lørdag 11. mai 2024

Besøk hos Fantasi på Sandane!

Eit lite reisebrev frå medlem Mariann:

Når ein har eit ærend på Sandane i nabokommunen, kan ein ikkje la være å besøke butikken Fantasi.

I utgangspunktet tenkjer eg på at dette er ein quiltebutikk, men den er også mykje meir. Her finn ein stort utval av alt utstyr ein kan trenge til Scrapbooking, og dei som jobbar der har erfaring og kan gje gode råd. 

Her er også ei avdeling med både strikkegarn og broderi, så her kan alle kreative finne noko å supplere med!

Eg får alltid ein god og lang prat med den som jobbar i butikken, og får då også lov til å ta bilder i quilteavdelinga. 

Denne gongen vart eg merksam på stoff i glade fargar, og det var det rikeleg av. Berre sjå på bildet under av reolen med stoff frå Tula Pink.









...og sjå desse sommarlege stoffa!!



Flott serie frå Tim Holtz


Butikken har stort utval i "Layer cakes" i mange størrelsar, spesielt mykje av 5 og 2,5 inch!





Mange fine ferdige modellar finn ein i hyller og på stativ!



I slutten av september arrangerer butikken syhelg. her er begrensa tal på plassar, men er ope for alle, så det er berre å melde seg på!!



Takk for ei kjekk stund på butikken!
Helsing Mariann L. Hatlenes


torsdag 9. mai 2024

Bilder frå maimøtet!

 Mange medlemmer var samla til maimøtet der vi hadde to kjekke tema.

17-mai og løpere var eine temaet, og Synnøve hadde teke med sin fine løpar og viste framgangsmåten til den.


HER finn du også framgangsmåten på Synnøve sin blogg.

Andre 17.mailøparar:

Twister var også tema, og Synnøve sin løper kalla "Snurrande vindmølle" likna også på Twister.














Kveldens andre tema: Ingun viste ei blokk som har to kvadrat som utgangspunkt.


Elles mykje fint å sjå på Vis og fortel:




Denne blokka viste Ingun på møtet i april.


Den vakre blomsten er applikert. Mønster til denne vart delt ut på marsmøtet, eit mønster som passar både til applikasjon og stitchery.
Eit teppe under arbeid, denne blokka viste Haldis då ho var ein av kurshaldarane på Inspirasjonshelga vår i mars.

Koselig stitchery sydd av Britt, klubben har mønsteret til denne!









Takk til matvertane for mange gode smakar til kaffien!!