fredag 11. mai 2018

Lukkekant!

Lukkekanten på ein quilt er siste finish, og korleis du lagar den, kan være med på å gje quilten ein ekstra flott utsjånad.

Og det finst mange alternativ!!


  • Enkel lukkekant
  • Dobbel lukkekant
  • Ein ekstra "tittekant" før du set på lukkekanten.
  • Lukkekant med tittekant!
Når du skal sy på lukkekant, så brukar dei fleste inchlabben til dette, difor er også kuttemåla til stoffremsene oftast tilpassa til det.

Her er ein video som viser korleis du syr på lukkekant, laga av Desiree:


Enkel lukkekant skjer mange i ei bredde på 1,5", nokre bruker 1 1/4 ". Dette er litt avhengig av kor tjukk quilten er. Om det er ein vanleg løper med tynn vatt, er det akkurat nok med 1 1/4".

Denne kanten er det også lurt å bruke dersom stoffet til lukkekanten er litt tjukt.

På bloggen til Ritas handarbeid finn du framgangsmåte til denne steg for steg.


Dobbel lukkekant:

Blir laga av dobbelt stoff, på sida til AnitraS står det at ho kutter stoffet i 2 1/4 ".

På sida til AnitraS finn du framgangsmåte til den.





Ekstra tittekant: 

Quiltemagasinet har lagt ut mønster til ein flott Solløper, her er det vist ein litt brei gul kant ved sida av lukkekanten. Bredda av ein slik kant må ein vurdere,.....skal den ta igjen berre litt av fargen i quilten eller skal den være litt dominerande??


HER er link til mønsteret!

Lukkekant med tittekant:

Du kan også lage ein dekorativ lukkekant på ein enkel måte. Metoden er egentlig den same som dobbel lukkekant, men består av at du syr sammen to remser i ulik bredde først, bretter dobbelt og stryk.





På bloggen til Sewfreshquilts ligg det framgangsmåte til denne. (over)




Bloggen QuilteHilde  har også eit innlegg om slik lukkekant, ho kallar den "todelt lukkekant". HER kan du sjå framgangsmåten bilde for bilde!

torsdag 10. mai 2018

Symaskinnåler!

På heimesida til danske Hannes Patchwork er det lagt ut info om fargemerking av Smetz sine symaskinnåler.


Det ser ut til at kvar type nål har sin farge,...smart, for om du får kaos i nålene dine, så kan fargen gje info om kva type nål det er!

onsdag 9. mai 2018

Bilder frå maimøtet!

Mykje fint å sjå på møtet denne gongen!


Løper med mønster frå YouTube som Reidun har sydd! 
Her er oppskrifta:



 Ei ny kreativ veske frå Randi R. No håpar vi på å få eit kurs igjen med henne ein gong.......


 Litt utanom vanlege bilder her, men eit nydelig strikka teppe vart vist fram, her er det STRIKKA LAPPAR!!


Flott løper i enkel teknikk!!



 Eit lite kunstverk av Anne Marie igjen, sydd av ufoer og stoff frå her og der.... og så blir det så fint!!



 Toalettvesker etter modell frå bloggen til Timotei!


 Løper frå kurs med Nina Strandsplads!

 Randi Ra. sine vakre "Sjølvportrett"!!



 Haldis har sydd stjerneduk etter mønster frå Quiltemagasinet.

 Løper med "Flygende gjess" sydd med spesiallinjal til akkurat det,...ein veldig god linjal å bruke i følge Elna!!


Handlenett som kan puttast inn i eit lite hjerte med glidelås!
 Nydelige samansette blåfarger!!


 Ingun har sydd sommarlege dukar/løpar!


Takk for nydelig servering av matvertane, her vart det eit skikkelig festbord!!






mandag 7. mai 2018

Velkommen til Maimøte!

Velkommen til  møte i morgon 8. mai på Stokkenes gjestegard!

(Bilde  lånt frå Bergfruas lapper)


Litt om møtet:
  • Vi evaluerer Regionstreffet!!
  • Kva skjer framover?? (Mykje kjekt i vente!!!)
  • Info frå styremøte 17.4.
  • Vi skal ha ein liten aktivitet
  • Lotteri
  • Vis og fortel

Aktiviteten på møtet:

Du får utdelt mønster til eit lite sommarbroderi designa av Kari, så ta med deg:
  • Eit lyst bomullsstoff, ca 30x30 cm
  • Det du treng til å overføre mønsteret til stoff (tynn tusj, blyant ,....)
  • Brodergarn i sommarlege fargar
  • Broderiramme??
  • Tynn stitcheryvatt?
  • Vanlege sysaker



(bilde lånt frå Hinnaavis)