lørdag 11. mars 2023

Eit vellukka årsmøte!

 Så er årets årsmøte vel i hamn! 

Med 25 frammøtte fekk vi gode diskusjonar i sakene våre og godkjende vedtak.

Blomster til avtroppande styremedlemmer.

Mest spennande var det med valet, der to gjekk ut av styret, og valnemnda hadde ikkje fått ja frå nokon på førehand. Men det ordna seg, og med stor applaus til dei som no går inn i styret!

Det nye styret ser slik ut:

  • Leiar                                                        Torunn Føllesdal Utnes
  • Nestleiar /sekretær                                   Mariann L Hatlenes
  • Kasserar                                                   Rigmor Kvalheim
  • Infoansvarleg                                           Asbjørg Bjørkedal
  • Kursansvarleg                                          Janne G Vatne
  • Materialforvalter/kursmedhjelper            Anne Marit R Daviknes
  • Styremedlem                                           Tove S Johnsen
Etter årsmøtet hadde vi felleslunsj med dei som skal fortsetje dagen med kurs ved Andre Wallenborg.




...og så vart det gjort klart for kurs, "Søm av sekk".


Velkommen til årsmøte!

Styret ønskjer medlemmane våre velkomne til årsmøte i dag kl 10. Vi håpar på godt frammøte og rask saksgang slik at kurset med Andre Wallenborg kjem i gang etter oppsett tid! Val tek alltid tid, så håper medlemmane våre er positive til å ta på seg verv!

Vi avsluttar årsmøtet med ein god lunsj! Vel møtt!


Snøen lavar ned så køyr forsiktig!






mandag 6. mars 2023

Velkommen til marsmøtet!

 Det er tid for å møtast igjen, og i morgon 7.3  har vi langdag og starter  kl 12.

Det vert felles jobbing med å klargjere lotteriteppet og evt quilting av mindre ting.


Ta elles med det du vil sy på og niste. 

Vanleg klubbmøte starter kl 18.30 med dette innholdet:

  • Informasjon frå styret
  • Informasjon frå lotterinemda
  • Tema for kvelden v/Rigmor: Snedig sak!!
  • Kaffipause
  • Lotteri
  • Vis og fortel
Minner om innlevering av gevinstar til "Ukraina-lotteriet",....og det kjem ein journalist frå Fjordabladet for å ta bilder i samband med at vi arrangerer lotteri/basar!!

Vel møtt!

Bilder frå februarmøtet!

 


Mykje flott å sjå på Vis og fortel!

Vi held på med dugnadsteppe med tema solsikker.





Dette skal loddast ut no etter påske der all inntekt skal gå til Ukraina.








Frå kurset "Pølseveske"


Primula Design hadde med nye varer frå butikken.




































Takk til matvertane for god kaffimat!