tema var "Needleturn", å applikere for hand. Laila U P har gått på kurs hos AnnaKa og laga modellen under her på kurset, no lærte ho frå seg litt teknikk til slike små applikasjonar. Temaet vårt akkurat no er "Japansk haust", og vi henta motiv til applikasjon frå japanske quiltebøker.

Sybutikken Primula Design hadde med eit fint utval av japanske stoff, nokre i grov bomull og nokre i tynt glatt bomullsstoff.

Tema på forige møte var Japansk bretteteknikk, her under er eit par av resultata som er jobba med heime!






 Randi har sydd to tepper i teknikken "Kaleidoskop", dette skal vi ha søndagskurs i no søndag 22.10. Det er enno ledige plassar på kurset, så kontakt Ingun om du finn ut at dette vil du lære! Sjå eige innlegg på bloggen om kurset!






















 Sybutikken Primula Design hadde med mykje flotte varer, og ho fekk mykje skryt for ein flott presentasjon av varene sine. Takk til eigar Ingun som alltid inspirerer oss mykje på kvart møte!!!






onsdag 11. oktober 2017

Søndagskurs "Kaleidoskop"!




Vi arrangerer søndagskurs  for medlemmane våre 22.10 i teknikken "Kaleidoskop".


Stad: Stokkenes gjestegard kl 10 til ut på ettermiddagen ein gong 😊
Kursholder: Randi Røys

Vi har ledige plassar, så meld deg på til Ingun!


Alle bilda over her er av tepper som er laga av Randi. Ho kjenner godt teknikken og vil hjelpe oss med å velje ut fargar som vil få fram fine effekter.  Som de ser på alle bilda i innlegga her, så er alle blokkene like, men får fram ulike effekter med val og plassering av fargane.

Det er ein eigen linjal til dette, den finst både som stor og liten.

Her er ei ferdig blokk :

Du treng å ha med deg :
  • Linjal om du har! Linjalen "Lemoyne star" kan truleg også brukast, ta den med om du har!
  • ca 60 cm av minst 4 stoff, vel deg eitt som skal være ein botnfarge. 
  • Fargeblyantar!! Vi skal prøve ut mønsteret på papir slik at vi enkelt kan planlegge effekten av stoffa vi har med.



Bilder frå Pinterest:





Velkommen til kurs!

onsdag 4. oktober 2017

Siste nytt!




Siste nytt: Foredrag med Grete Gulliksen Moe 17.11!
I går hadde vi møte i klubben vår, der var det info om at vi får besøk av Grete, med både foredrag og kurs helga 17.-19.11.
Vi kjem til å annonsere med meir info seinare, men vi kjem til å ha OPE FOREDRAG fredag 17.11 kl 18.30! Då er det høve for andre enn våre medlemmer å være til stades! Det vert påmelding pga servering., men som nemnt over her så kjem her meir info seinare.
Tenkte at nokre kunne få begynne å glede seg litt allereie no og kanskje setje av kvelden.....