mandag 6. oktober 2014

Oktobermøte!

Dagen før dagen! I morgon tysdag er det klart for medlemsmøte igjen på Stokkenes Gjestegard.

På møtet vil de få lære å lage eit laaangt skråband av eit kvadrat. Haldis vil vise oss ein lur teknikk, og om du også vil prøve dette, tek du med deg eit stoffstykke, td. eit kvadrat på 12-13 inch, (helst eit lyst stoff  som det syner att kulepenn/tusj på),linjal, kulepenn/tusj og ei stoffsaks. Det blir sydd på maskin, men det får du låne om du vil det.

Vi får også høyre om Norsk Quiltefestival, nokre av medlemmane våre var ein tur dit.

Denne gongen håpar vi på eit fyldig "Vis og fortel", for pga arrangement tidlegare. I haust, så blir dette sesongens første!

Då ynskjer vi både nye og gamle medlemmar velkomne til møtet!

Ingen kommentarer: