fredag 31. oktober 2014

Novembermøte!

Det er like før november startar, og vi er kanskje no inne i vår beste syperiode?? Vi er komne godt i gang og mange har vore på kjekke kurs både lokalt og på Vestlandstreff. Nokre er sikkert i gang med produksjon av julegåver, men kanskje nokon treng endå eit tips?

På medlemsmøtet vårt 4.11 får du sjansen til å lære å sy ei enkel men dekorativ blokk. Sidan klubben vår er inne i eit "Stjerneår", så er det sjølvsagt ei stjerneblokk. Den heiter "Disappearing hour glass",...på godt vestlandsk vert det vel eit timeglas som forsvinn.....! Nesten då! Denne blokka kan brukast til både løparar og tepper, og vi ser på nettet at den er mykje brukt i quiltar.

Laila U P vil vise framgangsmåten, og om du vil sy denne kvelden, treng du å ta med dette:

  • Symaskin
  • Skjæreutstyr
  • Lang linjal, helst med inchmål
  • 2 kontraststoff str 10" x 10" til ei stjerne.


På bloggen til Laila, Tiril Sol,  finn du også eit innlegg om denne blokka.

Her er bilder  av same blokka henta frå søk på google:




Det vert også påmelding til kurset med AnnaKa som vi skal ha siste helga i november.

Følg med på innlegget her, for det kjem kanskje meir info før møtet.

onsdag 29. oktober 2014

Regnversveske!!


På bloggen Birthes Rom dukka denne praktiske veska opp. Absolutt akutuell på Vestlandet i desse dagar. Så om du syr denne no, kan du ta turen ut med ei veske som tåler litt av regnet som ausar ned her i vest!! Veska er sydd av voksduk med eit bomullsstoff til kantane.
Birthe har kalla den Vestlandstasken, og HER finn du mønster som ho har lagt ut. Tusen takk for at du gjer det Birthe!
Om du ikkje har voksduk å sy av, så finn du godt utval HER på Stoff og Stil!

mandag 27. oktober 2014

Diamantløpar!

Denne løparen i julefargar heiter "Christmas diamonds table runner". Her er det brukt litt skarpe julefargar, men du kan like godt lage den i heilt andre fargar.


Det er amerikanske Melissa med  sida "Sew BetterSweet Designs" som har laga dette mønsteret. Du finn det gratis HER, og der er mange andre gratis mønster på sida hennar. Klikk på "Tutorial" øverst på sida så ser du alle.

Dette er ein enkel løpar å sy, du skjer blokker på 5 inch i kvadrat i kvitt og eit farga stoff som du legg dobbelt og deler etter at du har sydd. Treng du nærare forklaring på dette, så finn du den HER.
 10 slike blokker treng du til løparen!

lørdag 25. oktober 2014

Korsstingblokk!

Om du treng inspirasjon til noko nytt å sy, så er her eit lite og enkelt tips. Korsstingblokk! Denne helga er det regnver på Vestlandet, så då kan du kanskje bruke litt tid ved symaskina?
Dette bildet er frå bloggen Cluck Cluck sew der ho har sydd ein quilt i sommarlege fargar. "Berry cross stitch quilt" har ho kalla den, kanskje er det bringebær som har inspirert?

HER finn du ein flott tutorial/ framgangsmåte til denne blokka, og du kan lage ulike størrelsar på blokkene.





torsdag 23. oktober 2014

Kurshelg med Bente Malm!

Det nærmar seg ei kjekk kurshelg i klubben vår! Bente Malm kjem og har eit opplegg som passar alle!! Vi gleder oss, og nokre er allereie i gang med å sy små hexagon! Fredag og laurdag er det kurset "Småsaker til sydamen".
Bildet over er frå Bente si side, under er bildet lånt frå bloggen til Stofftausa.
 Søndag skal vi lære om bruken av TriRecs linjalen, ein linjal som kan lage mange ulike mønster!
HER er det mange bilder av quiltar laga med denne linjalen.


