søndag 5. mai 2024

Det er tid for maimøte!

 Tysdag 7.5 inviterer vi til klubbmøte på Stokkenes gjestegard kl 18.30-21.30.

  • Tema for kvelden er linjalen Twister i ulike størrelsar. Fint om de tek med quiltar der denne linjalen er brukt, då ser vi mulighetene med denne linjalen.
  • Synnøve vil også vise "snurrande vindmølle", ein teknikk som liknar mykje på twister. 
  • Ingun vil vise ei blokk som er sydd av to kvadrat, kutta, og bytta om.......
  • Sidan det no nærmar seg 17. mai, så koblar vi desse teknikkane med 17-mai-løper, og Synnøve sin løper beundrar vi kvart år. 


  • No er det sesong for 17-mai-løparar, så då oppfordrar vi medlemmene om å ta med slike løparar til "Vis og fortel", uansett kva teknikk som er brukt og uansett kor gamle dei er!
  • Om du vil prøve teknikkane, så ta med deg stoff , skjæreutstyr og symaskin. Mengde stoff er ikkje oppgitt, så berre ta med rikelig!!
Anna info om kvelden:
  • Info frå styret om turen i juni
  • Styret ynskjer innspel for haustprogrammet
  • Styret ynskjer saker til styremøtet (om de har)
  • Lotteri
  • Vis og fortel
Velkomne!



Ingen kommentarer: