onsdag 30. august 2017

Velkommen til septembermøtet!

Det går mot haust så no er det på tide å starte opp att med kjekke møter i quilteklubben vår!

Tysdag 5.9 kl 18.30 møtest vi att på Stokkenes Gjestegard.
Etter ein lang ferie vert det kjekt å sjå kvarandre att, og om det er nokon som ynskjer å bli med i klubben vår, så er dei også velkomne!

Organiseringa av møta vert slik vi har hatt det med nyttig info om:

  • Orientering om aktiviteten i hausthalvåret (møter og kurs) v/Ingun og Laila U.P
  • Referat frå styremøte 29.8.17 v/Laila U.P
  • Info om førebuingane til Regionstreff  8.4 2018 i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid v/Gitte og Aslaug
  • Kveldens aktivitet v/Ingun
  • Sybutikken Primula Design blir der med fristande varer.
  • Kaffipause med noko attåt, v/Matvertane (ansvarsliste står på høgresida på bloggen her)
Denne hausten har vi valt å ha eit tema der vi ser langt austover,.....heilt mot Japan.  

Vi tek rett og slett ein JAPANSK HAUST!! 

Her har dei lange tradisjonar innan stoffproduksjon, handarbeid, og quilting i ulike teknikkar og stoff. Du kan lese litt på bloggen Blossom heart quilts om quilting i Japan!


Bildet er lånt frå bloggen Signes sammensurium, her finn du fleire bilder også!

På septembermøtet vert temaet JAPANSK bretteteknikk.

Vi skal lage denne blokka i to variantar:
  • Med handsaum
  • Med symaskin
Du vel kva for ein teknikk du vil prøve, ta med deg utstyr slik:
  • "Vanleg syutstyr"
  • Synåler eller symaskin!!  :)  :)
  • Eit stoff på ca 25 x 25 cm
  • Eit stoff på ca 15 x 15 cm (kontrastfarge til det første stoffet)
  • Litt tynn vatt, ca 15 x 15 cm
  • Om du har litt tynn kartong ca 25 x 25 cm, så ta med det! (Og papirsaks i så fall)



Du kan lage samme blokka med symaskin, i MyQuilt 2/17 stod det mønster til denne løparen av Kari Renolen. Bilda over viser hennar løpar som var på utstilling i Sybutikken Lillehammer.

Det vert "Vis og fortel", så ta med deg noko som vi andre kan få sjå!!

Velkomne!

lørdag 5. august 2017

Stoffkorg!

På tide med eit lite sytips som er enkelt å få til og veldig praktisk!!

Slike stoffkorger kan brukast til alt mulig, til strikketøy, brødkorg, oppbevaring av stoff eller som ein presang med noko "nyttig" oppi!

Det er mønster med engelsk tekst på sida til Simpleasthatblog, og der står at du syr den på ein halvtime!!

Vrangsy korga.

Etter å ha vist dei flotte stoffa til Sybutikken Primula Design på innlegg her på bloggen i går, så må desse stoffa være perfekte til ei slik korg??


Om du vil gjere den ekstrra stødig, så kan du legge ei plate i botnen. Dei som har gått veskekurs med André Wallenborg, har fått tips om at ein kan trekke papp, plast, golvbelegg ol. med stoff og legge i botnen av vesker. Noko liknande kan ein gjere med ei slik korg også, men lurt å velje noko som er lett.

Om to veker så er mange medlemmer i klubben vår samla til syhelg i vakre Vedvik. Då kan det passe å ta med litt ekstra stoff og sy ei slik korg, og er det fleire som gjer det, så er det kjekt å sjå same modellen i ulike stoff!

God sommarsying!

fredag 4. august 2017

Besøk hos Sybutikken Primula Design på Nordfjordeid!

Det vart endå eit butikkbesøk på underteikna! På Facebooksider ser vi at mange etterlyser info om kvar vi finn quiltebutikkar, men vi her i Nordfjord er visst veldig heldige. Med ca 3 mil imellom Fantasi på Sandane og Primula Design på Nordfjordeid, må vi vel kunne seie at vi bur midt i Vestlandets "Quiltemekka"!!


Sybutikken Primula Design er den vesle koselige butikken som ligg i den vakre Eidsgata på Nordfjordeid. Når ein går inn i butikken, så vert ein berre ståande og sjå. For her er det fullt med inspirasjon! Rundt om i butikken er det mange modellar innimellom flotte kolleksjonar med stoff, fint omramma av interiørartiklar (butikken er også ein interiørbutikk).


Her er det sydd ei toalettveske av dette flotte stoffet!

Eigaren Ingun har ein sykrok midt i butikken, her sit ho og syr modellar og på disken demonstrerer ho gjerne ulike teknikkar og bruk av nyttige linjalar.
Denne nye linjalen anbefaler ho sterkt, veldig fin til ma. reinskjering av blokker.





 Dei nye stoffa over her er i spreke fargar og mønster!

 Her er det rikelig med fristande stoff! Er du i tvil om fargeval, så er Ingun veldig flink til å setje saman stoff som passar til syprosjekt!!

 Ingun er ei kreativ dame, for ser ho ein idè slik som puta i sofaen under her (eit interiørblad), så designer ho lett si eiga pute. Her har ho brukt linjalen Hex n more og fått til ein modell som ser heilt lik ut!!



 Flotte blomstrande stoff over, og vakre motivstoff under. 







 Butikken har eit stort utval av mønster og bøker, så er du på jakt etter noko, så er det berre å spørje!




 I det siste har interessa for sying av kle auka stort, spesielt etter at mange no har kjøpt seg overlockmaskin. Butikken forhandlar Bernina og har fleire utstilte symaskinmodellar.
Her er også jerseystoff og mønster til kle for både liten og stor, så her får du hjelp til det meste!!
Butikken har ikkje nettbutikk, men sender gjerne i posten om det er noko du har bruk for! Butikken er også med på alle møta i klubben vår, noko som vi er utruleg glade for! For ein service ho gjev til kundane sine!! Tusen takk!

Stor takk til Ingun for at eg igjen fekk gå rundt i butikken og ta bilder!!

Sommarhelsing frå
Mariann
-leiar NLQ-

onsdag 2. august 2017

Besøk hos Fantasi på Sandane!

Eit reisebrev frå Sandane i Nordfjord!

Bloggred. er stadig på farten, men køyrer ikkje forbi ekte quiltebutikkar når dei ligg langs vegen!! Denne gongen gjekk turen på E39 og Sandane der quiltebutikken "Fantasi" ligg midt i sentrum.

Det er alltid kjekt å komme inn i ein slik butikk og komme i prat med dei som jobbar der. Vi får god service, tips og vi utvekslar litt om kva vi er opptekne av. Midt i den store butikken var det denne dagen full aktivitet ved eit stort bord og eg fekk vite at her var det full førebuing til den store Syhelga som dei arrangerer på Gloppen hotell 6.-8. oktober, påmeldingsfristen går ut om ein månad og der er truleg ledige plassar! Arrangementet har eiga facebookside, HER finn du meir info!

Då eg spurde om å få ta nokre bilder til bloggen vår, så var det heilt i orden! Veldig kjekt å få lov til å formidle til fleire at vi har gode og inspirerande quiltebutikkar på Vestlandet! Det bugna av modellar i hyller og på veggane, så nyt bilda og ta gjerne eit besøk til butikken ein gong!

Butikken har også nettbutikk, Hobbyugla der du får kjøpt ma. mønster til modellane!
























Takk for meg!

Sommarhelsing frå
Mariann
-leiar NLQ-