Vi gledar oss, og velkommen til Bente!

Om det er nokon som no angrar på at dei ikkje har meldt seg på, så er det truleg nokre få ledige plassar att, enten du vil gå begge eller ein av dagane. Ta kontakt med kursansvarleg i klubben, Grete M.

Julestitchery!

Over halve oktober er brukt, og mange er nok i gang med å førebu julegåver. Her er eit lite stitchery som du fint kan klare å lage til både ein og fleire presangar, enten til deg sjølv eller til å glede slekt og venner!


Mønsteret er gratis og og du finn den på den australske bloggen Threadbare Creations.
HER er link til gratismønsteret.

søndag 19. oktober 2014

Bilder frå Vestlandstreffet i Florø

Det er no lagt ut litt bilder på bloggen til "Quiltegruppa i Florø" frå Vestlandstreffet. Der vil komme meir bilder seinare står der på bloggen, så kikk innom sida deira av og til!
Bildet under her er lånt frå sida deira.

Det er også lagt ut bilder på bloggen til quilteklubben i Gloppen; Gloppetausene!

lørdag 18. oktober 2014

Inspirasjon frå Japan!

Ved tilfeldig surfing i dag tidleg, dukka det opp ein japansk blogg via Pinterest. Her er det mykje småfint og godt handarbeid!
Sakae Yoshihara har bloggen "Pink Caramel" og er for det meste skriven med japanske skrifttegn!! Artig å rulle nedover sidene og liksom forstå seg på japansk! Men om du ikkje skjønar, så finn du Google Translate på høgresida, der kan du til og med velge norsk oversetjing. Det funkar bra, men sjølvsagt med litt artig ordbruk av og til.


Når ein kikkar på bloggen ser ein at denne dama likar det som er smått, ho driv mykje med broderi i korssting, men også mykje miniquilting og applikasjon og handsaum. Dei nederste bilda har eg forstått er sydde av elevar ho har hatt på eit kurs, så dette er  nok ei godt erfaren quiltedame! Om du vil plukke ut quiltinga, så vel du dei ut ved å klikke på etikettlista på høgresida på bloggen.

Det var dette vinterbildet som fanga interessa, og no når vi har hatt sesongens første minusgrader, så kan vi vel begynne på  slike quiltar også?



Denne Snømannquilten  (Mini winter quilt) er eit gratismønster frå Kim Diehl, HER finn du det.

Bilder frå bloggen hennar:















mandag 13. oktober 2014

Vestlandstreff i Florø

Då er årets Vestlandstreff i Florø over, og vi som var der er nok veldig glade for at vi tok turen. Kjekke og inspirerande dagar, med mykje nyttig å lære og mange butikkar å fråtse i. Takkar arrangøren der for eit flott gjennomført arrangement, no er det klubben vår som skal førebu neste års arrangement.

Bloggred. har fått lov å legge ut bilder frå arrangementet der, så her er nokre smakebitar frå utstillinga og kurs.



 Over her er frå kurset med Frøydis Myhre, her gjekk Kari M. R. og ho heldt på med dette bildet i stoffmosaikk då eg var innom og såg.
 Dette bildet er laga av ein kursdeltakar, Nina Vestgård Slåtsveen(eit liknande bilde ligg også på Quiltesiden på Facebook) . Ho gjekk på kurs med Anne Beier Finnestad, der gjekk også Signy Alise, så vi får nok sjå nærare på teknikken seinare! Vil også ta med her at dette kurset får medlemmane våre tilbod om til våren! For dette blir årsmøtekurset vårt! Så berre gled dykk! Under her viser "grunnarbeidet" til bildet, stoffmaling!




 Dette er lotteriet på bok som var trekt søndag. Og om eg ikkje huskar feil, så vart det iallefall 6 gevinstar som gjekk til våre medlemmer!

Takk til Quiltegruppa i Florø, dette var kjekt!